Familievennen Anderson Luis de Carvalho er rett nok optimist når NRK treffer han på Brasils siste trening før åttedelsfinalen i New Jersey.
– Han er framleis Neymar. Han kan utgjere ein forskjell. Han har teknikken, han kan endre ein kamp. Og han er i veldig godt humør, seier de Carvalho, sjølv tidlegare fotballspelar og nå ekspert for Caze TV.
NEYMAR-KOMPIS: Anderson Luis de Carvalho.
Foto: Lars Bryne / NRKMen dei som ikkje har eit like nært forhold til Neymar, er meir skeptiske. Som Paulo Vinicius Coelho, sportskommentator for nettportalen UOL. Han meiner at Neymar først og fremst kan bety ein forskjell utanfor banen.
– Eg ville ikkje ha tatt ut Neymar i VM-troppen. Eg synest ikkje at han held VM-nivå. Men Ancelotti er heldig som har Neymar der. Eg trur det kan hjelpe laget. Eg trur han kan vere positiv for atmosfæren i laget.
SPORTSKOMMENTATOR: Paulo Vinicius Coelho.
Foto: Haron Hussain / NRK– Men spelemessig?
– Så utgjer han ingen forskjell, meiner den brasilianske eksperten.
Skader
Neymar har slite med skadar. Då han kom på banen i det 76. minuttet for Seleção i gruppespelkampen mot Skottland, var det hans første opptreden i landslagsdrakta på 981 dagar. Mot Japan i 16-delsfinalen blei han sittande på benken i samfulle 90 minutt.
– Neymar blir betre for kvar dag, men han er ikkje god nok for å starte mot Noreg, seier Pedro Ramiro frå Radio Craque Neto.
GODT HUMØR: Neymar sprudlar under USA-opphaldet. Men kjem han til å spele mot Noreg? Det er usikkert.
Foto: MAURO PIMENTEL / AFP,NTB– Viss Brasil slår Noreg, så kanskje han kan komme i førsteellevaren vidare. Men mot Noreg blir det i beste fall innhopp.
– Kva tenker fansen?
– Dei vil ha Neymar på banen. I kvar kamp har supporterane sunge om Neymar. Men ærleg talt så er eg sikker på at Neymar ikkje er klar for å spele 90 minutt ennå.
Barndomsklubben
Etter eit sportsleg sett skuffande og skadeprega opphald i saudiarabiske Al-Hilal, signerte Neymar for barndomsklubben Santos i januar 2025. Han spelte omtrent halvparten av kampane sist sesong etter ein kneoperasjon og fleire andre skader. Samtidig viste han glimt av gammal stordom og skåra fleire viktige mål.
HJELPSAM: Neymar hjelper til med å få unna ein banestormar i kampen mot Japan.
Foto: MOLLY DARLINGTON / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB– Neymar kan vere eit våpen å sette inn i 2. omgang, seier Bruno Piccinato de Sa frå TV-kanalen Rede Record til NRK.
– Alt er mogleg, men eg er sikker på at han ikkje kjem til å starte. Sjølv om han er i bra form no, er ikkje dette den Neymar vi såg for fire år sidan.
Som kollegaer trekker Bruno fram Neymars betydning for spelargruppa:
– Han er veldig, veldig fornøgd og glad her. Det er hans «siste dans i VM». Så det er viktig for han, og han er positiv.
Fjerde VM
Neymar er ein historisk toppskårar for Brasil – med enda fleire skåringar enn deira aller største helt, Pelé. Dette er hans fjerde VM. I 2014 blei det fire mål, mens Neymar stod igjen med to mål både i 2018 og 2022. Blir det mål også i 2026?
NRK-ekspert Kristoffer Løkberg meiner at Ancelotti burde ha prioritert João Pedro frå Chelsea i VM-troppen framfor Neymar.
– Hovudårsaka til at Neymar er med, er at han er eit ikon som er så stort og så kraftig at totalverdien av å ha han med i troppen blir sett på som større. Alle spelarane i troppen verkar å sette pris på å ha med Neymar i troppen og at han har ein positiv påverknad.
FEIRING: Casemiro og Neymar markerer sigeren mot Japan på denne måten.
Foto: LARS BARON / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB– Folka i Brasil vil gjerne ha med Neymar. Det blir færre spørsmål om Neymar, fordi at han er her, enn om han ikkje er her. Ancelotti har tatt omsyn til meir enn det sportslege når han har valt å ta med Neymar.
– Vil vi få sjå han på banen mot Noreg?
– Nei, det trur eg ikkje, svarer Løkberg bestemt.
Klar til å hjelpe
Så legg han til:
– Det må vel kanskje vere eit scenario der Brasil treng mål.
Tilbake til kompisen, de Carvalho:
– Han er så glad og letta og klar til å hjelpe laget. På alle måtar.
Publisert 05.07.2026, kl. 18.18
















English (US) ·