I ei stue i Trondheim sentrum sit artist Sara Fjeldvær og syng ved eit piano.
Med ei interesse for indie- og jazzmusikk har ho gitt ut musikken sin på Spotify.
Men no vil Fjeldvær trekke musikken frå strøymetenesta.
Det er ho ikkje aleine om.
Fleire artistar har uttrykt misnøye i sosiale medium, og ønsker å fjerne musikken sin frå plattforma.
– Eg trur mange ikkje har forstått alvoret, seier artisten.
– Ein ting er at Spotify ikkje betaler mindre artistar så godt, men dei investerer pengar i våpen og musikk utvikla ved hjelp av kunstig intelligens.
No oppfordrar ho fleire artistar og abonnentar til å boikotte strøymetenesta.
Spotify-sjefen med toppverv i våpenselskap
Grunnleggaren av Spotify Daniel Ek har tent godt på strøymetenesta sidan ho blei lansert i 2006.
Sidan 2021 har han investert store summar i det tyske våpenselskapet Helsing.
I våpenselskapet er Ek styreleiar. Det samtidig som han er toppsjef i Spotify.
Grunnleggaren av Spotify Daniel Ek er også styreleiar i Helsing.
Foto: KEVIN DIETSCH / AFP / NTBI juni blei det investert 600 millionar euro i Helsing. Det tilsvarar over 7 milliardar norske kroner.
Ek sitt investeringsselskap, Prima Matera, leia runden og var største investor. Den nøyaktige summen frå Prima Matera er ikkje offentleg kjend.
NRK har vore i kontakt med Spotify og Daniel Ek. Dei vil ikkje kommentere saka.
Kvifor boikott akkurat no?
Ek har investert i våpenselskapet sidan 2021. Så kvifor skjer boikotten akkurat no?
Daniel Nordgård er styremedlem i organisasjonen for artister og musikere, GramArt. Han peikar på to hovudårsaker.
Daniel Nordgård ser fleire årsaker til at artistar vil boikotte strøymetenesta.
Foto: Universitetet i Agder– Det som har skjedd no handlar mest om at Daniel Ek som eig store delar av Spotify har tent mykje pengar på plattforma. Han har brukt ein del av desse pengane på aksjar i våpenindustrien.
– Samtidig har Spotify fått ein del kritikk mot manglande økonomisk berekraft. Dette er ei oppfølging av ein kritikk som har gått føre seg over lenger tid, legg Nordgård til.
Blei boikotta for to år sidan
Det er ikkje første gang at artistar tar avstand frå plattforma.
I 2022 tok fleire avstand frå strøymetenesta etter at podkasten «The Joe Rogan Experience» spreidde usann informasjon om korona og vaksinering.
Joe Rogan sin podkast fekk fleire til å ta avstand frå plattforma.
Foto: DADO RUVIC / Reuters / NTB– Fleire store artistar blei med på boikotten, men det gav ikkje noko resultat. No er musikken deira tilbake på Spotify, opplyser styreleiar i Nopa Ole Henrik Antonsen.
– Det seier noko om kor vanskeleg det er for artistar å trekke musikken sin frå den aller største plattforma, legg Antonsen til.
Ifølge Ole Henrik Antonsen har ikkje artistar ei god nok erstatning for Spotify.
Foto: Anne Valeur / NopaAntonsen understrekar at boikott er krevjande i praksis, sidan Spotify er ei av dei viktigaste inntektskjeldene for artistar.
– Ingen artist eller plateselskap med ei stor satsing har råd til å ikkje vere på Spotify.
Han peikar òg på at alternativa til Spotify er få og ofte problematiske.
– Sjølv om nokon tenester oppgir eller blir målt til høgare pris per strøyming, betyr ikkje det at ein større del av inntektene går tilbake til rettshavarane.
Ein global milliardindustri
Spotify gjer det stort globalt, og har høge inntekter på reklame og abonnement.
I 2024 betalte strøymetenesta ut 10 milliardar dollar til musikkbransjen. Det tilsvarar omtrent 108 milliardar norske kroner.
Milliardbeløpet gjer selskapet til den største utbetalaren i musikkbransjen – også i Noreg.
Likevel er det estimert at artistar tener berre mellom ein og fire øre per strøyming av ei låt.
Spotify er den største strøymetenesta av musikk.
Foto: MICHAEL M. SANTIAGO / AFP / NTBEtter at Spotify har dekka eigne utgifter, blir eigarane av musikken betalt.
Storleiken på utbetalinga vil variere ut ifrå kor mykje musikken har blitt spelt av i løpet av ein månad.
Spotify betalar ikkje artistane direkte, men gjennom plateselskap og distributørar som har eigne avtalar med artistane.
Kjem du til å boikotte Spotify?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Ikkje alle kan trekke musikken sin
Leddet mellom artistane og strøymetenesta gjer det utfordrande for enkelte artistar å trekke musikken sin frå plattforma.
– Konsekvensane for artistane er å miste eit stort publikum. Dei fleste som lyttar til musikk bruker Spotify, seier Fjeldvær.
– Det er på tide at vi i Noreg tar eit standpunkt om at vi ikkje vil vere del av ein slik bransje.
Foto: Roger Myren / NRKHo kjenner seg liten i møte med strøymetenesta.
– Eg ønsker at større artistar også trekker seg ut av Spotify. Det er på tide at vi i Noreg tar eit standpunkt om at vi ikkje vil vere del av ein slik bransje.
Fjeldvær håper at boikotten kan bidra til ei endring i musikkbransjen.
Effekten av å boikotte ei milliardverksemd
Men vil ein boikott av strøymegiganten ha ein effekt?
– At enkeltartistar trekker sin katalog har nok ikkje så stor innverknad. Men påverkinga dei har på publikumet sitt kan bidra til at boikotten blir lagt merke til, seier Daniel Nordgård.
Nordgård trur at den største endringa blir kva type musikk dei ulike strøymetenestene vil tilby.
– Eg trur at strøymetenester i større grad vil konsentrere seg om utvalde katalogar, framfor å tilby all musikk i verda.
Sara Fjeldvær håper at fleire blir med på boikotten.
Foto: Roger Myren / NRKIfølge Sara Fjeldvær er det utfordrande å vere ein mindre artist opp mot gigantverksemda.
– Det kjennast veldig makteslaust, seier ho.
Samtidig trur ho at ei endring kan skje, dersom fleire blir med på boikotten.
– Dei som lyttar til musikken og dei store artistane må bli med, viss ikkje er det berre den snevre musikken som forsvinn.
Publisert 18.07.2025, kl. 11.03 Oppdatert 18.07.2025, kl. 11.38
















English (US)