Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_9f6eb409a2281d80229756a70d70416d, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Har brukt nesten 70 tusen kroner på VM: – Det hjelper med litt «girl math» - NorwayToday

Har brukt nesten 70 tusen kroner på VM: – Det hjelper med litt «girl math»

2 days ago 12


Mads Haugerud (30) frå Kongsvinger har reist to gonger til USA denne sommaren for å følge det norske landslaget frå stadion. Så langt har han fått med seg kampane mot Irak og Senegal.

– Vi fekk faktisk billettar til Frankrike-kampen òg, men eg fekk så FOMO av å sjå bilde av folkefesten heime i Noreg. Eg måtte derfor reise heim for å få med meg stemninga heime i Noreg òg, fortel han.

Det tok likevel ikkje lang tid før USA kalla på nytt. Haugerud kasta seg rundt og bestilte flybillettar i det han sjølv skildrar som «ein lett eufori» etter sigeren mot Elfenbeinskysten. Dermed reiste han over Atlanteren igjen for å få med seg Brasil-kampen på stadion.

Finansrådgivar Anna Gran Berild i DNB i Ålesund har nokre råd til dei som er i USA:

  • Oljeberget og norske fans møttes på Times Square 21.30 lokal tid 03.07-2026 for å ro og hylle landslaget.

    Vegard Blodstrupmoen Lien / NRK

    1. Reiseforsikring

    Ha på plass ein reiseforsikring.

    – Ved leige av bil bør du lese deg godt opp før noko skulle oppstå. Å reise utan forsikring må du ikkje gjere. Då risikerer du dyre rekningar.

  •  Anna Berlid – Autorisert senior finansrådgiver i DNB i Ålesund

    Hans-Olav Landsverk / NRK

    2. Unngå forbrukslån

    – Det er høg rente på forbrukslån og kredittkort, som kan bli dyrt om du ikkje klarer å betale tilbake i tide. Å betale på ein VM-tur i mange år etterpå vil vere dumt for veldig mange.

    Ha ein plan før du reiser slik at du ser at du har råd til det.

    – Noko ein absolutt ikkje vil, er å kome i ein vond sirkel der ein ikkje kjem seg inn igjen og ikkje klarar dei månadlege kostnadene.

  • Norske supportere under fotballkampen i VM 2026 mellom Irak og Noreg på Boston stadion.

    Fredrik Varfjell / NTB

    3. Eigen konto og dagsbudsjett

    Ein eigen konto som du øyremerker til turen kan vere lurt for å halde oversikt. Ein kan også sette opp eit dagsbudsjett.

    – Men det dukkar ofte opp ting ein vil vere med på og det kan oppstå ulike ting på reisa, så ta høgde for det også.

Nå er Haugerud på veg til Miami for å sjå Noreg spele mot England.

– Eg trong berre eit lite push for å bli med på England-kampen, men eg er jo redd for at nokon spør meg om eg vil bli med vidare til Atlanta, for da da må eg jo bli med på det òg, seier han.

Mads Haugerud og kompisen kledd ut som ståle solbakken
Mads Haugerud og tibunen

På biletet til venstre har Haugerud og kompisen kledd seg ut som landslagstrenar Ståle Solbakken.

Privat

Brukar «girl math»

VM-eventyret byrjar likevel å merkast på lommeboka. Haugerud anslår at dei planlagde utgiftene ligg på rundt 60.000 til 70.000 kroner så langt, men vedgår at mykje av pengane går til øl.

– Eg er litt snill med meg sjølv da. Eg rundar det heller nedover, og så seier eg til meg sjølv at det var det det kosta, og så gløymer eg det lite grann, seier han.

Det hjelper å bruke litt «girl math».

Haugerud passar likevel på å ikkje bruke meir enn han har råd til.

– Eg er heldigvis singel, så eg har ikkje så veldig mange andre økonomiske... forpliktingar, seier han.

En hånd holder et fotografi av en voksen mann og et barn som griller pølser ved et bål utendørs. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

LYKKEAMULETT: Mads Haugerud hadde med eit gammalt barndomsbilde frå da han såg Noreg mot Brasil i 1998. Han er ikkje i tvil om at det hjelpte: – Det blei jo same resultat som for 28 år sidan, seier han.

Foto: Privat

Auka med 1,3 milliardar

Nordmenn bruker vanlegvis juni og feriepengane til å betale ned kredittkorta sine, men i år har det stikk motsette skjedd.

Mens gjelda i fjor minka med 900 millionar kroner i juni, har den i år auka med heile 1,3 milliardar frå mai til juni, viser ferske tal frå Gjeldsregisteret.

Nå skuldar nordmenn totalt 38 milliardar kroner i ikkje-forfallen kredittkortgjeld.

– Dette er den høgaste ikkje-forfalne «kredittkortgjelda» målt sidan Gjeldsregisteret blei lansert i 2019, skriv dagleg leiar i Gjeldsregisteret, Egil Årrestad, i ein e-post til NRK.

  • Daglig leder Egil Årrestad i Gjeldsregisteret.

    Egil Årrestad

    • Dagleg leiar i Gjeldsregisteret

Årrestad peikar på ein usikker verdssituasjon og fotball-VM som moglege årsaker til den kraftige gjeldsveksten.

– Det er også rimeleg å rekne med at nordmenn som følger landslaget i USA brukar kredittkorta oftare enn vanleg. Reiser, hotell, kampbillettar, måltid og supporter-arrangement blir gjerne betalte med kredittkort. Effekten av dette er at jo lenger Noreg går i VM, desto meir aukar «kredittkortgjelda», skriv han.

– Må ha magemål

Det er likevel mogleg å oppleve VM-eventyret i USA utan at kontoen blir fullstendig tømt, også om ein reiser som ein heil familie.

Familien Kalstad har allereie vore i USA i to veker og skal bli verande til etter finalen i fotball-VM er spelt på MetLife Stadium i New Yersey søndag neste veke.

Kostnaden på opphaldet i USA har ikkje vore for ille, ifølge Kalstad.

– Ein må ha magemål, tenke seg om og ikkje berre hoppe på det første beste og verste. Vi hadde litt på lur, og ein må vere smart. Når vi bur på hotell er det ikkje dei verste prisane, og så er vi så glade i kvarandre at vi kan bu på same rom, seier Kalstad.

Kalstad-familien lever ut VM-drømmen i USA.

Frå venstre: Tore Kalstad, Benedicte Øvrevoll Kalstad, Tobias Øvrevoll Kalstad og Stine Øvrevoll Kalstad inne på Dallas Stadium før Noreg slo Elfenbeinskysten 2–1 i 16.-delsfinalen i VM.

Foto: privat

På grunn av dyre kampbillettar valde dei å ikkje sjå kampen mot Brasil på stadion. Men dei fekk likevel med seg stemninga både før og etter kampen.

Tore Kalstad skildrar stemninga som eit galehus.

– Det var så mange nordmenn på Time Square for å ro at ein skulle tru ein var i Ålesund.

Kalstad-familien lever ut VM-drømmen i USA.

GODT REPRESENTERT: Supportertreff på Times Square i New York før kampen mot Brasil.

Foto: privat

– Minne kan ikkje kjøpast

Sjølv om det har gått med store summar denne sommaren, angrar ikkje Haugerud på at han valde å prioritere meisterskapen.

På spørsmål om kva han tenker om nordmenn som tar opp forbruksgjeld og lån for å finansiere fotballdraumen i USA, seier han:

– Eg tenker at minne ikkje kan kjøpast for pengar. Så lenge ein ikkje tar seg så mykje vatn over hovudet at kreditorane eller torpedoane startar å banke på døra, så seier eg berre: Køyr på!

Eigentleg skulle han ha sete på eit fly heim til Noreg tysdag, før han etter planen skulle fly tilbake til USA igjen torsdag. Men det orka han rett og slett ikkje.

– Det sat ingen Mats på det flyet heim i går. Eg blei verande her i USA, og nå drar eg heller rett ned til Miami, ler han.

Mads Haugerud på flyplassen

Da NRK ringde Haugerud onsdag ettermiddag er han på veg til Miami for å sjå kvartfinalen mellom Noreg og England.

Foto: Privat

Brukt mellom 20.000 og 25.000

Det er ikkje berre i USA pengane sit laust, fotballfesten kostar også for supporterane i Noreg.

Christian Hansen (34) frå Oslo anslår at han så langt har brukt mellom 20.000 og 25.000 kroner på fotball-VM. For han erstattar meisterskapen årets ordinære ferietur.

Her er Gran Berilds råd for dei som følger VM-festen her heime:

  • Folkeliv i Ålesund sentrum under og etter verdas mesterskapet i fotball under kampen mellom Brasil – Noreg. Kveldens kamp er 8.- delfinalen i VM som blir spilt i USA, Canada og Mexico og kampen blir spilt i New Jersey. Noreg vant kampen 2–1 og det blei ville feiringer i Ålesund.

    Frederik Winness Ringnes / NRK

    1. Kos deg

    – Først og fremst tenker eg at vi må kose oss. Det er kanskje ein gong i livet vi får oppleve noko som dette.

    Men å ta del i VM-festen treng ikkje nødvendigvis å koste så mykje pengar.

    – Enten du ser kampen på eit arrangement, ute eller heime i stua så bør du passe på slik at du slepp å betale ned på kreditt og dyre forbrukslån.

  • Fotballdrakt redigert Torshov

    Peder Martin Bergholt / NRK

    2. Vær obs på svindel

    Ved store hendingar med stor etterspurnad auker risikoen for svindel. Med høg etterspurnad på alt frå billetter til landslagsdrakter er det fleire som prøver å utnytte situasjonen.

    – Om du mistenker at du er utsett for svindel, ta kontakt med banken din. Spesielt ved kjøp frå privatpersonar skal du vere obs før du overfører pengar. Gjer kjøp gjennom trygge plattformer.

  • Det blei rodd i Ålesund sentrum også.

    Frederik Winness Ringnes / NRK

    3. Minner blir skapt med familie og venner

    Ver open med dei næraste om kva du har råd til å vere med på eller ikkje, og om du har det tøft økonomisk.

    – Det treng ikkje nødvendigvis å vere slik at det er den dyraste løysinga som er den beste. Minne blir skapte med familie og vener, uavhengig av kvar du er. Gratis alternativ for å sjå kampen kan vere like fint som å betale for bord til fleire tusen kroner.

– Eg har ikkje brukt meir enn eg har. Eg har brukt feriepengane, så det blir VM i staden for ferie i år, seier Hansen, som til dagleg jobbar på Coop og som instruktør på Sats.

En mann tar bilde av seg selv i speilet. Han har på en heklet bøttehatt i rødt og blått.

TRENDY: Christian Hansen betalte 2000 kroner for denne heimehekla bøttehatten.

Foto: Privat

Han har førebels vore på Ullevaal stadion under alle kampane, med unntak av Noregs oppgjer mot Senegal.

– Det har vore fantastisk og er absolutt verd det, fortel han.

Hansen har ikkje sett noko øvre tak for pengebruken framover, men ser ikkje bort frå at sluttsummen for VM-eventyret kan ende på rundt 30.000 til 40.000 kroner.

Publisert 10.07.2026, kl. 11.40

Read Entire Article