Ein kampanje til støtte for gondol opp til Jostedalsbreen blir fronta av ein KI-generert illustrasjon som viser korleis taubanen kan gjere brekanten tilgjengeleg for rullestolbrukarar.
Argumentet om at gondolen vil opne brelandskapet for dei som ikkje kan ta seg opp «for eiga maskin», blei gjentatt i Dagsnytt Atten sist fredag.
– Med dette får alle høve til å komme opp til den spektakulære utsikta, sa Sunnfjord-ordførar Jenny Følling (Sp).
Sidan har debatten om rullestolvasking og følelsesmessig utpressing gått høgt.
– At de ikkje skjemmest! Eventyrar og fjellmann Stein P. Aasheim meiner det er «skammeleg når gamle og handikappa blir dytta fram som eit vikarierande argument for naturinngrep som har heilt andre motiv.»
Foto: NRK– Bruker oss som eit alibi for å gjere naturinngrep
– Grønvasking og rullestolvasking av slike prosjekt er respektlaust overfor naturen og dei som vert dratt inn for å «vaske» prosjektet, seier Vigdis Vandvik, som leier Senter for berekraftig arealbruk ved Universitetet i Bergen.
Ho legg til:
– Denne debattforma tener ingen.
Lilly Ann Elvestad i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO) gler seg over at spørsmål om framkomme og universell utforming kjem dagsorden, men ikkje på denne måten:
– Det er provoserande at dei bruker oss som eit alibi for naturinngrep, når det eigentleg er kommersielle interesser som ligg til grunn, seier ho.
Torstein Lerhol i Foreininga for muskelsjuke skriv på Facebook at han klarer seg utan dei som bokstavleg talt «skyv dei stakkars funksjonshemma framfor seg». – Naturen er ikkje universelt forma ut, og det skal han heller ikkje vere, seier han.
Foto: FRODE FJERDINGSTAD– Omsynet til rullestolbrukarar er eit relevant moment
André Sunde er prosjektleiar i Jostedalsbreen AS, som står bak «Glacier gondol»-planane.
Han meiner omsynet til rullestolbrukarar er «eit relevant og viktig moment» i avveginga mellom ulike interesser, men skjønner at bildet har skapt debatt.
– Vi forstår kritikken. Det er viktig å ikkje bruke bevegelseshemma som retoriske symbol i ein strid som eigentleg handlar om noko anna, seier han.
Han avviser at han bruker rullestol-kortet for å «pynte» eller «vaske» argumentasjonen.
– Naturen bør vere tilgjengeleg for fleire, ikkje berre for dei spreiekaste. Ei løysing som opnar opp for at rullestolbrukarar og andre med redusert rørsleevne kan oppleve utsikta, fortener å bli vurdert på eigne premiss.
Sjå fleire reaksjonar på bildebruken under.
Bente Lier, generalsekretær i Norsk Friluftsliv
Tilrettelegging handlar ikkje om etablere store utandørsattraksjonar eller bygge ned natur med gondolbanar. Vi jobbar for å inkludere enda fleire, og å fremje det nære og berekraftige friluftslivet. Vi ser med bekymring på nedbygging og kommersialisering av naturen, som vil føre til irreversible naturinngrep og auka press på naturen, stikk i strid med måla i naturavtalen.
FFO
Lilly Ann Elvestad, Generalsekretær i Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)
Vi set veldig pris på politikarar som vil snakke meir om tilrettelegging, framkomme og universell utforming, men vi vil ikkje støtte opp om ein retorikk som set eit likskapsteikn mellom funkispolitikk og naturinngrep. Framkomme er sjølvsagt viktig for funksjonshemma, men det finst mange måtar å legge til rette for auka framkomme på, det krev ikkje nødvendigvis store naturinngrep.
Janne Skei, dagleg leiar i Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjonar (SAFO)
Vi krev ikkje gondolbanar, men støttar tiltak som gjer at funksjonshemma får tilgang til naturen og friluftsopplevingar som alle andre. Ein gondolbane kan gi gode opplevingar for alle, ikkje berre funksjonshemma. Vi har likevel ingen synspunkt i denne konkrete saka om naturinngrep, kostnader og prioriteringar, men dersom gondolen blir bygd, så må han vere universelt forma ut.
André Sunde, prosjektleiar i Jostedalsbreen AS
Ein gondol vil ikkje berre kunne gje betre tilgang til naturen – ho kan også bidra til å styrke lokalsamfunnet med arbeidsplassar, auka aktivitet i reiselivet og ringverknader som kjem fleire til gode. Difor ønskjer vi ein open og nyansert debatt, der både naturvern, sosial inkludering og lokalsamfunnsutvikling får plass. Det er ikkje berre mogleg, men nødvendig, å tenkje fleire tankar samtidig.
Monica Tangen, leiar i Handikappede barns foreldreforeining
Det fleire reagerer på her er at nokon med openberre næringsinteresser bruker universell utforming som argumentasjon. Eg lurer: Har det vore løfta i det kommunale eller fylkespolitiske rådet for funksjonshemma? Har det vore ein brukarmedverkar med i prosjektgruppa? Eller er dette ein argumentasjon ein sleng på i sluttfasen for å kvitvaske argumentasjonen for naturinngrep?
Ada Amilia Skjensvold, sentralstyremedlem i Natur og Ungdom
Det er viktig å påpeike at det ikkje er rolla til funksjonsfriske å meine noko om kor vidt funksjonsnedsette ønsker og treng tilrettelegging i friluftslivet, det er derfor upassande at pådrivarar av utbygginga påstår å snakke deira sak. Omsynet til bevegelseshemma er på ingen måte relevant i denne saka, og er eit feigt og frekt påfunn for å kunne tene pengar på naturens premissar.
Paul Waaler, dagleg leiar i Friluftsrådenes landsforbund
Vi forstår viktigheita av å gjere naturen tilgjengeleg for alle, inkludert menneske med funksjonsnedsettingar, men dette rettferdiggjer ikkje store naturinngrep som den føreslådde gondolbanen til Jostedalsbreen. Det er uheldig å bruke funksjonshemma som eit vikarierande argument for naturinngrep som har heilt andre motiv.
Ingeborg Wessel Finstad, Seksjonsleiar natur og berekraft i DNT
Naturkrisa blir berre meir og meir akutt. Det inneber at vi må prioritere hardt kva utbyggingsprosjekt vi skal gå vidare med. Likevel dukkar det opp stadig fleire gondolplanar her i landet. Om utbyggarane får det som dei vil, kan vi ende opp med sju nye gondolar her i landet innan 2030.
Vigdis Vandvik, leiar ved senter for berekraftig arealbruk (UiB)
Det er ikkje via slike gondolar at tilgangen til naturen blir sikra. Og alle med overflatisk kjennskap til økonomien i ulike delar av norsk offentleg sektor veit at tilgjengeleggjering for denne gruppa, eller for allmenta meir generelt, knapt kan utgjere nokon målbar del av det økonomiske grunnlaget bak denne investeringa.
Eirik Pessl-Kleiven / NRK
Alfred Bjørlo, Venstre
Poenget med verna natur er ikkje at han skal byggast ut for å bli universelt forma ut. Det er at han skal vere natur. Det er nettopp det som gjer han verd å verne! Venstre er sjølvsagd for tilrettelagt friluftsliv. La oss starte med å bygge ut dei lokale turvegane og gjere transporttilbod tilrettelagd for alle – og å lytte til dei handikappa i staden for å skyve dei framfor seg.
Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet
Eg stiller meg fullt og heilt bak Lerhols presise beskriving av den pinlege vikarierande argumentasjonen til gondoltilhengarane. Svært mange stader er i dag fullt tilgjengeleg for alle. Naturen er ikkje og skal ikkje vere universelt forma ut, men vi har store utfordringar med å ta opp å dette på andre område, som må løysast før ein skyv funksjonshemma framfor seg for å bygge ned natur.
Olve Grotle, Høgre
Eg opplever ikkje at rørslehemma blir brukt som eit hovudargument for å bygge ein ny gondol. Det finst mange argument for og mot eit slikt prosjekt, og eit enkelt bilde eller ei setning i ein debatt er ikkje dekkande for diskusjonen om dette prosjektet. Det overordna spørsmålet er om gondolprosjektet vil gjere regionen meir attraktiv som reiselivsdestinasjon og skape ny aktivitet.
MDG
Une Bastholm, MDG
Vi kan gjere mykje meir for å opne opp samfunnet og fjerne hindringar for bevegelseshemma, men å bygge ut gondolbane i urørt natur opp mot Jostedalsbreen blir heilt feil stad å starte. Eg synest Lerhol seier det veldig godt i innlegget sitt på Facebook der han etterlyser den same omsorga når det gjeld å gjere skolar, samfunnsbygg og bustader like tilgjengelege for alle.
Morten Wedege, leiar i Naturviterne
Vi bør spørje oss om å ytterlegare auke trafikken inn i nasjonalparkområdet kan bli ein trussel for verneverdiane der. Eg fryktar at vi tenker for smalt i forvaltninga av nasjonale verneområde om vi opnar for slike installasjonar i randområda rundt. Gondolbanesaka viser kor vanskeleg naturforvaltning er når det blir stykkevise vurderingar og ulike omsyn blir sette opp kvarandre.
Gunvar Mikkelsen, Forum for natur og friluftsliv
Omsynet til bevegelseshemma er ikkje eit relevant argument i debatten om gondolen. Sårbar fjellnatur må takast godt vare på, og ikkje blir utsett for ferdsel frå potensielt tusenvis av nye turistar kvart år.
Jørgen Leangen
Åsmund Nordgulen, Forum for natur og friluftsliv Sogn og Fjordane.
Omsynet til bevegelseshemma er lite relevant for denne saka. Menneske med rørslehemming har som alle andre ulike tankar om forvaltninga av dei felles areala våre, og det må respekterast.
– Vi som er funksjonshemma blir innestengde og utestengde
Planane om ein gondol i «Astrup sitt rike» har ikkje fått endeleg klarsignal, men vertskommunen har gjeve 2 millionar i utviklingsstøtte.
Da fristen for høyringsrunden gjekk ut 3. juni, noterte kommunen seg rekordmange innspel.
Blant brevskrivarane var rullestolbrukar Oddmund Kyllesø.
– Dette vil vere ein fantastisk måte å utvide horisonten på, seier han til Firda.
– Vi som er funksjonshemma blir innestengde og utestengde. Her kan eg få ei naturoppleving på linje med alle dei som kan gå opp til breen.
Så langt har Sunnfjord kommune overført 2 millionar kroner til utbyggaren medan dei ventar på ein ny reguleringsplan. I mellomtida har også gondolmotstandarane laga KI-illustrasjonar for å vinne opinionen over på si side.
KI-generert: Aksjonsgruppa Gondolfri JostedalsbreI statuttane DNT heiter det at turistforeininga skal bidra til at alle – «uavhengig av funksjonsevne» – skal få sjansen til å delta i friluftsliv.
– Samtidig må denne tilrettelegginga skje på naturen sine premiss, seier Ingeborg Wessel Finstad, som er leiar for natur og berekraft i DNT.
– Å øydelegge intakt fjellnatur for å bygge gondolbanar er ikkje vegen å gå.
Jostedalsbreen AS
Skissa til utbyggjaren
Om det ikkje allereie var nok politisk bråk om gondolplanane til Jostedalsbreen, så har ideen også utløyst ei juridisk nøtt: Kor stor «buffersone» eller avspenningsområde gjer nasjonalparken krav på?
Gondolfri Jostedalsbre
Jølster er Astrup sitt rike
Facebookgruppa «Gondolfri Jostedalsbre» har brukt KI for å lage denne illustrasjonen
Torje Bjellaas / NRK
Tverrfjellet
Statsforvaltaren i Vestland har tidlegare gjort eit poeng av toppstasjonen til gondolen «vil liggje i randområdet og nært på Jostedalsbreen nasjonalpark». «Vi vil allereie no gjere det klart at ein toppstasjon like ved nasjonalparken og tilrettelegging for tekniske inngrep her vil vere konfliktfylt med omsyn til nasjonale interesser», skriv dei.
Stavanger Turistforening
Ryfylkeheiane
På Sørlandet har debatten gått høgt om kor mykje «bandlengde» villreinen skal få utanfor kjerneområdet sitt (landskapsvernområdet i Setesdal Vesthei-Ryfylkeheiane).
NRK
Loen skylift
Frå før er det ni gondolbanar i drift i Noreg: I Loen, Åndalsnes, Bergen (Ulriksbanen), Voss, Narvik, Stranda, Rjukan, Hafjell og Tromsø.
Berit Roald / NTB
Jostedalsbreen
I dag finst ein «sikringsventil» der regionale og statlege organ kan protestera mot kommuneplanar i spørsmål av «vesentleg betydning».
Publisert 11.06.2025, kl. 20.56