Bergensbanen er framleis stengt etter at eit godstog spora av fredag kveld rundt 18.00 ved Myrdal stasjon.
All togtrafikk har vore nede sidan den tid.
– Vi veit ikkje kor lang tid det vil ta før trafikken kan starte igjen, seier pressekontakt Gunnar Børseth i Bane Nor til NRK laurdag morgon.
Toget som spora av har blitt heist vekk frå ulykkesstaden.
Mannskap jobbar på staden.
– No må vi først undersøke ulykkesstaden for å sjå til at det ikkje er fare for anna togtrafikk. Vi må også sjekke infrastrukturen i området. Dette gjeld først og fremst sporvekslaren der avsporinga skjedde, men også området rundt, seier Børseth.
Dei veit framleis ikkje kva som er årsaka til avsporinga, men ifølge Børseth er det ikkje uvanleg at det kan skje.
Dei fleste togavgangane i dag er utselt, både til og frå Oslo.
Børseth oppmodar dei reisande om å følge med på Vy og Entur for å halde seg oppdaterte.