Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_f9a1845f193b54cd50563ee7a0ab9bb0, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Forsiktige optimistar om Trump-toll – Noreg kan ha ein fordel - NorwayToday

Forsiktige optimistar om Trump-toll – Noreg kan ha ein fordel

7 hours ago 2


USAs president Donald Trump si 90 dagar tollpause er snart over.

Innan 9. juli ventar fleire land svar på om forhandlingar har ført fram eller om dei vil få auka toll.

Norske varer risikerer å gå frå ein toll på 10 til 15 prosent, skal ein tru Trump sine originale planar.

Samtalane mellom Noreg og USA er i full sving, og håpet er å unngå dette tollhoppet.

Donald Trump snakker inn i en mikrofon

2. april kunngjorde president Donald Trump heftige tollsatsar som tok heile verdsmarknaden på senga. Berre dagar seinare sette han dei høgaste satsane på pause i 90 dagar.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP / NTB

– Sit på gjerdet

– Vi sit på gjerdet, pustar med magen, er forsiktige optimistar og håper på ei løysing, seier Marius Torjusen.

Han er sals- og marknadssjef i Fredrikstad-bedrifta Sleipner, som lagar thrusterar og stabiliseringssystem til yachtar, hurtigbåtar og redningsfartøy.

en mann som står på et lager

Sjølv om det er stor spenning knytt til eit norsk tollhopp, så er Marius Torjusen meir uroa for korleis EU og USA landar i sine forhandlingar.

Foto: Helge Tvedten / NRK

20 prosent av alt Sleipner lagar blir selt direkte til USA. I februar hadde dei allereie lagt tre månaders etterspørsel på lager i USA.

– Vi har halde leveransane til USA oppe jamt og trutt. Vi har framleis varer på lager, og har tid til å områ oss om noko skulle skje, seier Torjusen.

Dette må du vite om toll

  • Hva er toll?

    Toll er en avgift staten legger på varer som kommer inn i landet.

    Norge krever for eksempel toll på ost som importeres fra utlandet. Det gjør at ost fra utlandet koster mer her hjemme, sammenlignet med ost fra norske produsenter.

    Kilde: Regjeringen/Store norske leksikon

  • Hvordan fungerer det?

    Det er bedriften eller personen som importerer varen som betaler tollen. Det skjer når varen passerer grensen.

    Inntektene fra tollen går til landet som har ilagt den.

    Siden det da koster mer å selge en vare, kan en bedrift sette opp prisen på produktet for å dekke inn kostnaden av tollen.

    Slik kan kostnaden av toll gå ut over forbrukerne.

  • Hva er formålet?

    Spesielt to argumenter for toll trekkes frem:

    1. Styrking av et lands egne bedrifter mot konkurranse fra utlandet
    2. Inntekter til staten

    Toll gjør at utenlandske varer blir dyrere for forbrukere i landet de importeres til. Ved å gjøre disse varene dyrere, kan staten håpe at folk heller vil kjøpe lokale produkter.

    Noen mener dermed at toll på importerte varer kan beskytte et lands egne bedrifter mot konkurranse fra utlandet.

    Og siden toll i praksis gir staten ekstra kroner for en vare som sendes over grensen, mener noen at dette vil gi staten mer inntekter.

    Donald Trump trekker også frem et tredje argument: nemlig å bruke toll som et forhandlingskort eller pressmiddel.

  • Hva har Trump gjort?

    Donald Trump har sagt at han er en stor tilhenger av toll.

    Den amerikanske presidenten er imot frihandel. Frihandel betyr at varer kan eksporteres uten toll, på tvers av landegrenser.

    USA innfører nå en minimumstoll på 10 prosent mot alle land.

    På toppen av det vil ulike land få enda mer toll, avhengig av hva de eksporterer og hvor mye de eksporterer til USA.

    Regjeringen anslår at alle norske varer som sendes til USA får en toll på 15 prosent.

  • Hvilke konsekvenser får dette for Norge?

    Folk og bedrifter i Norge vil rammes av USAs nye tollsatser:

    Norge eksporterer varer verdt over 60 milliarder kroner til USA årlig. Disse varene blir nå dyrere i USA.

    1. Norske bedrifter kan dermed miste kunder
    2. Hvis Norge svarer med toll mot USA, kan utenlandske varer bli dyrere her hjemme
    3. Høyere priser kan føre til høyere inflasjon

    Norske varer som sendes til EU, Kina eller andre land kan også bli rammet. Det skjer fordi USA krever økt toll fra flere land.

    Norske bedrifter kan dermed bli nødt til å kutte arbeidsplasser.

    Hvis inflasjonen i Norge fortsetter å være høy, vil Norges bank trolig ikke sette ned renta.

Så langt er det Sleipner sin distributør i USA som har tatt kostnadsstøyten for tollen på 10 prosent. Men i det lange løp er det kundane i USA som vil sitte med rekninga, ifølgje Torjusen.

Fleire unntak

Norske varer blir enn så lenge trefte av grunntollen på 10 prosent. Men mange varer, faktisk fleire av dei viktigaste eksportprodukta til USA, er unnatekne frå toll inntil vidare.

  • Donald Trump i dress og slips

    AP

    Difor innfører Trump toll

    Donald Trump meiner høg toll vil tvinge selskap til å flytte produksjon til USA, skape arbeidsplassar, men også beskytte arbeidsplassane som allereie er der mot «billigare» konkurranse.

  • tekst, brev

    Nathan Howard / Reuters / NTB

    Inntekter til statskassa

    USA har i lang tid kjøpt meir frå resten av verda enn dei har selt eller spart. Difor har dei fått store handelsunderskot og ei enorm statsgjeld. Med toll ønskjer Trump å få inntekter til statskassa. Samstundes jobbar han no hardt for å få Kongressen med på å bruke store summar i statsbudsjettet, som ligg an til å auke statsgjelda med 5000 milliardar ekstra dollar.

  • Donald Trump, Keir Starmer håndhilser

    JIM WATSON / AFP / NTB

    Dette er tollstatus no

    Bilar og bildelar har toll på 25 prosent, medan stål og aluminium har toll på 50 prosent. Alle andre varer har grunntoll på 10 prosent, og mange land ventar no på om dei får ein gjengjeldelsestoll på toppen. Kina og USA har landa ein førebels avtale, og kinesiske varer blir no pålagt ein toll på 30 prosent. Også Storbritannia har inngått ein avtale om redusert toll på bilar, stål og aluminium.

  • Ursula von der Leyen et al. sitter i stoler foran flagg

    Evan Vucci / AP / NTB

    Fleire forhandlar

    Blant anna Japan, Canada, Mexico og EU forhandlar no med Trump-administrasjonen. Ifølgje Bloomberg er EU opne for å godta ein generell tollsats på 10 prosent, mot at USA senkar tollsatsane på legemiddel, alkohol, halvleiarar og passasjerfly, stål og aluminium.

  • Et nærbilde av Donald Trump

    AFP

    Er tollsatsane ulovlege?

    Dei fleste tollane som er innførte og gjengjeldelsestollane alle no ventar avklaring på, har USAs føderale handelsdomstol sagt er ulovlege. Domstolen meiner Trump har gått utover sine fullmakter ved å innføre dei. Trump har anka avgjerda, og inntil den er behandla er tollane aktive.

Det gjeld både raffinerte oljeprodukt, råolje og flytande naturgass. Men også viktige mineral og legemiddel som røntgenkontrastvæske.

Difor er det «berre» kring 60 prosent av norsk eksport som blir råka av Trump-tollen, ifølgje berekningar NHO har gjort.

I dette er det sjømat og ulike maskiner og utstyr som dominerer.

Den største frykta

I ein annan ende av landet sit Stein Kjartan Vik, som er sjef i industribedrifta Storvik i Sunndal, og følgjer situasjonen tett.

En gruppe mennesker med hjelmer

Stein Kjartan Vik håper på ei langvarig avklaring, slik at det blir lettare for Storvik å ta avgjerder og planlegge for framtida.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Storvik produserer blant anna maskiner i støypeprosessen for å lage karosseri til bilar. Akkurat no er ei slik maskin i ferd med å bli installert hos ein stor amerikansk elbilprodusent i Texas.

– Det er ei utruleg uoversiktleg tid, og vi merkar at det påverkar både salsprosessar og investeringsavgjerder, seier Vik.

Varene Storvik leverer blir ikkje produserte i USA, så amerikanarane er tvungne til å handle med andre land.

Sidan varer frå alle land så langt blir lasta med ein toll på 10 prosent (kinesiske varer har ein høgare tollsats), så har konkurransen halde seg lik, ifølgje Vik.

Difor er den største frykta at Noreg skal bli utsett for ein høgare toll enn mange andre land.

– Om ikkje ein av våre sterke konkurrentar får 0 prosent i toll, vil ein tollauke frå 10 til 15 prosent ha marginal påverknad på oss, seier Vik.

Førebur seg på 15 prosent

Både Storvik og Sleipner har sett sin lit til at norske styresmakter får til ein god avtale med Trump.

en kvinne med brunt hår

Næringsminister Cecilie Myrseth seier tollspørsmålet står høgast på agendaen til regjeringa om dagen.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Vi må førebu oss på at det kan bli 15 prosent toll. Vi har dialog med amerikanarane på fleire nivå, men eg vil vere forsiktig med å spekulere i kva som skjer neste veke, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Regjeringa ser det som ein stor fordel at statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Jens Stoltenberg møtte Trump i april.

Den gode tonen i møtet kan vere avgjerande for Noreg i denne samanhengen, då Trump sjølv verkar å ha ei hand på rattet i dei fleste avgjerder.

Støre og Trump utveksla kompliment då dei møttest i Det kvite hus.

Vinnar eller tapar

Ein kan både bli vinnar og tapar i dette spelet, seier sjefen i industribedrifta Storvik.

– Dagen etter Trump annonserte 145 prosent toll på kinesiske varer, snudde amerikanarane lynraskt og kom til oss og spurte om vi hadde tilsvarande produkt produserte i Europa. Det var klondyke-stemning her, seier Vik.

en person som står ved siden av en utstilling av dekk

Storvik lagar også tapperøyr til aluminiumsindustrien både her heime eller i USA.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

To store avtalar låg i potten, og ville ha auka omsetnaden til Storvik med 20 millionar kroner.

– Men då Trump sette Kina-tollen på pause, gjekk kundane rett tilbake til kinesiske leverandørar, seier Vik.

Store endringar

Også Fredrikstad-bedrifta har fått kjenne på kreftene Trump har sett i sving i verdshandelen.

Som eit svar på Trump-tollen svarte nemleg Kina med å bremse eksport av viktige magnetar, som også Sleipner har brukt i sine produkt.

– Heldigvis kjøper vi utruleg lite av dette, men vi måtte søke eksportlisens i Kina og vente i 45 dagar for å få ut viktige råvarer. Det forsinkar jo produksjonen, seier Torjusen.

Publisert 03.07.2025, kl. 15.41

Read Entire Article