Den nye filmatiseringa av Knut Hamsun-klassikaren Markens Grøde set regionale spenningar i spel.
Når filminnspelinga begynner neste veke, er hovudpersonen Isak Sellanraa plassert inst i Sognefjorden.
Nærare bestemt på Ormeli gard i Luster.
Det pirkar borti djupe spørsmål om identitet og eigarskap, like inn på Stortinget.
Tidlegare fiskeriminister og nordlending Bjørnar Skjæran (Ap) meiner regissør Hans Petter Moland har tatt på seg eit umogleg oppdrag.
Han konstaterer at fleire av dei indiske scenene i Mission Impossible-filmane er spelt inn på Vestlandet, men at kunsten å framstille det nordnorske ljoset er i ein eigen kategori.
– Det er nok dessverre mission impossible, seier han.
– Men kanskje ein filmskapar av Moland sitt kaliber kan klare det.
Både Landstrykere (bilete) og den første filmversjonen av Markens grøde (1921) blei spelt inn i Nordland. Den nye utgåva av Markens grøde blir spelt inn på Vestlandet.
Foto: Rolf Håan– Luster er vakkert, men manglar midnattssola
Hamsun-romanen inneheld få «geodata» utover ein referanse til at Isak Sellanraa bryt ny mark «ein dagsmarsj» frå svenskegrensa, og like langt unna kysten.
Tradisjonelt har derfor miljøskildringane blitt kopla til den smalaste landsdelen, og filmskaparane sa at Hamarøy (der Hamsun vaks opp) ville vere «den finaste løysinga» da dei første gong presenterte planane.
Stortingsrepresentant for Nordland, Siv Mossleth (Sp), meiner det ikkje gir meining å nappe Isak Sellanraa ut av sitt «naturlege habitat».
– Luster er ein vakker stad, men manglar midnattssola og lyset som finst nord for polarsirkelen, seier ho.
– Filmteamet har lett i fleire år etter ein stad som kunne bere Sellanraa på film. Å finne ein rett stad har vore heilt avgjerande for å kunne fortelje historia, seier regissør Hans Petter Moland (i midten). Isak og Inger blir spelt av Herbert Nordrum og Asta August.
Foto: Synne Rødø / Handout / NTB– Den nære samanhengen mellom stad og sinn vil mangle
Lisbeth Pettersen Wærp er professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Tromsø.
Til liks med stortingsbenken til Nordland meiner ho at rekontekstualiseringa av det litterære landskapet kjem til ein for høg pris:
– Romanpersonane blir påverka av mørketida: Isak og Inger blir mørke til sinns og religiøse i mørketida, og kåte under midnattssola.
– Denne veldig spesielle, nære samanhengen mellom stad og sinn vil mangle i filmen.
Sjå fleire reaksjonar på at Vestlandet «stakk av» med filmatiseringa under.
Alvhild Dvergsdal, konstituert direktør for Hamsunsenteret
Nobelkomiteen rosa boka for dets universelle landskap og ein intensjon hos Hamsun var å inspirere nordmenn til å rydde eigne gardar uavhengig av kor dei budde, så eg trur ikkje han snur seg i grava. Innspeling i Nordland hadde vore artig, men det kan vere bra med eit visuelt nytt Sellanraa, så blir vi frigjorde frå eigne lesinger og kan sjå klarare det som denne filmen vil løfte fram.
Eivind Holst (H), fylkesordførar i Nordland
Dette skaper ambivalente kjensler hos meg som nordlending. Stoltheit over at ein må til eit av Vestlandets absolutt vakraste stader for å kunne filmatisere handlinga i boka, men også litt irritasjon og misunning over at handlinga blir røska ut av det naturlege landskapet sitt.
Siv Mossleth (Sp), stortingsrepresentant for Nordland
Eg er spent på om det blir med nokre myrlandskap. Det vil vise om regissøren har forstått karakteren til naturen i kunsten. Eg er også spent på korleis det nedlatande synet på samane kjem fram, og om stadsvalet har noka betydning for dette dilemmaet. Eg kjem på kinoen, med popkorn, så klart.
William Jobling / NRK
Erling Sande (Sp), stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane
Isak og Inger Sellanraa sin kamp for tilværet vil passe godt inn på Ormeli gard, som ligg berre ein «kort» tur over fjellet frå Lom der Hamsun vaks opp. Vidare vil filmen kanskje vere ein påminning av kva «slit» som kan ramme landbruket om Framstegspartiet og Høgre kjem til makta etter haustens val.
Andreas Wollnick Wiese (Sp), ordførar i Luster
Hadde du spurt meg for 20 år sidan, da eg budde i Finnmark med nyvunne nordnorsk patriotisme i blodet, så ville svaret vore lett: Nei, dette går ikkje. Men nå som eg er naturalisert lustring, så er svaret sjølvsagt at dette kan fungere svært bra.
Ståle Dingstad, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo
Eg ville lagt handlinga til gamle Larvik by, der Hamsun både skreiv på manuset og fann modellar for karakterane sine. Da ville fokuset vore på andre del av romanen. Særleg morosam er denne delen ikkje, men ganske sikkert original!
Alfred Bjørlo, Venstre
Eg synst dette passar som hand i hanske! Markens Grøde handlar om det evig allmenne i å skape noko frå grunnen av, om å få ny jord å slå rot i. Ei slik historie fortener å få «ny jord» også på filmlerretet. Og kva er då meir naturleg enn Vestlandet?
Henning Howlid Wærp, professor i nordisk litteratur, UiT – Noregs arktiske universitet
Det er først og fremst fantastisk med ein ny film basert på Markens grøde, uansett innspelingsstad. Isak kan bu kvar som helst. Det viktigaste er at manusforfattar og regissør skaper sitt eige verk, og ikkje berre bildelegger romanen. Med den eminente Hans Petter Moland i registolen kan filmen for min del gjerne skytast i Sahara.
Eirik Vassenden, professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen
Det kanskje nokre puristar som vil reagere på at Nordland ikkje er i Nordland, men Hamsun sjølv laga jo landskapa sine litt herfrå og derfrå – ut frå kva forteljinga kravde og kva fantasien kunne få til.
Lisbeth Pettersen Wærp, professor i nordisk litteraturvitskap ved Det humanistiske fakultet, UiT
Skjoldbjærg flytta hovudhandlinga i sin Ibsenfilm Ein folkefiende frå Sørlandet til Sogn og Fjordane, og nå flyttar Moland handlinga i Markens grøde frå Nordland til same område. Er det berre økonomi som styrer valet, eller har det også noko med natur og landskap å gjere? At den vestlandske naturen har høgare fjell og djupare fjordar og sterkare turistappell enn Hamarøy?
– Isak Sellanraa er vestlending i sjela
Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo, meiner at historia om Isak Sellanraa om noko passar betre på Vestlandet.
– Her er det meir regn, meir stein, brattare bakkar og færre kvilepausar. Her må du vere både tolmodig og sta for å rydde ei flate og byggje eit liv, seier Venstre-representanten.
Han legg til:
– Eg skjønar at nokon i Nordland vil felle ei tåre, men ærleg talt: Dei har Bodø/Glimt. Dei har Marcus & Martinus.
– La Vestlandet få overta Isak Sellanraa. Han er vestlending i sjela.
Tradisjonelt har miljøskildringane av midnattssol, mørketid og reindriftssamar i Markens Grøde blitt kopla til Nordland. Men den nye filmen blir spelt inn på Vestlandet.
Foto: NasjonalbiblioteketPublisert 07.06.2025, kl. 16.59