I dag skjer det igjen.
Noregs Bank skal kunngjere si renteavgjerd klokka 10.00.
Ein halvtime seinare vil sentralbanksjef Ida Wolden Bache truleg gå på talarstolen for å forklare kvifor ho ikkje har sett ned renta denne gongen heller.
Dette er Noregs Bank sin komité for pengepolitikk og finansiell stabilitet. Dei bestemmer styringsrenta her i landet.
Foto: Sona Emilie Kibsgård Sillah / NRK4,5 prosent.
Dei fleste økonomar trur styringsrenta blir liggande her, og dette er hovudgrunnane til det:
Høg prisvekst
Kor mykje prisen for varer og tenester aukar er det viktigaste for Noregs Bank.
Det siste året har prisane auka med 3 prosent.
Det er mindre enn dei har auka tidlegare, men framleis eitt prosentpoeng over målet til Noregs Bank på 2 prosent.
– Dette er det dei ser mest på. Det er hovudgrunnen til at eg trur Noregs Bank held seg til det signalet dei gav i mars. Altså rentekutt i andre halvår i 2025, seier sjeføkonom Harald Magnus Andreassen i Sparebank 1 Markets.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
Prognose Norges bank
Få arbeidsledige
Andreassen trekker fram låg arbeidsløyse som viktigaste peikepinn på at økonomien går bra.
Arbeidsløysa i Noreg er på 4,3 prosent. Talet har vore stigande sidan 2022, men økonomane reknar dette som eit lågt nivå.
– Norsk økonomi går godt. Økonomien har sett fart no i 2025 og stadig fleire bedrifter melder om god etterspurnad, seier sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB Carnegie.
Kjersti Haugland er sjeføkonom i DNB Carnegie
Foto: William Jobling / NRK– Samla sett er arbeidsmarknaden i balanse og i god stand no, seier Andreassen.
Han meiner økonomien ikkje viser noko behov for rentekutt.
– Norsk økonomi har klart seg greitt med den renta vi har, seier han.
Full gass i olja
Det ligg an til rekordhøge investeringar i norsk oljesektor i år, ifølge tal frå SBB.
– Det er heilt klart at oppgangen i oljeinvesteringane har bidrege til å løfte aktiviteten i norsk økonomi, seier Andreassen.
Harald Magnus Andreassen er sjeføkonom i Sparebank! Markets.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKUnder pandemien i 2020 fall oljeprisen dramatisk for ein kort periode og Stortinget hamna under press frå næringa. Då gav politikarane milliardar i skattelette til fleire av dei mest lønsame selskapa i landet.
Sidan då har pilene peika oppover og overskota vore store. Mykje av aktiviteten skriv seg frå løyve som vart innvilga under «oljeskattepakken».
I seinare år har politikarar på både høgre- og venstresida sagt at krisepakken var for raus.
– Økonomien i Noreg skil seg ut fordi vi har ei oljenæring som har gått veldig bra i ein periode der det ikkje var vore like mykje fart andre stader, seier Haugland.
Politikarane brukar mykje pengar
Regjeringa vil bruke 542 milliardar kroner frå oljefondet i år.
Haugland seier staten brukar så mykje pengar at det held fart i økonomien og renta høg her til lands.
– Det er brukt mykje pengar over statsbudsjetta. Hadde ikkje den stimulansen vore her, så hadde nok renta kome ned tidlegare enn ho no ser ut til å gjere, seier Haugland.
Men kva med nabolanda våre?
I Danmark er styringsrenta 1,60 prosent.
I landa som brukar euro er den 2 prosent og i går kutta den svenske sentralbanken si styringsrente til 2 prosent.
– Vi skal vere glade for at vi ikkje har det slik som dei landa som har kutta. Der er arbeidsløysa høgare og veksten er i beste fall blanda, seier Andreassen.
Haugland trur vi må rekne med å ha vesentleg høgre rente enn desse landa framover.
– Norsk økonomi går betre. Særleg Sverige har hatt skikkeleg motvind med tydeleg oppgang i arbeidsløyse og periodar med nedgang i økonomien, seier Haugland.
Se hvor mye du må betale hvis renta endres.
Ditt lån
Nedbetalingstid nå
Månedlige utgifter 18 602 kr
Endrede utgifter 0 kr
Det vil si en total utgift på 18 602 kroner i måneden. Altså en endring på 0 kroner i renteutgifter.
Publisert 19.06.2025, kl. 05.56