Alarmen har gått i Vestland fylkeskommune.
Det har dukka opp 500 fleire søkarar til VGS enn det dei var førebudde på.
Alle desse har krav på skuleplass. Men mange stader er det allereie fullt.
– Det vil vere veldig krevjande å skaffe nok plass til alle elevane enkelte stader, seier Bjørn Lyngedal, opplæringsdirektør i Vestland fylkeskommune.
No må politikarane avbryte ferien og samle seg til ekstraomgang i skulepolitikken.
Opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland fylkeskommune.
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRKEndra opplæringslov
Bakgrunnen for feilberekninga er den nye opplæringslova som kom i fjor. Den skal sørge for at fleire fullfører vidaregåande skule.
Alle under 24 år har nå rett på skuleplass om dei ikkje har fullført VGS.
Dei som er eldre enn 24 år, har rett til vaksenopplæring heilt til dei har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse.
Det er særleg i bergensområdet at skulane er fulle.
Foto: Hordaland fylkeskommuneDette er første år med dei nye reglane. Derfor var det ikkje mogleg å vite at så mange skulle søke, ifølge opplæringsdirektør Lyngedal.
– Med etterpåklokskapen kan ein alltid tenke seg at vi burde tatt hardare i. Men det har vi ikkje gjort, seier han.
Særleg blir det trøblete å finne skuleplassar til alle frå bergensområdet.
– Det er klart det er ein svært uheldig situasjon, seier utvalsleiar Åsmund Berthelsen (SV).
Politikarane hadde ikkje budsjettert med 500 ekstra skuleplassar. Dermed er det fare for at utdanningstilbod med få søkarar blir skrota for å spare pengar.
Åsmund Berthelsen (SV) seier situasjonen ikkje er god.
Foto: Dina Gjertine Svendal KleivenAuke i heile landet
I Rogaland kom 200 fleire søkarar enn venta.
Også her gjer stappfulle skular situasjonen krevjande. Ein del av løysinga blir å dytte inn fleire elevar i klassar som allereie er fulle.
I Akershus jobbar dei no med å leige lokale for å få plass til alle med krav på skuleplass.
– Vi håpar å få plass til alle. Men det er fullt, seier fylkesdirektør for opplæring i Akershus Hilde Karin Kløvfjell.
Fylkeskommunane melder at dei hatt tatt høgde for fleire søkarar, men ingen seier at det er færre søkarar enn venta.
– Den største utfordringa er å dimensjonere tilbodet utifrå søkarmønsteret til ungdommane. Der gjer vi så godt vi kan, seier fylkesråd for utdanning og kompetanse i Nordland, Joakim Sennesvik.
Justerer inntektene
Statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap) i Kunnskapsdepartementet er glad for at unge ynskjer seg vidareutdanning, og seier at auken var venta.
I tillegg til den nemnde endringa i lovverket er årets kull med 16-18-åringar det største sidan 1980-talet. På toppen av dette kjem flyktningar frå Ukraina.
Skaar seier at fylkeskommunane er kompenserte for auka elevtal, gjennom justerte frie inntekter etter demografiske endringar.
– Utover dette vidareførast tilskotet til finansiering av fullføringsretten med 320 millionar kroner i 2025. Til saman bruker regjeringa over éin milliard kroner årleg på å auke fullføringa i vidaregåande opplæring og kvalifisere til arbeidslivet, seier ho.
– Lokalpolitikarane har ansvar
Skaar seier at utdanningssystemet må bli betre tilpassa framtida. Difor opprettar regjeringa eit tilskot på 15 millionar kroner til fleksible og desentraliserte tilbod innan yrkesfagleg vidaregåande opplæring i område med store avstandar og låge folketal.
Statssekretæren minner om at det er lokalpolitikarane som har ansvar for skulestrukturen.
– Det er dei som har best føresetnader for å ta desse slutningane; dei kjenner forholda best, prioriterer og tar val som dei meiner er best for sine samfunn og regionar.
Publisert 10.07.2025, kl. 23.53