Fylket fekk elevsjokk – må skaffe 24 nye lærarar ein månad før skulestart

4 hours ago 2


Denne veka sto over 800 elevar utan skuleplass i Vestland.

Det kom nemleg mange fleire søkarar enn det fylkeskommunen hadde rekna med. Alle har rett på eit tilbod innan skulestart.

For å få plass til alle elevane vedtok politikarane i dag å opprette opptil 18 nye klassar.

Ein månad før skulestart må fylkeskommunen også finne 24 lærarar til klassane, ifølge eit anslag frå opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal.

– Det blir ikkje enkelt, seier Sabine Exner i Utdanningsforbundet i Vestland.

Kan gå utover tryggleiken

Opplæringsdirektøren har no ansvar for å finne både ledige klasserom og mange fleire lærarar før skulestart i august.

Leiar i hovudutval for opplæring og kompetanse, Åsmund Berthelsen, seier det er størst behov for nye klassar i Bergen. Det er spesielt behov for fleire yrkesfaglege plassar.

– Vi har alltid lærarar som søker, spesielt i Stor-Bergen, så vi trur at det skal ordne seg, seier Lyngedal.

Bjørn Lyngedal

No er det opp til administrasjonen i fylkeskommunen å finne 24 nye lærarar til skulestart.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Det blir kanskje ikkje så lett som han trur. I år er det rekordmange som har søkt seg til yrkesfag. I Stor-Bergen aleine er det over 150 elevar på yrkesfag som endå ikkje har fått plass.

Samstundes er det stor mangel på lærarar til desse faga, og særleg til dei tunge yrkesfaga som TIF og elektro.

Lyngedal innrømmer at det kan bli krevjande å skaffe nok faglærte.

Må utvide klassane

Utdanningsforbundet i Vestland er bekymra for at det auka behovet for elevplassar og lærarar vil gå utover tryggleiken på yrkesfaga.

– Det er ikkje berre berre når det er for mange elevar i forhold til utstyret og maskinene. Den delen likar vi ikkje så godt, seier Sabine Exner.

Fylkeskommunen har nemleg brukt opp eit viktig verktøy for å sikre nok plassar.

I tillegg til dei nye klassane dei no må opprette, har dei har allereie lagt til ekstra elevar i dei eksisterande klassane.

Det er eit grep som vanlegvis blir brukt når det nærmar seg skulestart, fordi det ofte ikkje er alle som møter opp.

– Dersom ingen fell ifrå blir det mange elevar, og vi vil åtvare mot at det til dels kan vere pedagogisk uansvarleg, seier Exner.

På Rubbestadneset vidaregåande skule på Bømlo leiger Vestland fylkeskommune plass i nytt bygg saman med fleire firma. Det gjev gode synergiar. Her i klasse for mekaniske fag.

Stadig fleire unge søker seg til yrkesfag, men det er vanskeleg å finne nok lærarar.

Foto: Olav Røli / NRK

Kunne vore unngått

Utdanningsforbundet i Vestland er letta for at fylkeskommunen no gjer tiltak for å sikre alle elevane den utdanninga dei har krav på. Dei er likevel kritiske til korleis fylkeskommunen handterte situasjonen.

Tidlegare i juli pausa fylkeskommunen inntaket på fleire klassar som følge av dei uventa søkartala. Desse vert no sett i gang igjen, men uvissen det førte med seg skapte veldig mykje uro, meiner Exner.

I vedtaket frå politikarane står det at «å pause inntak på denne måten var særs uheldig og skapte uro for både elevar og tilsette».

– Det er ein praksis ein ikkje bør ha, seier Berthelsen.

Utdanningsforbundet i Vestland meiner at heile situasjonen kunne vore unngått dersom ein hadde tatt høgde for den nye opplæringslova som kom i fjor.

– Eg synest det er veldig bra at opplæringsdirektøren la seg flat. Han har skjønt at ein burde ha tatt større høgde for dei større elevtala.

Publisert 17.07.2025, kl. 19.37

Read Entire Article