Bomsmell for Noreg – hundrevis av millionar frå turistar kan vere tapt

4 hours ago 2


Noreg går glipp av millionar av kroner frå utanlandske turistar som i årevis har køyrd gratis gjennom norske bomstasjonar.

Men fordi eit direktiv ikkje var kome inn i EØS-avtala, var det ikkje mogleg for norske bompengeselskap å krevje inn pengane viss turistane ikkje betalte.

Men tidlegare i år vart smottholet tetta.

Sidan parlamentet i vesle Liechtenstein har godkjent det såkalla EETS-direktivet, kan bompengane krevjast inn frå utlendingar frå hausten. Truleg i august eller september, skriv Stavanger Aftenblad.

Men det er også mogleg å hente inn dei tapte pengane frå dei siste tre åra, ifølge lova. Noko som ikkje vert gjort, fryktar Høgre.

– Snakk om hundrevis av millionar

– Min første tanke er at det viser berre kor liten prioritet vi får i departementet, og kor liten forståing vi får for kostnadene med å passere Ryfast, seier Vidar Wollum.

Han er med i aksjonsgruppa for billigare bompengar i Ryfast. Noregs dyraste bompasseringar.

Vidar Wollum

Vidar Wollum i aksjonsgruppa for billigare bompengar i Ryfast. Her framfor bompasseringa den gongen det kosta 164 kroner for ein passering.

Foto: Simon Elias Bogen

Totalt passerte turistar norske bomstasjonar for 967 millionar kroner i 2022, 2023 og 2024, ifølgje Ferde.

Statens vegvesen har rekna seg fram til at Noreg til saman tapte 140 millionar kroner på at utanlandske køyretøy ikkje betalte i 2023. På tre år kunne det truleg vore 420 millionar, meiner Høgre.

– Det er ingen tvil om at vi snakkar om at vi tapar mange hundre millionar kroner. Og det synest vi er urettferdig, seier Aleksander Stokkebø, stortingsrepresentant frå Høgre.

en mann som står i en park

Aleksander Stokkebø (H) krev at pengane blir betalt tilbake.

Foto: NRK

Høgre hevdar at samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) er handlingslamma, sidan han ikkje er tydelegare om å krevje inn dei tapte pengane frå dei siste åra.

Meiner pengane bør gå til norske vegar

– Det kan godt hende vi ikkje får inn 100 prosent. Men ein betydeleg sum som vil bidra til å betale ned bompengeprosjekta våre, er det i alle fall ingen tvil om at vi kjem til å få inn, seier Stokkebøs partikollega Liv Kari Eskeland i Transport- og kommunikasjonskomiteen.

Liv Kari Eskeland, Høgre. Ved flyplassen

Liv Kari Eskeland (H) meiner pengane vil bidra til å betale ned bompengeprosjekta.

Foto: Olav Røli

– Det handlar om rettferd og respekt for både skattebetalarane og bilistane i dette landet, ikkje minst i Rogaland og Ryfylke, seier Stokkebø, som sjølv kjem frå Rogaland.

Den dyraste bomvegen i landet ligg i Rogaland. Bompasseringane i Ryfast har frustrert innbyggarane i fleire år.

  • et blått bompengeskilt i vegkanten

    Simon Elias Bogen / NRK

    Binder saman Nord-Jæren og Ryfylke

    Ryfast er et ferjefritt vegsamband mellom Ryfylke og Nord-Jæren. Første del (Ryfylketunnelen) vart opna for trafikk 30. desember 2019.

    Resten av sambandet (Eiganestunnelen og Hundvågtunnelen) opna 22. april 2020.

  • Ryfylketunnelen frå Hundvågsida

    Odd Rune Kyllingstad / NRK

    Verdas lengste undersjøiske tunnel

    Ryfylketunnelen er 14,4 km lang og er dermed verdas lengste undersjøiske vegtunnel.

    Tunnelen er dimensjonert for 10.000 køyretøy per døgn, og er bygd med to løp og fire felt.

    Tunnelen går nesten 400 meter under havoverflata.

  • et blått bompengeskilt i vegkanten

    Simon Elias Bogen / NRK

    11,6 milliardar kroner

    Prosjektet vart vedtatt av Stortinget 12. juni 2012. Byggestart var våren 2013.

    Det kosta 11,6 milliardar kroner å bygge Ryfast-tunnelen. På grunn av dette er det dyrt å køyre gjennom tunnelen.

Det vart registrert om lag 500.000 passeringar frå utanlandske køyretøy utan bombrikke i Ryfast i 2022, 2023 og 2024.

Av desse har 63,5 prosent betalt, ifølge Ferde. Likevel er det snakk om tapt inntekt på 16,5 millionar kroner.

– Pengane bør gå til å halde prisane i for eksempel Ryfast lågare for alle, seier Stokkabø.

Departementet: – Sa aldri nei

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) avviser at Samferdselsdepartementet har sagt nei til å krevje inn pengar bakover i tid.

Tom Kalsås, statssekretær i samferdelsdepartementet (Ap)

Tom Kalsås, statssekretær i Samferdselsdepartementet (Ap).

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Da samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) svarte Høgre i mai (ekstern lenke), motsette dei seg ikkje at bompengeselskapa kan prøve å inndrive forfalne krav. Det er berre for bompengeselskapa å gå i gang, meiner departementet.

– Vi er derfor glade for at prosessen i Liechtenstein har vorte skunda fram i forhold til dei tidlegare signala som vart gitt, seier Kalsås.

Høgre: – For lite tydeleg

Høgre meiner Nygård er for lite tydeleg.

– Det vi etterlyser, er at han er krystallklar på at ein skal krevje inn tilbake så langt det lèt seg gjere. Dette handlar om rettferd for brukarane og skattebetalarane i dette landet. Alle som brukar vegen, må betale for seg, seier Stokkebø.

Tilbake til Noregs dyraste bomveg, Ryfast.

I juli vil det ikkje lenger vere den dyraste i landet. Regjeringa har nemleg sett av 200 millionar kroner til eit prøveprosjekt.

Det uttrykker aksjonsleiar Wollum ei stor glede for. Men kampen er ikkje over, seier han.

– Vi trenger fleire kroner som kan bidra til enten nedbetaling eller til å redusere takstane, seier Wollum.

Publisert 21.06.2025, kl. 12.04 Oppdatert 21.06.2025, kl. 12.10

Read Entire Article