Boikott er empati

7 hours ago 5


Eurovisionsirkuset er sparka i gang og mange gler seg til finalen på laurdag. Eg er ikkje ein av dei.

 PETER SCHNEIDER / EPA / NTBISRAELS BIDRAG: Israelske Yuval Raphael poserer på den turkise løperen under åpningsseremonien for den 69. utgaven av Eurovision Song Contest i Basel, Sveits, 11. maI. Finalen er lørdag 17. mai. Foto: PETER SCHNEIDER / EPA / NTB
Torsdag 15. mai kl. 14:15
Bilde av JAKOB SANDE HAUGSETJAKOB SANDE HAUGSET

Fylkesleiar i Grønn Ungdom Vestland

Eg er ein av «dei som manglar empati» som skal boikotte Eurovision, som Hanne Skartveit skriv om i VG for litt sidan.

«Det har vore påfallande lite empati med dei israelske offera for terroren, og med gislane som har sete i tunnelar under jorda i månader og år», skriv Skartveit.

Aller først vil eg gjere det klart at sjølv om eg er imot folkemordet på Gaza, så meiner eg absolutt ikkje at angrepet Hamas utførte var noko anna enn forferdeleg.

Eg kjenner djupt medvit og medkjensle for alle som miste livet, vart såra, etterlatne eller tokne som gislar i det grufulle angrepet.

 FABRICE COFFRINI / AFP / NTBOPPTRER: Den israelske songaren Yuval Raphael, som representerer Israel med songen «New Day Will Rise», opptrer under generalprøva til den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2025, i St. Jakobshalle-arenaen i Basel. Foto: FABRICE COFFRINI / AFP / NTB

Den israelske artisten Yuval Raphael var på musikkfestivalen Nova då Hamas angreip.

Ho prøvde å rømme saman med nokre vener, men måtte etter kvart søkje tilflukt i eit bomberom, saman med 50 andre menneske.

Berre 11 av dei kom ut i live.

Det gjer eit sterkt inntrykk å lese desse skildringane frå Hamas-angrepet.

Det er òg svært alvorleg at så mange jødar lever i stor redsle på grunn av den pågåande krigen.

Det skal vi som samfunn ikkje godta.

Vi må stå opp for den jødiske minoriteten og støtte dei i kampen mot hat og antisemittisme.

Eg meiner likevel ikkje at boikott vil vere mangel på empati ovanfor den eine israelske artisten i Eurovision, men å vise empati ovanfor dei 50 000 palestinarane som har blitt drepne til no i krigen.

Og dei som kjemper for livet. Blant dei er eldre og barn.

 Hatem Khaled / Reuters / NTBMISTET BEGGE BRØDRENE: Den skadde palestinske guten Yousef Al-Bayouk græt over brørne sine, Moath og Moataz, som vart drepne i israelske angrep, medan sørgjande deltek i gravferda deira ved Nasser-sjukehuset i Khan Younis, sør på Gazastripa, 15. mai 2025. Foto: Hatem Khaled / Reuters / NTB

Sjølv om Skartveit nesten framstiller det som om ikkje, har vi som er mot folkemordet også empati ovanfor dei uskuldige som vart drepne.

Dei eg derimot ikkje har empati for er dei israelske styresmaktene.

Dei som har brote folkeretten tallause gongar, bomba sjukehus og ambulansar og aktivt angripe journalistar.

Og framleis drep heilt uskuldige palestinarar.

No opplever 93 prosent av befolkninga i Gaza akutt matmangel, inkludert 244.000 menneske – som er ramma av dei mest alvorlege nivåa av matusikkerheit, ifølgje Reuters.

Israel har blokkert all naudhjelp til Gaza sidan byrjinga av mars, noko som har ført til at matlaga er tomme.

Bør Israel stenges ute fra Eurovision?aJabNeicUsikker

Eg har ikkje noko imot at den israelske artisten Yuval Raphael deltek i Eurovision, men det er når ho representerer Israel og bruker det Israelske flagget eg meiner det er boikottverdig.

Ho blir eit symbol for Israel, ikkje sett som ein enkeltperson.

Skal verkeleg ein stat som driv eit folkemord bli representert i ein so stor musikkonkurranse?

Eurovision er glitter, glam og underhaldning – og det kjennest vondt når slike festdagar går føre seg medan sivile på Gaza lid og døyr.

I so fall vert det utan meg på tilskodarbenken.

Dette handlar etter mitt syn om representasjon.

Kven vi representerer har noko å sei, og eg meiner det er heilt uhøyrt at ein stat som driv eit folkemord skal bli representert.

Derfor kjem eg til å boikotte Eurovision, og håpar du gjer det same.

Det kjem ikkje til å stanse konkurransen, og folk frå mange andre land vil nok følgje med.

Men dersom Noreg får uvanleg låge skåartal, meiner eg det kan vere eit tydeleg teikn på at folk saman tek avstand frå ei felles identitetskjensle der brutale krigshandlingar blir aksepterte.

Om du er so fan at du ikkje klarar å boikotte kan du til dømes skru av TVen når Israel skal opptre.

Det er det aller minste vi kan gjere.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no. Unge meninger-prosjektet er finansiert med støtte av Stiftelsen Tinius. Les mer.
Read Entire Article