Direktør i Norad
Økonomisk usikkerheit, krig og konflikt har skapt enorme humanitære behov. Samstundes vel ei rekke rike land å kutte bistandsbudsjetta sine.
Ikkje minst rammar USA sin bistandsfrys verdas fattigaste hardt.
Men allereie før dei store kutta i amerikansk bistand i 2025, såg vi ein tydeleg trend der fleire vestlege land reduserte bistanden på grunn av press på offentlege budsjett.
Så kvifor skal Noreg vere annleislandet som opprettheld eit høgt bistandsnivå?
Det første og korte svaret er at det er det rette å gjere.
Vi nordmenn klarar oss ganske bra, sjølv i tøffe tider. Vi som er fødde i Noreg har på mange måtar vunne i lotto.
Då kan vi bruke éin prosent av det vi tener på å hjelpe andre. Meiningsmålingar viser sterk støtte til dette over tid; Om lag 90 prosent støttar bistand, to av tre er einige i eit nivå på minst èn prosent.
Det andre svaret er at bistand også er bra for oss sjølve.
Når eg seier det, blir enkelte provoserte. Så la oss stoppe opp ved det. Eg seier ikkje at vi skal tene på det sjølv på kostnad av andre.
Men at vi har fordelar av å gje til andre.
1. Mjuk makt
For det første, bistand gjer oss interessante for andre.
Eg har arbeidd med internasjonale spørsmål i meir enn 20 år, og møtt menneske frå heile verda.
Det dei er mest opptekne av ved Noreg er tre ting; Energien vår, oljefondet og pengane vi kan bruke. Bistand.
Bistand er eit felt der vesle Noreg allereie «boksar i ein høgare vektklasse», som det heiter.
Og når USA og andre vestlege land kuttar i sine bistandsbudsjett, vil Noreg ha alt å tene på å oppretthalde eit høgt bistandsnivå.
For bistand handlar om meir enn økonomisk støtte, det handlar også om innverknad og makt.
Vårt engasjement innan både humanitær- og langsiktig utviklingsbistand gjev oss synlegheit og framkallar tillit hos nye aktørar på den globale scena;
Kina, India, Indonesia, Brasil og Saudi-Arabia, for å nemne land Noreg er i eller kan utvikle samarbeid med.
Det vi gjer blir lagt merke til.
Andre land veit at Noreg er i ein gunstigare økonomisk situasjon enn dei fleste.
Akkurat som europeiske vener forventar at vi stiller opp for Ukraina, merker land i det globale sør seg at vi er «last country standing» med 1 prosent av bruttonasjonalinntekt (BNI) i bistand.
2. Vi er i same båt
Ein betydeleg del av norsk bistand vert brukt på saker som er like viktige for oss sjølve som dei er for andre. To døme er klima og global helse.
Klimaendringane kjenner ikkje landegrenser. Vi er alle i same båt. Det er i alles interesse å overvinne klimagassutslepp.
Difor var det ekstra hyggeleg då eg nyleg kunne leggje fram fakta som syner at norsk bistand til klimaarbeid i utlandet bidreg til betydelege kutt i CO₂-utslepp.
Konservativt rekna bidreg norsk klimabistand med utsleppskutt tilsvarande halvparten av alle norske utslepp, syner Norad sine berekningar.
I 2023 førte norsk klimabistand i utlandet til reduserte utslepp på meir enn 22 millionar tonn CO₂. Dei fleste tiltaka gir langt større utsleppskutt per krone enn det vi får i Noreg.
For å vere overtydeleg: Norsk klimabistand er ikkje berre effektiv, men også bra for oss sjølve.
Det same gjeld norsk bistand til innsatsen for global helse. Under koronapandemien, som heller ikkje kjende landegrenser, såg vi dette med all tydelegheit.
Norsk bistand bidrog til å utvikle vaksinar og sørgje for at dei vart distribuerte. Det var i alles interesse å stoppe spreiing av viruset.
Norsk bistand støttar viktige organisasjonar som GAVI, WHO, Det globale fondet og CEPI, som på ulike vis bidreg til både utvikling og utrulling av vaksinar og medisinar som reddar liv.
Det gjer verda — inkludert oss sjølve — betre førebudd viss (når) neste pandemi råkar oss.
3. Vår eigen tryggleik
Eit tredje argument for å halde fram med bistand er vår eigen tryggleik. Noreg gir meir sivil bistand til Ukraina enn alle dei andre nordiske landa til saman.
Det gjer vi fordi behova er enorme, og fordi eit lands forsvarskamp også krev energi, eit fungerande helsevesen og humanitær hjelp.
Samstundes bidreg denne bistanden til å trygge oss sjølve i vårt nabolag. Motstandskraft hos det ukrainske folk gjer Ukraina i stand til å kjempe ein kamp som også er viktig for oss.
Det er tydelegast i Ukraina, men same mekanisme gjeld andre stadar.
Ved å støtte utvikling i land prega av konflikt eller økonomisk ustabilitet, kan bistand bidra til å førebygge eller redusere dei underliggjande årsakene til migrasjon og ekstremisme.
Global tryggleik er i Noreg si interesse. Eit stabilt internasjonalt samfunn gir tryggare økonomiske og politiske relasjonar.
4. Vårt framtidige marknad
Det gjorde inntrykk på meg då Svein Tore Holsether, konsernsjef i Yara, forklarte deira sterke satsing i Afrika med at det var deira viktigaste marknad i framtida.
Vesten er om lag éin milliard, «resten» er sju milliardar menneske. «Resten» er no halve verdsøkonomien, og delen veks.
Med fattigdomsbekjemping, økonomisk utvikling og utjamning av skilnader aukar kjøpekrafta for ein større del av befolkninga, som igjen gir norske bedrifter nye marknadsmogelegheiter.
Og med meir stabile statlege institusjonar opplever selskapa mindre risiko og tryggare rammer rundt sine investeringar.
Dette går også norsk bistand til.
Noreg har dessutan éi økonomisk interesse til, som eigast av absolutt alle nordmenn, både dei som lever i dag og framtidas nordmenn: Oljefondet (SPU).
I NOU 2022:12 vert det argumentert godt for at oljefondet gir Noreg ei særleg sterk eigeninteresse i fred, stabilitet og godt internasjonalt samarbeid.
5. Bistand verkar
Brei internasjonal forsking gir robust dokumentasjon for at bistand verkar og utgjer ein forskjell.
Sidan 1989 er 34 land, som alle mottok mykje bistand, blitt så rike at dei ikkje lenger treng bistand.
Pengane går dit dei skal, dei skapar sosial utvikling og bidreg til økonomisk vekst. Bistand er også kostnadseffektivt når det gjeld å redde liv.
Vi kan også spore resultat direkte til norsk bistand.
Gjennom vaksinealliansen GAVI har Noreg bidratt til å redde 18 millionar framtidige liv. Berre frå 2013—2017 sørga norsk støtte for at 3.1 millionar barn fekk skuletilbod.
Og norsk bistand til utvikling av skattesystemet i Tanzania har gitt hundre gonger investeringa tilbake i form av auka skatteinntekter for landet.
Men sjølvsagt; bistandsprosjekt slår også feil, slik vi her heime ser feil i helsevesenet, samferdsel- og utdanningssektoren.
Men veldig få meiner vi skal slutte med helse, skule eller transport på grunn av det. Vi lærer heller av feil og vert betre.
For kvar hundrelapp på statsbudsjettet gir vi éi krone til fattige menneske og gode føremål utanfor eigne landegrenser. Det er ei billig investering i ei betre verd — og heller ikkje dumt for oss sjølve.