Full stopp i tog­trafikken på Bergensbanen – fundament på bru har rasa ut

1 day ago 7


Det var natt til onsdag at all togtrafikk vart innstilt mellom Evanger og Dale på Bergensbanen.

Stenginga råkar all togtrafikk på Bergensbanen.

Mellom anna er toget som skulle gått frå Bergen til Oslo S klokka 06.21 innstilt.

Dessutan måtte nattoget frå Oslo S, som skulle ha vore i Bergen onsdag morgon, stoppa på Voss.

– Det er beklageleg at dette skjer, seier kommunikasjonssjef Åge-Christoffer Lundeby i Vy.

Han seier dei jobbar med å skaffa nok bussar, men at dei reisande må belaga seg på at reisa vil ta tid.

– Me oppdaterer appen vår så fort me har meir informasjon, seier han.

Vil ta tid å ordna

Årsaka til stenginga er at fundamentet på ei jernbanebru mellom Dale og Evanger har sklidd ut.

Brua går over Kvedhuselva, om lag 200 meter aust for Bolstad stasjon.

– Me har mannskap ute no. Der undersøkjer me no ei bru. Innan klokka 10 i føremiddag har me ei avklaring på det arbeidet som må gjerast, seier pressevakt i Bane Nor, Mari Aanensen Rjaanes til NRK rundt klokka 07.00.

Bru ved Bolstad stasjon

Brua går over Kvedhuselva, om lag 200 meter frå Bolstad stasjon.

Foto: Bjarne Bolstad / NRK

Ho seier det er for tidleg å svara på kva tid det kan gå tog over brua igjen.

– Reisande må ta kontakt med togselskapet sitt, seier ho.

Tipsa lokalavisa

Det var Bjarne Bolstad som oppdaga og tok bilete av skadane.

– Eg tipsa Avisa Hordaland om skadane. Eg har ikkje hatt kontakt med Bane Nor, seier Bolstad til NRK.

Han tippar at brua må ha vore slik ei stund, og at skadane må ha skjedd under ekstremvêret «Jakob» i fjor haust.

– Det er store steinar som har sklidd ut. Så det må ha vore krefter i sving, seier han.

Bru over Kvedhuselva, Bolstad.

Bjarne Bolstad, som tok dette biletet, veit ikkje kva tid skadane på brua oppstod. Men meiner dette kan ha skjedd allereie før jul i fjor.

Foto: Bjarne Bolstad

Publisert 11.06.2025, kl. 07.49 Oppdatert 11.06.2025, kl. 08.12

Read Entire Article