Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_a8fec103f7def2f215dc7cbd13cce021, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Åtvarar mot drastisk «spytte-grep»: – Ikkje formålstenleg for nokon - NorwayToday

Åtvarar mot drastisk «spytte-grep»: – Ikkje formålstenleg for nokon

9 hours ago 5


– Sambuaren min har vore i ein slik situasjon før, så med ein gong han såg vekta sa han «gå på badet, sett i gang og spytt». Så måtte ein berre stå i det.

Sjå for deg følgande scenario:

Knappe 2,5 time før vektkontroll til ein konkurranse, i ein idrett der det blir konkurrert i vektklassar, veg du éin kilo for mykje for den klassen du skal delta i.

Det var nyleg realiteten for Ronja Orderløkken Løvik, som driv med styrkeløft.

I over elleve veker dreiv ho med «cutting», som enkelt forklart er ein kortvarig og aggressiv metode fleire utøvarar bruker for å gå ned i vekt før vektkontroll.

Den siste tida gjekk ho også på «water cut».

To gonger vog Løvik likevel litt for mykje for den vektklassen ho ønskte å stille i. Då tok ho endå eit grep:

Spytte, spytte og spytte.

– Så då var det på med plastpose og boblejakke på tredemølla for å sveitte ut væske, i tillegg til å spytte for å gå ned i den vekta eg måtte, forklarar ho.

Styrkeløfter Ronja Orderløkken Løvik har på boblejakke og spytter i en kopp.

Løvik la ut prosessen i ein video på sosiale medium. På TikTok er han sett over 276.000 gonger.

Fleire idrettsutøvarar bruker varme som ein del av treninga. Både skiskyttarar, langrennsutøvarar og syklistar har vore opne om treningsmetoden.

Åtvarar: – Ikkje tilrådeleg

– Korleis påverkar det hovudet?

– Det er jo mentalt. Du må stå i det og ha trua på det, svarer Løvik, som understrekar at ho hadde sambuaren og andre personar rundt seg heile vegen.

Ernæringsfysiolog Therese Fostervold Mathisen åtvarar mot å gjere grep for å gå raskt ned i vekt.

– Éin kilo på to timar er ikkje noko særleg å anbefale. Verken med tanke på potensielle helsekonsekvensar, ei heller med tanke på det som utøvarane er ute etter; å prestere godt i det «eventet» som ventar få timar etterpå.

Therese Fostervold Mathisen

Ernæringsfysiolog Therese Fostervold Mathisen er ikkje særleg overtydd av å spytte av seg vekt.

Foto: NRK

Ho er førsteamanuensis ved avdeling for helse, velferd og organisasjon ved Høgskolen i Østfold. Mathisen har brei forskingserfaring knytt til kosthald, vektreduksjon og utøvarar si helse.

Løvik seier at ho trur ho gjekk ned 600 gram berre av å spytte, men ernæringsfysiologen meiner det har minimal effekt å spytte væske.

– Vi har ein gjennomsnittleg spyttproduksjon på ein halv liter til 1,5 liter per døgn. Så om du då spyttar intensivt i ein time, så trur eg det er minimalt kva du får ut av vektdifferanse på akkurat det.

Mathisen meiner at ein burde vurdere å stille i ein annan vektklasse, om ein er over kravet.

– Målet om NM-kravet var han primære årsaker til å stille i vektklassen, og eg hadde ikkje klart å løfte tungt nok til å klare kravet i klassen over. I mitt tilfelle kunne eg berre bytt vektklasse, men i større konkurransar får du ikkje konkurrere om du bommar, svarer Løvik.

– Ikkje formålstenleg

Styrkeløftaren posta prosessen på TikTok og Instagram. Videoen har fått over 276.000 visningar.

Sjølv åtvara ho i kommentarfeltet mot metoden, der ho blant anna også togg på surt godteri og spytta det ut.

– Eg fekk jo litt kommentarar på at dette er ein video eg ikkje burde legge ut, fordi det kan trygge unge som slit med eteforstyrringar. Då synest eg det var veldig viktig å oppklare at dette er ikkje noko som er for den normale befolkninga eller ein god metode for å gå ned i vekt, seier Løvik.

Styrkeløftar Ronja Orderløkken Løvik spyttar og går på tredemølla med boblejakke før vektkontroll.

Ho held fram:

– Det er ikkje bra om ein ikkje veit korleis ein gjer det. Og det er ein akutt vektnedgang, så du går rett opp igjen. Så ikkje formålstenleg for nokon, med mindre du skal stille i ein vektklasse.

Nyleg fullførte Løvik ein bachelor i rørslevitskap ved NTNU i Trondheim.

Til hausten begynner ho på ein master i treningsfysiologi og rørslevitskap.

Letta, men utsliten

Då Løvik så skulle vege seg inn, var ho under kravet. Sjølv om Løvik var letta, var ho også heilt utsliten etterpå.

Eg var jo dehydrert, openbert. Så sliten, men det var ei herleg kjensle å klare å gå ned i vektklassen, seier ho.

I den følgande konkurransen, i regi av Trondheim Styrkeløftklubb, tok ho også NM-kravet. Noregsmeisterskapen blir arrangert i haust.

en person som løfter vekter

Styrkeløft består av knebøy, markløft og benkpress. Løvik har drive med styrkeløft i eit halvt år, men trena aktivt for det i tre år.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Vektklassar i fleire idrettar

Styrkeløft er éin av fleire idrettar der det blir konkurrert i vektklassar.

Boksing, bryting, vektløfting, judo, roing og karate er andre idrettar som deler konkurrentane inn etter vekt.

NRK spør ernæringsfysiologen kva ho tenkjer om det.

I mange idrettar så er det ein rettferdig måte å gruppere konkurrentar på, fordi ein skal kunne konkurrere under relativt like vilkår. I nokre idrettar så kan det finnast grunnlag for å vurdere om vi treng vektklassar, om det finst andre måtar å finne likeverdige konkurrentar på, svarar Mathisen.

I dei tilfella det er behov for vektklassar, meiner Mathisen at idrettane bør vere klar over kva utfordringane det kan medføre.

– Og derfor også ha god oppfølging av fagekspertise for dei utøvarane som skal konkurrere. Slik at dei får ei god rettleiing i kva vektklassar dei bør tilpasse seg, og korleis dei kan gå fram om dei må gjere justeringar.

Publisert 13.07.2025, kl. 18.50

Read Entire Article