Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_d0af827ee8a2c10a4d5224a44b30d055, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Avis: Motorsvikt truleg årsak til flystyrten i India - NorwayToday

Avis: Motorsvikt truleg årsak til flystyrten i India

2 months ago 11


Wall Street Journal viser til ikkje namngitte etterforskarar, som meiner at nødkraftsystemet på Air India-flyet var i bruk då det styrta kort tid etter avgang frå Ahmedabad i Gujarat.

Dette reiser spørsmål om motorane fungerte som dei skulle.

279 menneske omkom i ulykka, og fleire var på bakken.

Berre éin passasjer av dei 242 menneska om bord overlevde.

Ahmedabad ligg i delstaten Gujarat vest i India. Byen har rundt 5,5 millionar innbyggarar.

Berre ein overlevande

Overlevande, Vishwash Kumar Ramesh har fortalt at flyet stansa opp i lufta og at det lyste grøne lys før flyet styrta inn i eit hybelhus mindre enn eit minutt etter avgang.

Flyet var av typen Boeing 787–8 Dreamliner med 242 menneske om bord, var på veg til Gatwick i Storbritannia.

Det byrja å miste høgde berre sekund etter avgang.

en lege som tar seg av en pasient

Vishwash Kumar Ramesh var den einaste som overlevde flystyrten i India førre veke.

Foto: AFP

Nødsystemet som var aktivt, heiter Ram Air Turbine (RAT). Det skal sikre at pilotane kan styre flyet sjølv om begge motorane sviktar. Flyet hadde motorar frå GE Aerospace.

Indias luftfartstilsyn seier dei ikkje har funne store tryggleiksproblem med Air India sine 787-fly. Boeing og GE har ikkje kommentert saka.

Publisert 18.06.2025, kl. 09.58 Oppdatert 18.06.2025, kl. 10.14

Read Entire Article