Bezos og Sanches på plass i Venezia – møtt av store protestar

6 hours ago 2


Det som blir kalla «hundreårets bryllaup» er i gang i Venezia.

Amazon-grunnleggjar Jeff Bezos skal gifte seg med Lauren Sanchez.

Paret er onsdag allereie på plass.

Bryllaupet vil vare i tre dagar, og er venta å koste opp mot 600 millionar kroner.

Møter kritikk

Bezos er verdas fjerde rikaste mann og mest kjent for å ha grunnlagt Amazon.

Han er også hovudaksjonær i romselskapet Blue Origin. Lauren Sanchez er journalist og tidlegare TV-anker.

Paret forlova seg i 2023, fire år etter at Bezos skilte seg frå Mackenzie Scott, som han hadde vore gift med i 25 år.

En gruppe mennesker som står foran bygning
REUTERS, AFP/NTB

Sjølve seremonien skal skje på ei hemmeleg stad.

Nokre kjelder meiner det er ved Arsenale, det gamle skipsverftet, eller i Misericordia-kyrkja frå det 14. hundreår.

Ikkje alle er begeistra for bryllaupet.

Dei siste vekene har det vore protestar mot at feiringa kjem til å forvandle byen til ein privat fornøyelsespark for dei rike.

En gruppe svarte duer

Duer et korn medan falske setlar med ansiktet til Amazon-grunnleggjar Jeff Bezos ligg strødde på gata på Markusplassen, i forkant av det venta bryllaupet med Lauren Sanchez i Venezia.

Foto: Yara Nardi / Reuters / NTB

Mange venetianarar er sinte, og føler seg fortrengde, ifølgje Reuters.

Venezia får millionar av besøkande kvart år.

No fryktar mange at byen blir uleveleg desse dagane, ikkje minst fordi fleire område er sperra av.

– Det einaste som betyr noko no er pengar, pengar, pengar. Vi som er fødde her blir dei tapande, seier venetianaren Nadia Rigo til Reuters.

Greenpeace meiner det er hyklersk å bruke enorme summar på fest i ein sårbar by som «held på å søkke under vekta av klimakrisa».

Dei har hengt opp eit digert banner på Markusplassen med bilete av ein smilande Bezos og teksten: «Om du kan leige Venezia til bryllaupet ditt, kan du betale meir skatt.»

Aktivistar frå Greenpeace meiner feiringa er ei hån mot klima.

REUTERS, NO SPACE FOR BEZOS

Stjernespekka gjesteliste

Bezos og Sanchez skal ha invitert 200 gjester. Minst 95 privatfly har søkt om løyve til å lande på Marco Polo-flyplass i Venezia, ifølgje AFP.

Paret har også booka fleire av dei finaste hotella i byen.

Leonardo DiCaprio, Kim Kardashian, Mick Jagger, Oprah Winfrey og Orlando Bloom er blant gjestane som venta.

I tillegg har Ivanka Trump og Jared Kushner allereie dukka opp med borna sine, ifølgje AFP.

  • en person i et plagg

    Ivanka Trump og hennes ektemann Jared Kushner

    Foto: STEFANO RELLANDINI / AFP / NTB
  • En gruppe mennesker i en båt

    Jared Kushner og to av barna hans ankommer St. Regis Hotel med en taxibåt

    Foto: MARCO BERTORELLO / AFP / NTB
  • En gruppe mennesker som står på en båt Foto: Guglielmo Mangiapane / Reuters / NTB
  • en mann og kvinne i kledning

    Motedesigner Diane von Furstenberg

    Foto: Manuel Silvestri / Reuters / NTB
  • en gruppe mennesker som står ved siden av en båt

    Lydia Gray og Michael Kives

    Foto: Manuel Silvestri / Reuters / NTB
  • en person i dress og hatt som går med en person i dress

    Corey Gamble er en amerikansk talent- og turné-manager, mest kjent som langsiktig partner med Kris Jenner fra Kardashian-Jenner-familien.

    Foto: ANDREA PATTARO / AFP / NTB
  • en gruppe menn som står ved siden av et hvitt gjerde

    Miguel Bezos

    Foto: Manuel Silvestri / Reuters / NTB
  • En gruppe mennesker som står på en båt

    Barry Diller

    Foto: ANDREA PATTARO / AFP / NTB

Ifølgje ein kjelde Reuters har snakka med, skal den fyrste festen haldast torsdag kveld i klostergarden til Madonna dell’Orto.

Valet til Bezos og Sanchez om å gifte seg i kanalbyen, føyer seg i ei lang rekkje kjendisbryllaup som har funne stad i Venezia.

I 2014 gifta skodespelaren George Clooney seg med menneskerettsadvokat Amal Alamuddin der.

Mottar takk frå italienske styresmakter

Trass i kritikken har paret også fått ros.

Den italienske regionleiaren for Veneto, Luca Zaia, melde onsdag at Bezos og Sanchez har donert 3 millionar euro til tre lokale institusjonar.

Det er Unesco sitt kontor i Venezia, ein universitetskonsortium som forskar på lagunen, og Venice International University som har fått pengar.

– Velkomen til Venezia, Jeff. Takk for ei usedvanleg raus gåve, sa Zaia i ei fråsegn.

Publisert 25.06.2025, kl. 22.31 Oppdatert 25.06.2025, kl. 22.34

Read Entire Article