Bistandsadvokat: Meiner Ingebrigtsen-saka har tatt ressursar frå overgrepssak

1 week ago 16


I dag møtte ein 65 år gammal familiefar i Haugaland og Sunnhordland tingrett.

Han er tiltalt for seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Ifølgje tiltalen skal han ha møtt ein mindreårig gut fleire gonger på eit hotellrom sør på Vestlandet.

Der skal dei ha hatt seksuell omgang. Som betaling fekk guten sprit, pengar og sigarettar.

– Nei, svarte tiltalte på spørsmål om straffskuld for både seksuell omgang og for å ha betalt for det.

Ville utsetja saka

Frå før er tre andre menn dømt for seksuell omgang med same gut, medan to andre ventar på dom. Seinare i haust skal ytterlegare ein mann i retten.

Fem andre er framleis under politietterforsking.

Gutens bistandsadvokat Sigurd Klomsæt er sterkt kritisk til politiet si etterforsking i saka, og meiner at dei har gjort alt for lite for å undersøka om det er samanheng mellom dei mange mennene som har gjort seg skuldig i overgrep.

Han har omtalt det som ein form for organisert kriminalitet.

– Saka må utsetjast, kravde han då rettssaka starta måndag.

Tinghuset Haugesund, Haugaland og Sunnhordland tingrett. Overgrep mot ung gut.

Innanfor desse dørene går ein av fleire saker der ein ung gut skal ha blitt misbrukt av opp til 12 menn.

Foto: Olav Røli / NRK

Advokat om Ingebrigtsen-saka: – Absurd ressursbruk

Klomsæt er spesielt kritisk til Sør-Vest politidistrikt ikkje har bede det sentrale etterforskingsorganet Kripos, om hjelp.

– Det er uforsvarleg. Spesielt sidan dei har sagt at dei ikkje har tilstrekkeleg med ressursar, sa han i retten.

Aktor, politiadvokat Else Saltveit Lokna, sa på si sida at saka var godt nok opplyst og at det ikkje var grunnlag for å kontakta Kripos.

Saka gjekk difor som planlagt.

Klomsæt har peikt på at etterforskinga av Ingebrigtsen-saka har tatt store ressursar frå politidistriktet, og at det er har gått utover sakene med hans klient.

– Absurd, kallar Klomsæt ressursbruken i Ingebrigtsen-saka.

Han vil no klaga heile etterforskinga inn til Riksadvokaten.

Politiet: Vil ikkje kommentera

Lokna ynskjer ikkje å kommentera påstandane frå Klomsæt.

Det vil heller ikkje politiinspektør Pål Jæger-Pedersen i Sør-Vest politidistrikt.

Han legger til at alle overgrepssakene mot den unge guten frå Vestlandet har vore etterforska av eininga Felles etterforskingseining (FEE).

Dei etterforskar dei mest alvorlege straffesakene, som drap og seksuelle overgrep.

Ingebrigtsen-saka har vore etterforska av ei anna eining i politidistriktet.

– Det er domstolen som til sjuande og sist skal avgjera om me har etterforska sakene godt nok. Men me har eit ufråvikeleg kvalitetskrav, og alle sakene skal vera grundig etterforska, seier politiinspektøren.

Tinghuset Haugesund, Haugaland og Sunnhordland tingrett. Overgrep mot ung gut. Else Saltveit Lokna, politiadvokat

Else Saltveit Lokna er politiadvokat og aktor i mange saker der ein ung gut er fornærma.

Foto: Olav Røli / NRK

Han meiner det ikkje har vore naudsynt å ha kontakt med Kripos i sakene mot guten.

– Det er mest aktuelt i spesielle og alvorlege saker, som drap med ukjent gjerningsmann.

Cecilie Andal Aarvik, som forsvarar mannen i 60-åra som er i retten denne veka, meiner påstandane til Klomsæt om organisert mishandling mot same guten ikkje har rot i røynda.

– Dette er grunnlause påstandar, seier ho.

Tiltalte: Prata berre

Den fornærma guten har ikkje vore til stades i retten på nokre av sakene.

I staden har hans forklaring, som er gjort som tilrettelagde avhøyr, vorte spelt av for retten.

– Av helsemessige grunner er han sterkt frårådt å møta i retten, fortalde Klomsæt då retten vart sett måndag morgon.

Under avspelinga av avhøyr fortalde guten at den 65 år tiltalte var «nasty». Og at han fekk både pengar og alkohol for å møta han på hotellrommet.

Og at dei hadde seksuell omgang.

Tiltalte forklarte at han berre hadde prata med den fornærma guten, teke han med på restaurant, og vore snill med han.

– Det har ikkje skjedd noko seksuelt mellom oss, forklarte han.

I politiavhøyr har han derimot forklart seg om seksuell omgang. Dette hugsa han ikkje i retten.

Han hugsa heller ikkje at han hadde søkt etter bilete av mindreårige på nettet, som politiet har funne spor av på telefonen.

Tinghuset Haugesund, Haugaland og Sunnhordland tingrett. Overgrep mot ung gut.

Ein mann i 60-åra møtte måndag i retten. Han er den sjette tiltalte som møter i retten, tiltalt for overgrep mot den same guten

Foto: Olav Røli / NRK

– Det er mange ungdommar i mitt hus, og dei har lånt min telefon, sa han som forklaring.

Saka er den fjerde rettssaka der den same guten er fornærma.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post. 

Publisert 26.05.2025, kl. 17.43

Read Entire Article