Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_bf98fa31196bedf2aa637ff4a80c21c1, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Éin person manglar når Ekstremsport­veko startar: – Vilde døydde medan ho gjorde det ho elska - NorwayToday

Éin person manglar når Ekstremsport­veko startar: – Vilde døydde medan ho gjorde det ho elska

5 hours ago 3


29 år gamle Vilde Kristin Fagerli frå Hattfjelldal i Nordland døydde under speedflying frå fjellet Tjugatoten i Balestrand sist fredag.

– Ho heldt på med det ho elska aller mest i verda, fortel svoger hennar, Tommy Kruse Jensen til NRK.

Han er familiens talsperson etter den fatale ulukka som tok frå dei eit familiemedlem.

Fagerli var ein kjent person i luftsportsmiljøet på Voss. Dei er snart klare for det største ekstremsportarrangementet i verda, nemleg Ekstremsportveko.

– Dei som held på med dette er klar over risikoen. Samstundes skal eg ikkje leggja skjul på at familien har vore nervøse og frykta dette skulle skje, seier Kruse Jensen.

luftsportsulykke

Store ressursar vart sendt til Balestrand etter melding om luftsportsulukke sist fredag. Men livet til 29 år gamle Vilde Kristin Fagerli stod ikkje til å redda.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Var instruktør i fem år

Kva som konkret skjedde den fatale dagen i Sogn er det ingen som veit heilt.

Men det skjedde under speedflying, og ulukka vart filma.

– Me har sikra videobevis frå hoppet. Så langt tyder ingenting på at det var feil med utstyret, seier politistasjonssjef Stine Mari Vårdal i Høyanger.

Fagerli var saman med ein annan person under hoppet. Vedkommande var bak og såg kva som skjedde.

Kjell Svanes i Voss hang- og paragliderklubb har drive med ekstremsport i fleire tiår. Og har vore med på alle utgåvene av Ekstremsportveko.

Han fortel at dødsulukkene går inn på dei.

en person som har på seg hjelm og vernebriller

Kjell Svanes er veteran innan ekstremsport. Risiko er noko som vert ofte diskutert.

Foto: Privat

– Det går inn på oss, alle er vener, og nokon er ekstra nære vener. Då er det ekstra godt å få samlast på Ekstremsportveko. Der kan me diskutera risikoen, og kor mykje risiko ein er villig til å ta for å ha det kjekt, sa han i NRK P1 si morgonsending i Hordaland fredag morgon.

29 år gamle Vilde Fagerli betydde mykje for klubben på Voss, sa venninne og leiar i paragliderklubben Malene Hole til NRK sist helg.

– Ord vert fattige. Ho var ein spesiell utøvar og har betydd mykje for sporten, klubben og miljøa ho var i, sa Hole.

Fagerli hadde sjølv vore instruktør i klubben i fem år.

Et stort steinete fjell

Ulukka skjedde under ein speedflying frå Tjuagoten i Balestrand i Sogn. Ei 29 år gammal kvinne omkom.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Frykta det verste

For familien i Hattfjelldal var den siste kontakten med Vilde ein telefon dagen før ulukka.

Dei visste at ho skulle til Balestrand for å flyga. I store deler av mai hadde ho vore i barndomskommunen med familien.

– Når me las om ulukka og ikkje fekk tak i ho på telefon, så frykta me det var ho, fortel svogeren.

Han er ikkje ein del av ekstremsportmiljøet, men køyrde roadracing som yngre. Dermed kjenner han igjen litt av det rushet i kroppen som slike aktivitetar kan skapa.

Samstundes veit dei at Vilde av og til kunne gå ned frå fjell om tilhøva for flyging ikkje var til stades.

– Eg håpar Vilde kan vera ein inspirasjon for folk om å ta eigne valg, og ikkje utsetja seg for noko som ein ikkje er komfortabel med eller føler seg kompetent til. Ein må også vera medviten om at uhellet kan skje, sjølv om ein tek alle forholdsreglar, seier familien.

29 år gamle Vilde Kristin Fagerli vert gravlagd i Hattfjelldal. Tidspunkt er enno ikkje bestemt.

Vilde Fagerli vart berre 29 år gammal.

Vilde Kristin Fagerli elska speedflying, og var ein markant person i miljøet på Voss. På sin siste tur kom ho ikkje ned i live.

Foto: Privat

Pregar ekstremsportarrangement på Voss

Ulukka skjedde rett før Ekstremsportveko startar på Voss.

– Ulukka skjedde for kort tid sidan, og det er tydeleg at dei som står nærmast er prega. Og det er naturleg at utøvarane i speedflying-miljøet ikkje har festivalen som høgaste prioritet akkurat no, seier Tord Bakke Arvesen, sjef for Ekstremsportveko.

Sjef ekstremsportveko.

Tord Bakke Arvesen, sjef for Ekstremsportveko, fortel at dødsulukka set sit preg på arrangementet på Voss som startar i helga.

Foto: Privat

I over ei veke skal ekstremsportutøvarar frå heile verda samlast til ulike aktivitetar, som kajakkpadling, fallskjermhopping, og ikkje minst speedflying.

Både stab og utøvarar er prega av dødsulukka. Og sjølv om programmet førebels skal gå som normalt, kan det verta endringar.

– Det er ikkje usannsynleg at dette vil påverka både aktivitetsnivå og deltaking samanlikna med tidlegare år. Me legg til rette for at dei i vår stab som ynskjer å reisa i gravferda og vera saman med sine nærmaste får høve til det, seier Arvesen.

En gruppe turgåere på et fjell

Ekstremsportveko har samla utøvarar som driv med ekstremsport sidan 2003. Her er eit bilete frå 2008.

Foto: NTB / NTB

Fleire ulukker

Speedflying er ein eigen grein innan luftsport.

Og dei siste åra har det vore fleire fatale ulukker under nettopp denne aktiviteten.

I september i fjor omkom ein 31 år gammal mann i ei ulukke på Voss med speedglider. I Rauma omkom ein 35 år gammal i mai i fjor i ei anna ulukke.

Det har også vore fleire ulukker med speedglider i området Loen etter at Skyliften kom.

Luftfartstilsynet seier i ein generell kommentar at speedgliding har den høgaste risikoen innan luftsport (sjå heile svaret lenger ned i saka).

Det har diverre vore fleire dødsulukker knytt til denne greina i Noreg, seier seksjonssjef Arild Nyheim, flyoperativ seksjon i Luftfartstilsynet.

Stryn

Det har vore fleire ulukker med luftsport ved Loen Skylift.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Norges Luftsportforbund har ikkje tal over omkomne i ulukker med speedglider dei siste åra i Noreg.

Men dei har granska og publisert sju rapportar sidan 2019 der speedflying har hatt fatalt utfall.

– Generelt sett så er det i dei fleste tilfella pilotfeil som går igjen, seier Trond Nilsen, fagsjef for hang-, para- og speedflying i Norges Luftsportforbund.

Han uttaler seg på generelt grunnlag. Dei skal også granska dødsulukka i Balestrand sist veke.

Ber om å unngå spekulasjonar

På sine heimesider oppmodar dei alle til å unngå spekulasjonar om ulukka med Fagerli i sosiale medium.

– Granskingsabeidet er i gang, men det vil gå ei tid før me kan komma med ein konklusjon, seier Nilsen.

Hovudredningssentralen har sidan 2010 hatt 271 redningsoppdrag knytt til luftsport. Dette kan vera alt frå speedflying, basehopp, fallskjermhopp og luftballong.

– Det er om lag 2.000 personar som driv med speedflying hos oss. Og når me tenkjer på at det vert registrert om lag 60.000 flyturar per år, kanskje så mange som 100.000, så er det ikkje mange ulukker, seier Nilsen.

Men han legger til at all flyging har ein risiko.

– Me jobbar heile tida med haldningane til våre medlemmer. Og vår visjon er ingen alvorlege ulukker eller hendingar, seier han.

Publisert 20.06.2025, kl. 18.15

Read Entire Article