Björn Skifs har fått demens – sluttar som artist

11 hours ago 4


Det opplyser han sjølv i ei pressemelding torsdag.

– Det er ikkje lett å ta inn, verken for meg eller dei næraste, og det kjennest så utruleg trist på så mange måtar. Men eg har levd eit rikt og fantastisk liv, fylt med musikk, kjærleik og latter, seier Skifs.

Skifs, som har vore ein sentral figur i svensk musikk sidan 1960-talet, takkar publikum og alle som har vore ein del av artistlivet hans.

– Takk til alle som på eit eller anna vis har vore ein del av artistlivet mitt – ikkje minst publikum! No er det tid for å roe ned og ta ein dag om gongen.

Björn Skifs og Linn Skåber synger "Härligt närligt, men farligt farligtg" på Skavlan i 2017.

Fekk megahit

Björn Skifs er kanskje mest kjend internasjonalt for hitlåten Hooked on a Feeling, som toppa Billboard-lista i USA i 1974.

Ein låt som no har over 800 millionar avspelingar på Spotify.

I heimlandet Sverige har han òg hatt ei rekkje store hits og vore ein populær scenekunstnar i fleire tiår.

I fjor var opptrådde han på scena under den store Eurovision-finalen i Malmö.

Bjôrn Skifs er gift med Pernilla Skifs (60). Saman har dei sønene Oliver og Jonathan.

Olafur Ragnar Grimsson, Dorrit Moussaieff, Björn Skifs, Agnes Carlsson poserer for et bilde

Bjørn Skifs syng under bryllupet til ronprinsesse Victoria og Daniel Westling i juni 20210.

Foto: Röstlund, Tobias / NTB

Bjørn Skifs med hånden på hodet

Bjørn Skifs i 2020 då han gav ut eit samlealbum.

Foto: Knut Fjeldstad / NTB

Publisert 17.07.2025, kl. 10.18 Oppdatert 17.07.2025, kl. 10.47

Read Entire Article