– Eg er glad for meir lønn, men det burde vore automatikk i at resten av kullet også får det, seier sjukepleiar Britt Jorunn Øyri.
Dei fire siste åra har sogningen ved sidan av jobben på Sogndal helse- og omsorgssenter, teke master i allmennsjukepleie (AKS) ved Høgskulen på Vestlandet – som det første kullet nokon gong.
Studiet er ei satsing frå Helsedirektoratet for å auke kompetansen i dei kommunale helsetenestene.
Med mastergrada i hand, stig Øyri om lag 100.000 kroner i årsløn.
Britt Jorunn Øyri fekk masterlønn av arbeidsgjevar Sogndal kommune. Ifølge kommunalsjef Marit Reppen hadde ho fått det uansett – sjølv om det ikkje var masterkrav i stillinga.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKKommunalsjef Marit Reppen i Sogndal seier det er naturleg for dei å auke lønna.
– Vi tenkjer at det er ei viktig utdanning, som skal vere med å svare på dei nasjonale utfordringane som vi og andre kommunar står i.
Ulikt frå kommune til kommune
Men ikkje alle gjer som Sogndal kommune.
Ifølge Høgskulen på Vestlandet varierer dette frå kommune til kommune.
Nyleg blei det første kullet med master i allmennsjukepleie uteksaminert ved Høgskulen på Vestlandet. Medan nokre stig 100.000 i løn, gjer ikkje alle det.
Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRKSilje Flølo jobbar i heimetenesta i Sunnfjord kommune.
Ho vil no truleg stige med 20.000 kroner sidan ho har femårig høgskuleutdanning.
Men masterlønna er i det blå:
– Det er veldig dumt. Det er synd at det er så ulikt frå kommune til kommune, seier ho.
For å få masterlønn, må det nemleg vere krav om dette i stillinga frå før.
I dag er det ikkje slike stillingar.
Sunnfjordsjukepleiaren håper arbeidsgjevarane hennar endra på stillingane, slik at pengane også følger med.
Silje Flølo er ikkje like heldig som medstudent Øyri, som får eit lønshopp på 100.000 kroner. Sjølv stig Flølo truleg med 20.000 kroner sidan ho har ei femåring høgskuleutdanning. Også Kinn kommune følger same sporet, fortel medstudentar av Flølo.
Foto: Privat / NRK– Lønn er sjølvsagt veldig viktig, seier Flølo.
– Ingen automatikk i at lønna går opp
Men situasjonen som sjukepleiaren opplever, er ikkje unik.
– Dette er dessverre ei kjent problemstilling.
Det seier Kine Myhre-Nilsen, faggruppeleiar for allmennsykepleierne i Norsk Sykepleierforbund.
Det er nemleg ingen automatikk i at meir utdanning betyr meir lønn.
– Det er opp til arbeidsgivaren å vurdere om det er krav til master i stillinga, forklarar ho.
Eit anna problem er at ikkje alle får nytta den nye kompetansen si.
Årsaka er at ikkje alle arbeidsgjevarane veit korleis den skal brukast, meiner Myhre-Nilsen.
Dette viser også ein rapport frå Fafo, som syner at allmennsjukepleiarane gir betre helsetenester, men at mange kommunar ikkje greier å ta kompetansen i bruk.
Myhre-Nilsen trur lønna vil stige når kommunane etter kvart blir betre kjent med den nye utdanninga, og ser verdien av den.
Øyri er glad for å ha teke masteren, som også gir henne meir betalt. Men slik er det ikkje for alle medstudentane i kullet hennar.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKSunnfjord kommune jobbar no med å finne ut kva arbeidsoppgåver og lønn dei ferske masterstudentane deira skal ha.
Personalsjef Jan Birger Moe i Sunnfjord kommune seier dei ikkje har landa noko enno.
– Fleire trur sjukepleiarane vil finne seg andre jobbar dersom dei ikkje lønna følger med. Fryktar de dette?
– Generelt ligg det alltid ein viss fare for at vi ikkje klarar å gje tilsette den løna dei forventar å få. Vi håper likevel å finne ei løysing som alle partar er nøgde med, både når det gjeld løn og oppgåver, seier Moe.
Statleg satsing – men kan ikkje garantere lønna
Helsedirektoratet står bak satsinga på allmennsjukepleiarutdanninga.
Helsedirektoratet vil halde fram satsinga på den nye utdanninga, som mellom anna skal svare ut behovet for meir helsekompetanse i kommunane.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKBakgrunnen er for lite folk og for lite kompetanse i dei kommunale helsetenestene.
Direktoratet har støtta 137 kommunar med 87 millionar slik at dei kan frikjøpe sjukepleiar under utdanninga.
Men å gå inn med pengar for å sikre at alle dei nyutdanna også får masterlønn – er ikkje mogleg.
– Det er partane i arbeidslivet som forhandlar fram løn, så det kan ikkje vi gi, seier Liv Heidi Brattås Remo, avdelingsdirektør i Avdeling for kompetanse i Helsedirektoratet.
Ho seier dei oppmodar kommunane om å gjere om på stillingane sjukepleiarane har, til stillingar med krav om master.
Då vil også lønna følge etter.
– Kva kan manglande lønshopp føre til?
– Det vi ser frå andre masterløp der arbeidstakaren ikkje får noko igjen for det, så endar det opp med at sjukepleiarane sluttar og går til andre jobbar, seier Brattås Remo.
Slit med rekrutteringa til studiet
Joanna Galek, førstelektor ved Høgskulen på Vestlandet, har følgt det nyutdanna kullet ved campus i Førde.
Britt Jorunn Øyri (i midten) har fått fleire nye oppgåver på jobben sin etter at ho tok master. Dette kjem både heimkommunen Sogndal og dei andre til nytte, seier kommunalsjef Marit Reppen.
Foto: Oda Flaten Lødemel / NRKHo seier dei slit med rekrutteringa til studiet.
Til hausten blir det ikkje oppstart i Førde, men ved ein annan studiestad ved høgskulen.
Galek trur manglande masterlønn, samt at ein del studentar ikkje veit om dei blir frikjøpte til å ta utdanning si, er årsaka.
Publisert 28.06.2025, kl. 16.12