Fleire personar om bord er døde, etter at eit småfly har styrta i eit bustadområde i San Diego torsdag.Det melder nyheitsbyrået AFP som siterer lokale myndigheiter.
Minst 15 hus og fleire køyretø blei treft og står no i brann, seier assisterande brannsjef Dan Eddy til NBC.
Brannvesenet prøver å få brannen under kontroll, men opplyser at det er mykje flybensin på området.
Det er ikkje meldt om dødsfall eller alvorlege skadar blant folk på bakken. Området skal vere eit bustadområde for tilsette i militæret.
– Vi har så langt funne meir enn eitt dødsfall, men vi ventar framleis på å få stadfesta kor mange som faktisk var om bord i flyet, opplyser Eddy.