– Framtidshåp kan handle om natur like mykje som arbeidsplassar

15 hours ago 6


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.

Når arbeidsplassar blir sette opp mot naturvern, kan lokalsamfunn bli splitta. Men nokre argument har vanskelegare for å bli høyrde.

Kva er viktigast – Fisket i fjorden? Samisk reindrift? Kobbar til vindmøller og elbilar? Å hindre fråflytting, eller å ha nok pengar i kommunekassa til å halde skular og sjukeheim ved like? Bildet er frå Repparfjorden. (Foto: Helene Lind Jensen)

Kva skjer når ei bygd som er truga av fråflytting må velje mellom fjorden sin og nye jobbar? Det har Hildegunn Mellesmo Aslaksen undersøkt i Kvalsund i Finnmark. Der har debatten om gruveavfall i Repparfjorden vart i tjue år.

Ho finn at frontane kan bli så harde at folk sluttar å helse på kvarandre.

– Folk som har kjempa hardt imot gruva fortel at dei ikkje lenger blir inviterte med på samankomstar. Dei kjenner seg forlatne i ei bygd som nærast ikkje lenger vil ha dei. Andre unnlèt å snakke om saka for å unngå konflikt og usemje, sjølv om det er ei sak som påverkar dei, seier Aslaksen.

I fire år har ho følgt striden om Nussir-gruva i Kvalsund i arbeidet med doktorgrada si ved Universitetet i Agder.

150 jobbar eller rein fjord

Kvalsund har mista halvparten av innbyggjarane sidan 1970-åra. Mange ønskjer seg liv og røre tilbake i lokalsamfunnet.

Hildegunn Mellesmo Aslaksen har tatt doktograd på konfliktar mellom utvikling og naturvern. (Foto: UiA)

Gruveselskapet lovar bygda 150 arbeidsplassar. Men dei får også lov til å dumpe 30 millionar tonn gruveavfall i Repparfjorden. Gruva berører også samiske beiteområde for rein.

Slike saker set lokalbefolkninga i et dilemma der dei må ta stilling til kva som skaper ei god framtid for bygda. For kva er viktigast? Fisket i fjorden? Samisk reindrift? Kopar til vindmøller og elbilar? Å hindre fråflytting, eller å ha nok pengar i kommunekassa til å halde skular og sjukeheim ved like?

– Ein av dei eg snakka med, fortalde meg at han vil at sonen skal ha ein jobb i bygda når han veks opp. Sjukeheimen må pussast opp. Folk saknar tida då det var liv i bygda, seier Aslaksen.

Men ikkje alle er villige til å ofre fjorden. Nokon fryktar at fisken ikkje vil vere etandes lenger. Andre er redde for at det ikkje blir meir fisk igjen.

– Fjorden slit allereie. Skal vi drepe resten av livet som finst der? spør dei som er imot. For dei er livskvalitet og framtidshåp tett knytt til naturen. Gruveprosjektet vert ei trugsel ikkje berre mot naturen, men mot verdifulle relasjonar og måtar å vere i verda på, seier Aslaksen.

Kjensler får ikkje plass

Aslaksen fann, kanskje ikkje overraskande, at folk har sterke kjensler for staden der dei bur. Men desse kjenslene kjem ikkje fram i avisene.

– Den offentlege debatten handlar om fakta og tal. At du er glad i å fiske eller gå tur, får ikkje plass. Det blir sett på som ubetydeleg, seier ho.

Ho bruker omgrepet «økosorg» om fortvilinga mange kjenner. Dei er redde for å miste noko dei er glade i. Men dei seier det sjeldan høgt.

– I slike saker får såkalla rasjonelle argumenter forrang i debatten. Meiningsfulle relasjonar, uro og tvil vert undertrykt. Dette inneber at viktige sider av konflikten mellom arbeidsplassar og naturomsyn ikkje kjem til uttrykk.

Samisk konflikt

Saka har også skapt ein sår debatt om kva som er samisk kultur og kven som kan kalle seg same.

Ordføraren i Kvalsund, som har kalla seg kystsame, støtter gruva sjølv om den rammar reindrifta. Han har fått hard kritikk for «å dra den samiske identiteten ut av hatten» for å forsvare prosjektet, fortel Aslaksen.

– Politikken med fornorsking har gjort dette området veldig sårbart. Diskusjonen om kven som får snakke for samane, svir, seier Aslaksen.

Medan gruvetilhengjarane snakkar om arbeidsplassar for dei neste 20-30 åra, tenkjer reindriftssamane mange generasjonar fram i tid. Mister dei beiteområdet no, er det tapt for alltid.

– Men dei lokale reineigarane sine synspunkt var knapt synlege i lokalavisa medan debatten gjekk. Perspektiva deira kom ikkje fram, og misoppfatningar og mistru fekk bre seg i bygda, seier forskaren.

Ulike syn på utvikling

Aslaksen meiner vi må tenkje nytt om kva utvikling betyr.

– Det eksisterer en djupt festa logikk som seier at nye arbeidsplassar skapar vekst og utvikling. At nye arbeidsplassar er grunnleggjande bra. Men er det slik? Blir Kvalsund ein betre stad å bu med gruva? Blir staden betre om folketalet aukar? Den diskusjonen får vi ikkje, seier ho.

Ho peikar på at trivsel og utvikling handlar om meir enn jobbar. For nokon betyr det like mykje å ha ein frisk fjord.

– Framtidshåp kan handle om natur like mykje som arbeidsplassar. Begge delar er viktige.

Rammer heile Noreg

Liknande konfliktar finst over heile landet. Stadig fleire naturområde går tapt til industri og nye arbeidsplassar.

Aslaksen meiner lokalpolitikarar står i ei klemme. Plutseleg får dei ei stor bedrift i fanget som lovar jobbar og pengar kommunen kan bruke til å pusse opp skule og eldreheimar.

– Alle er entusiastiske. Då er det vanskeleg å vere den som seier vent no litt. Det er lett å kjenne på at det hastar.

Ho ønskjer meir ærlege samtalar om kva vi vil med stadene våre.

– Vi må tore å snakke om kva vi bryr oss om. Ikkje berre gøyme oss bak fakta og tal, seier ho.

Referanse:

Hildegunn Mellesmo Aslaksen: The Jobs-Environment Dilemma: Fights Over Work and Nature in an Arctic CommunityDoktorgradsavhandling ved Universitetet i Agder, 2025. 

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article