På eit møte i Sør-Sudan diskuterer dei ein norsk milliardfusjon.
Raymond Johansen frå Norsk Folkehjelp er til stades.
Og han går hardt ut mot eit av Noregs største selskap.
Kva er linken mellom eit kontorbygg på Fornebu...
...og ein borgarkrig som tok slutt for over 20 år sidan?
Ein kan så vidt skimte bokstavane.
«Lundin» står det skrive på ein rusten tank som tidlegare har vore fylt med drikkevatn.
– Lundin bygde ei bru og fiksa denne vasstanken. Det var alt dei gjorde for lokalbefolkninga, hevdar pastor James Ninrew Don.
Han har i årevis kjempa mot Lundin.
Og dei siste tre åra har han, i samarbeid med Norsk Folkehjelp og fleire andre organisasjonar, retta skytset mot Kjell Inge Røkke og Aker BP.
Aker BP kjøpte opp store delar av Lundin i 2021, og Norsk Folkehjelp er blant organisasjonane som meiner at Aker BP ikkje vurderte menneskerettar godt nok før oppkjøpet vart gjennomført.
Dei klaga inn saka til Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv som i tre år har vurdert det som er ein av noregshistorias største fusjonar.
I dag kom beskjeden om at organisasjonane har vunne fram.
«Aker BP har (...) ikkje utført ein aktsomhetsvurdering i tråd med retningslinjene når det gjeld menneskerettar».
Kontaktpunktet viser til at Aker BP både har gjort forretningsmessige, finansielle og juridiske aktsomhetsvurderingar. Men at desse vurderingane ikkje har vore tilstrekkelege når det kjem til menneskerettar.
No ber dei Aker BP ta grep, og anbefaler selskapet å gjere ei ny aktsomhetsvurdering der menneskerettar vert nøyare vurdert. Kontaktpunktets vedtak er rådgivande og ikkje juridisk bindande.
Aker BP meiner på si side at dei derimot har gjennomført alle naudsynte aktsomhetsvurderingar, og at dei reknar saka som avslutta. Dei planlegg ikkje ytterlegare tiltak, skriv pressetalsperson i Aker BP, Ole-Johan Faret i ein e-post til NRK.
Olje og sørsudansk borgarkrig
På eit fagrørslemøte i Sør-Sudan møter NRK fleire personar som samarbeider med Norsk Folkehjelp. Fleire der er kritiske til Aker BP.
Men det norske oljeselskapet har aldri hatt aktivitet i landet, så kvifor er då Kjell Inge Røkkes firma likevel eit tema?
James Ninrew Don er både pastor og aktivist, og taler på eit fagrørslemøte i Bentiu i Sør-Sudan.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKPastor Don hoppar eit stykke tilbake i tid om han skal forklare kvifor han er sterkt kritisk til oppkjøpet som eit av Noregs største selskap har gjort.
Det har i årevis vore det svenske selskapet Lundin han er kritisk til. Lundin bora etter olje i pastorens heimeområde, lengst nord i Sør-Sudan.
Samtidig herja ein brutal borgarkrig i det same området.
Nyheitene om brutale soldatar gjekk verda rundt. Landsbyar vart brente ned, og sivile vart drepne.
Det hadde lenge vore konflikt i området, spesielt mellom kristne grupper i sør og det muslimske leiarskapet i hovudstaden Khartoum. Men krigen handla lite om religion, og meir om politisk makt, retten til land, og olja under bakken.
Utfallet av den blodige borgarkrigen var ei oppsplitting av det som den gong var Afrikas største land, og Sør-Sudan vart eit sjølvstendig land.
Sidan krigens slutt har overlevande forsøkt å stille involverte til ansvar. Deriblant oljeselskapet Lundin, som fleire meiner har hjelpt til å utføre krigsbrotsverk. Lundin har heile tida nekta for at det stemmer.
Saka har fått stor merksemd i Sverige, der Lundin høyrte heime. Men selskapet har også band til Noreg.
Kva gjorde eigentleg Lundin i Sudan?
At det svenske selskapet bora etter olje er alle einige om.
Men Pastor Don og mange andre meiner det svenske selskapet også bygde vegar og ei flystripe som gjorde det mogleg for den sudanske hæren å komme seg inn i området, for deretter å utføre angrep mot sivile og landsbyane deira.
Lundins kritikarar meiner altså at selskapet medverka til angrep på sivile og grove krigsbrotsverk. Sjølv har alle involverte i Lundin nekta for dette.
Lundin hadde signert avtale med Sudans regjering om å leite etter olje. Men det aktuelle området var ikkje under regjeringshærens kontroll. Og det var ei kjent sak at det gjekk føre seg ein krig i området mellom regjeringshæren og lokale grupper.
Krigen førte til nedbrente landsbyar, tallause drap og grove krigsbrotsverk.
Samtidig vart det etablert fleire oljefelt, og anlegga som ser ut som store basseng ligg framleis midt utpå den sørsudanske landsbygda.
Det omstridde oppkjøpet
Etter at krigen tok slutt i 2005 starta arbeidet med å stille involverte til ansvar. Og då byrja skuldingane mot Lundin for alvor å ta form.
Først kom den nederlandske organisasjonen PAX med ein omfattande rapport som inneheldt krasse skuldingar mot Lundin. Og i 2010 starta svensk påtalemakt ei etterforsking av Lundin.
Selskapet blir skulda for å ha støtta den sudanske hær. Og det heile har enda opp i den største rettssaka i svensk historie. To Lundin-toppar står for tida tiltalte for medverknad til krigsbrotsverk.
Men har Aker BP noko ansvar for det Lundin gjorde i Sudan?
Nei, meiner Aker BP, som avviser at det er noko som helst band mellom selskapet og Sudan-saka.
Ja, meiner Norsk Folkehjelp og dei andre organisasjonane som klaga inn Aker BP til Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv.
Samtidig som saka om Lundins aktivitet i Sør-Sudan rulla vidare i Sverige, fekk Lundin stadig tettare tilknyting til norsk oljenæring - og spesielt Kjell Inge Røkkes Aker BP.
I 2003 selde Lundin seg ut av Sudan.
Og vinsten frå Sudan vart mellom anna investert i Noreg.
Lundin gjer fleire store oljefunn og veks til ein av dei største aktørane i norsk oljenæring.
Men Sør-Sudan-saka skaper trøbbel i Lundins heimland, Sverige, der det går mot tiltale mot to sentrale sjefar i Lundin.
I 2021, rett før det vert teke ut tiltale, kjøper Aker BP opp Lundin.
Men dei kjøper ikkje heile Lundin, berre 98 prosent.
Sør-Sudan-saka ligg att i restane av Lundin, som no er eit langt mindre selskap som skifter namn til Orrön Energy.
Måten oppkjøpet skjedde på skaper reaksjonar.
26 organisasjonar, både frå Sør-Sudan, Noreg og andre land, gjekk saman om å sende brev til Kjell Inge Røkke og Aker BP.
Deira påstand er at Aker BP sitt oppkjøp av Lundin var så omfattande at Orrön Energy - som no har det juridiske ansvaret for Sudan-saka - ikkje nødvendigvis har nok pengar til å betale erstatningar som kan komme etter eit tap i retten.
Om denne påstanden skulle stemme, så meiner organisasjonane at sørsudanarar som overlevde borgarkrigen ikkje vil få pengane dei kan ha rett på.
Uro for at erstatningar uteblir
Organisasjonane viser til at det er mange overlevande i Sør-Sudan som ikkje er direkte part i rettssaka i Sverige, men som likevel kan ha grunnlag til å søke om økonomisk erstatning etter ein eventuell dom mot Orrön.
Men om Orrön går konkurs, slik organisasjonane meiner det er fare for, er det ingen å rette eventuelle krav mot.
Orrön Energy skriv i ein e-post til NRK at dei reknar det som særs usannsynleg at dei tapar rettssaka i Sverige.
– Me er heilt overtyda om at verken selskapet eller tidlegare sjefar har gjort noko gale, og at dette vil bli bevist i den pågåande rettssaka i Stockholm tingrett, skriv Robert Eriksson, talsperson i Orrön Energy.
Selskapet seier det er sett av nok pengar til å betale for det beløpet som aktor har kravd.
Orrön svarer aldri direkte på NRKs spørsmål om dei også har nok pengar til å betale for nye krav som kan kome frå personar i Sør-Sudan i etterkant av ein eventuelt fellande dom.
– Gjekk med på å rane Sør-Sudans folk
Pastor Ninrew Don, som NRK møter i Sør-Sudan, er ein av dei som har vitna i rettssaka i Sverige. I rettssalen i Stockholm stod han ansikt til ansikt med Ian Lundin og Alex Schneiter, dei to tidlegare sjefane i Lundin som står på tiltalebenken.
Dei to avviser alle skuldingar som rettssaka bygger på. Det vil framleis ta ei stund før det kjem ein rettskraftig dom i den veldig omfattande rettssaka.
Det er framleis aktivitet ved oljefelta ved Bentiu, nord i Sør-Sudan. Men det er mange år sidan Lundin selde seg ut.
Foto: Vegard Tjørhom / NRKPastor James Ninrew Don snakkar gjerne om Lundin, men med NRK snakkar han mest om Aker BP.
– Dei gjekk med på å rane Sør-Sudans folk, seier han om selskapet der ein av Noregs rikaste, Kjell Inge Røkke, sit på toppen.
Sjølv om rettssaka i Sverige er stor, så kjenner pastoren mange av dei som ikkje er direkte part i saka, men som han meiner likevel kan ha krav på erstatning frå Lundin/Orrön.
Kritikken rundt Aker BPs vurderingar rundt menneskerettsspørsmål før oppkjøpet av Lundin har eksistert i fleire år.
Men selskapet har heile tida avvist kritikken, og peikar på at ansvaret for Sudan-saka ligg igjen i den delen av Lundin som Aker BP ikkje kjøpte - altså hos Orrön Energy.
Lundin med mange band til Noreg
Ein av kritikarane til Aker BP er Raymond Johansen, generalsekretær i Norsk Folkehjelp.
For nokre månadar sidan stod han i eit forsamlingslokale i Bentiu i Sør-Sudan, framfor eit titals overlevande frå borgarkrigen.
Folka framfor han har tidlegare jobba for oljeselskapa som opererer i området.
NRK var med då den tidlegare Oslo-sjefen, UD-toppen og den noverande generalsekretæren i Norsk Folkehjelp var på besøk i Sør-Sudan for å lære meir om Lundin-saka.
Johansen er opprørt over å høyre om Aker BPs oppkjøp, og han meiner det norske selskapet har kjøpt opp «blodpengar».
Han meiner det er eit sentralt poeng at Lundin tente pengar i Sudan som seinare vart investert på norsk sokkel. Ein del år seinare var det denne aktiviteten i Noreg som vart kjøpt opp av Aker BP.
I Lundins årsrapport frå 2003 står det at aktiviteten i Sudan gjorde det mogleg å satse i Noreg.
Aker BP meiner på si side at det ikkje finst noko slikt band mellom verksemda i Sudan og oppkjøpet av Lundins aktivitet i Noreg.
Lundin har på ulike vis hatt tette band til norsk næringsliv.
- Lundin gjer fleire gode investeringar og har fleire store oljefunn i Nordsjøen.
- Dei kjøper opp delar av Det Norske Oljeselskap (DNO)
- Samarbeider med Equinor på det store Johan Sverdrup-feltet.
- Og Folketrygdfondet er blant dei som investerer pengar i Lundin.
Saka frå Sør-Sudan rulla vidare i Sverige, utan at det fekk synlege konsekvensar for Lundins aktivitet i Noreg.
Anbefaler Aker BP å gjennomføre ny vurdering
Kontaktpunktet for ansvarleg næringsliv konkluderer i sitt vedtak med at Aker BP burde ha gjennomført ei aktsomhetsvurdering som tok meir omsyn til menneskerettar. Dei anbefaler selskapet å gjere dette no.
Aker BP skriv i sitt svar til NRK at dei har gjort «naudsynte aktsomhetsvurderinger i samband med transaksjonen, i tråd med OECDs retningslinjer».
Hadde oppkjøpet skjedd i dag ville ei aktsomhetsvurdering som tok omsyn til menneskerettar vore eit klart krav. Openheitslova krev at Aker BP måtte gjennomført ei slik aktsomhetsvurdering, og det ville vere mogleg for journalistar og andre å få innsyn i vurderinga.
Ei slik vurdering skal sjå om eit selskap opptrer på ein måte som ikkje har negative konsekvensar for - mellom anna - menneskerettar.
Men oppkjøpet av Lundin skjedde 30. juni 2022 - dagen før openheitslova trådde i kraft.
NRK har tidlegare spurt Aker BP om innsyn, men har ikkje fått dette. Dei er heller ikkje plikta til dette fordi openheitslova trådde i kraft 1. juli 2022, altså dagen etter oppkjøpet.
Meiner Aker BP har vore lite samarbeidsvillige
Norsk Folkehjelp har vore blant organisasjonane som har ført saka mot Aker BP. Dei har i fleire år vore i dialog med Aker BP om saka, og er ikkje nådig i sin kritikk.
– Aker BP har vore veldig lite samarbeidsvillige ovanfor oss når me har stilt spørsmålsteikn ved oppkjøpet av Lundin, seier Johansen.
Dialogen førte aldri fram, og det var difor Norsk Folkehjelp var ein av organisasjonane som klaga inn Aker BPs oppkjøp av Lundin til Noregs kontaktpunkt for ansvarleg næringsliv.
Johansen er nøgd med at Kontaktpunktet no anbefaler at Aker BP gjennomfører ei ny aktsomhetsvurdering.
– Hadde dei gjort denne aktsomhetsvurderinga, så hadde ein funne ut at det her er gjort seg skuldig i alvorlege krigsbrotsverk og brot på menneskerettane, meiner Johansen.
Aker BP har allereie sagt til NRK at dei ikkje kjem til å gjere eit slikt tiltak, og meiner vurderingane dei har gjort er tilstrekkelege.
Johansen meiner derimot at Aker BP framleis har eit ansvar for at alle sivile i Sør-Sudan får ei eventuell erstatning.
– Dei bør vedkjenne seg at dei har hatt og har eit ansvar. Så slik sett er Kontaktpunktets kjenning veldig viktig, seier Raymond Johansen.