Anna Wintour (75) gir seg som redaktør for motemagasinet US Vogue etter 37 år i jobben, melder amerikanske medium torsdag, ifølgje AFP.
Briten tok over som redaktør i 1988, og har vore ein av dei mest innflytelsesrike figurane i motebransjen sidan då.
Under eit møte med dei tilsette fortalde ho at ho no går av, men ho blir verande i konsernet Conde Nast.
Ho skal vere global innhaldsdirektør og redaksjonell leiar for Vogue, skriv magasinet People.
Wintour har førebels ikkje kommentert nyheita sjølv.
Publisert 26.06.2025, kl. 20.05 Oppdatert 26.06.2025, kl. 20.09