«Generasjon-Z» bruker humor for å takle det alvorlege verdsbiletet

10 hours ago 5


– Hahahaha!

Jentene Charlotte Smith Olsen (22), Josefine Strømkvist (23) og Embla Blindheim (20) ler i kor då NRK viser nokre av mema som florerer på sosiale medium.

– Ja, eg har sett slike memes før. Dei dukkar opp no og då på «for you»-sida mi, seier Charlotte.

Charlotte Smith Olsen, Josefine Strømkvist og Embla Blindheim ser på memes på telefonen, sjokkerte.

Jentene Charlotte Smith Olsen, Josefine Strømkvist og Embla Blindheim ler av memes.

Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Mema som florerer handlar i stor del om det som skjer i verdsbildet. Unge lagar humoristiske videoar og bilde om blant anna Ukraina-krigen, konflikten i Midtausten og president Donald Trump.

Emneknaggen ww3, som står for tredje verdskrigen, har trenda på TikTok i Noreg den siste månaden. Då USA mellom anna bomba Iran for to veker sidan, kunne ein sjå memes om korleis «generasjon-z» førebur seg til tredje verdskrigen.

Humoristiske videoar om antrekksidear og forslag til musikk som passar når ein køyrer stridsvogn på sosiale medium, er måten dei unge engasjerer seg på, meiner fleire ekspertar.

Galgenhumor

John Magnus Ragnhildson Dahl forskar på unge på sosiale medium ved Københavns Universitet. Han fortel at det har blitt endå vanlegare å sjå denne typen humor etter kvart som det har kome sosiale medium som TikTok, der det er lett å lage memes.

Men kvifor lagar «generasjon-z» morosame videoar og bilde av krig og konflikt?

Dahl seier dette har blitt «generasjon-z» sin måte å handtere det vanskelege verdsbildet.

– Ein del ungdomar og unge vaksne er framande for tradisjonelle nyheiter og vanleg politisk debatt. Dei føretrekkjer å gjere det på denne måten.

John Magnus Timothy Dahl

Forskar John Magnus Ragnhildson Dahl trur at galgenhumor er måten dei unge engasjerer seg på.

Foto: Benjamin René Dyrdal / NRK

Jentegjengen er einig med Dahl.

– Vår generasjon har ikkje vore borti så store ting som ein potensiell tredje verdskrig. Vi veit ikkje korleis vi skal forhalde oss til det, så vi handterer det med humor, seier Charlotte.

  • Ein ung mann gir antrekksidear til tredje verdskrigen.

  • Her er eit anna døme på dei videoane som har florert den siste tida.

  • Rakettar på himmelen med ein ironisk tekst.

  • Ein meme der Will Ferrell dansar på ein stridsvogn.

Skapar engasjement og samhald

Galgenhumor på sosiale medium er ikkje berre til for å handtere dei vanskelege tinga som skjer i verda. Det er også slik dei unge viser engasjement.

Ein studie frå University of Cambridge om memes frå Ukraina-krigen viser at denne typen humor hjelper med å halde motet oppe og er ein måte folk viser motstand.

– Humor i sosiale medium er derfor også ei form for politisk aktivisme, seier Petter Bae Brandzæg, professor i medieinnovasjon ved Universitetet i Oslo.

Professor Petter Bae Brandtzæg på toppen av et fjell.

Professor Petter Bae Brandtzæg meiner at denne humoren er ei form for politisk aktivisme.

Foto: Privat / NRK

I tillegg til at det skaper engasjement, trur Brandzæg og Dahl at memene skaper ein slags fellesskap og gjer at fleire unge får med seg nyheiter.

Vanskeleg for eldre å forstå

Men det å bruke galgenhumor eller svart humor for å handtere krig og kriser er ikkje noko unikt for «generasjon Z», seier Petter Bae Brandzæg.

– Det er ein grunnleggjande forsvarsmekanisme. Svart humor i krise og krig er noko vi menneske har brukt til alle tider.

Erlend Hovdhaugen (25) trur likevel at det hadde vore vanskeleg for dei eldre generasjonane å forstå memene som florerer på sosiale medium.

– Hadde eg vist dette til mamma og pappa, hadde dei aldri skjønt det. Eg har prøvd å vise dei slik humor før, men dei forstår det ikkje. Det passar nok best for «generasjon Z».

 Erlend Hovdhaugen smiler til kamera.

Erlend Hovdhaugen trur ikkje at mamma og pappa hadde skjønt humoren i memene som florerer.

Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Sjølv synest han mange av videoane er morosame, men at nokre av dei kan bli litt for drøye.

Marianne Lindgren Berntsen (28) og Marthe Bortheim (24) trur mange av mema kan verke som ei bagatellisering, men at det eigentleg er ein fin måte å opplyse om det som skjer i verda.

Marianne Lindgren Berntsen og Marthe Bortheim ser i kamera og smiler.

Marianne Lindgren Berntsen og Marthe Bortheim trur at memene er ein fin måte å opplyse om det som skjer i verda.

Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

John Magnus Ragnhildson Dahl ser lite negativt med mema som florerer på sosiale medium.

– Det var mykje humor og vitsar i Noreg under andre verdskrigen. Dette er stort sett det same, berre i ny teknologisk innpakning og med andre referansar.

Publisert 05.07.2025, kl. 20.51

Read Entire Article