Det er fire dagar sidan Israel gjennomførte eit omfattande luftangrep mot Iran. Sidan har ein betent konflikt blussa opp i Midtausten.
NRK spør ekspertane om korleis dei trur krigen kjem til å utvikle seg – og er det håp for fred?
Kor lenge kjem krigen til å vare?
– Alt tydar på at Israel har tenkt å halde på lenge, altså desimere atomprogrammet så mykje som mogleg, seier NUPI-forskar Sverre Lodgaard til NRK.
Laurdag sa statsminister i Israel Benjamin Netanyahu at dei vil halde fram med å angripe mål knytt til regimet til den øvste leiaren i Iran, Ali Khamenei.
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu seier at angrepa natt til fredag var ingenting i forhold til det som kjem.
Foto: Ronen Zvulun / Reuters / NTB– Det dei har kjent så langt, er ingenting samanlikna med det som vil skje dei neste dagane, sa Netanyahu.
Israel har vist mykje av kva militærkapasitet dei har gjennom krigen på Gaza. Likevel er dosent i Midtausten-studium ved UiO, Dag Henrik Tuastad, sikker på at Israel ikkje har dei kapasitetane dei treng åleine.
Dag Henrik Tuastad er dosent i Midtausten-studium ved Universitetet i Oslo.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRK– Om USA ikkje blir med, vil ikkje Israel vere i stand til å øydelegge atomkapasiteten til Iran, seier Tuastad.
Men forskar ved stabsskulen i forsvaret, Hanne Eggen Røislien, ser ingen veg ut for Israel.
– Når ein først har dratt i gang, så er det for seint å trekke seg no. Om det kjem til å vare i årevis, er noko heilt anna, seier Røislien.
Hanne Eggen Røislien er forskar ved stabsskulen i forsvaret.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKKven kan mekle?
Fleire land har allereie meldt seg som potensielle meklarar i konflikten.
Vladimir Putin har sagt til Donald Trump at han gjerne stiller som fredsmeklar, ifølgje det russiske nyhendebyrået TASS.
Under ein telefonsamtale mellom den kinesiske utanriksministeren Wang Yi og hans israelske kollega Gideon Sa'ar sa Yi at han har trua på at Kina kan spele ei «konstruktiv rolle» i krigen mellom Israel og Iran. Det melder det kinesiske utanriksdepartementet.
Men dette har ikkje Sverre Lodgaard noko tru på.
Sverre Lodgaard har forska på iransk atomprogram og utanrikspolitikk i mange år.
Foto: Milana Knezevic / NRKHan trur verken Kina, Russland eller noko annan stat blir akseptert som fredsmeklar.
– Men krigen kan fort utvikle seg til å involvere fleire land, og det er der presset på Donald Trump kjem. For han blitt trekt inn i denne konflikten mot si eiga vilje, seier Lodgaard.
Kor viktig er USA?
Iran var tidleg ute å skulde på USA for å stå bak angrepet til Israel natt til fredag. Søndag seier den iranske utanriksministeren at angrepet mot Iran natt til fredag aldri ville ha skjedd utan at USA hadde gjeve Israel «grønt lys».
Men Donald Trump skreiv på Truth Social natt til søndag at USA ikkje har hatt noko med angrepa å gjere. Det same sa utanriksminister Marco Rubio fredag.
Israelske bygningar i ruinar etter at Iran har svart med motangrep sidan fredag.
Foto: GIL COHEN-MAGEN / AFP / NTBSøndag skriv Trump også:
– Iran og Israel burde få på plass ein avtale, og dei kjem til å få på plass ein avtale.
Likevel er ikkje ekspertane i tvil: USA er og blir ein sentral aktør i denne krigen.
– USA er etter kvart nøydd til å ta eit standpunkt. Dei er med her og avgjer korleis dette utviklar seg vidare, seier Røislien.
President Donald Trump og utanriksminister Marco Rubio avviser at USA var involvert i det israelske angrepet mot Iran natt til fredag.
Foto: Nathan Howard / Reuters / NTBSamstundes peikar Lodgaard på at dette tvingar USA til å stille seg sjølv nokre spørsmål.
– Faren er at dette kan kome ut av kontroll og involvere USA. Blir Trump då villig til å dra i bremsa og legge press på Israel?
Kor stor er vilja for å få fred?
– Teheran ynskjer inga utviding av krigen med Israel, med mindre vi blir tvinga til å gjere det, seier utanriksminister i Iran, Araghchi.
Den iranske utanriksministeren Abbas Araghchi har vore talerøyr for iranske styresmakter etter angrepet frå Israel.
Foto: Hassan Ammar / AP / NTBMen forskar i forsvaret Røislien er nær sikker på at Netanyahu ikkje kjem til å få kalde føter:
– Eg kan ikkje sjå for meg at Netanyahu seier: Du, beklagar, no tek vi et steg tilbake ... Han har jo førebudd denne krigen i nesten 30 år.
Sjølv om Iran ikkje har rykte på seg for å vere fredsfremjande, verkar det til at den iranske utanriksministeren Abbas Araghchi ikkje ynskjer noko storkrig med Israel no, ifølgje Reuters.
– Teheran sin respons mot Israel er basert på sjølvforsvar, seier Araghchi.
Så kva skal til for å få slutt på krigen?
– Alt ligg på USA, konstanterer Lodgaard.
Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr podkasten vår her:
Publisert 16.06.2025, kl. 18.40