450 øybuarar skal få bru til 1,8 milliardar kroner

2 weeks ago 16


SmartNSM - Automatic
Business.no+


  • Kva bør ein bruke 1,8 milliardar kroner til?
  • Er det politisk meir «sexy» å opne nye vegar enn å reparere gamle?

På Atløy i Askvoll budde det 450 menneske i 2021.

Torsdag gav samferdslepolitikarane i Vestland fylke eit samrøystes ja til den nye brua til 1,8 milliardar kroner.

Den nye brua vil altså koste 4 millionar kroner per øybuar. Den vil erstatte dagens ferjesamband.

Samstundes er vedlikehaldsbehovet på dei over 2000 fylkesvegbruene i Vestland no kostnadsrekna til 5,3 milliardar kroner – 1,8 milliardar kroner meir enn for fire år sidan.

I tillegg har dei same fylkespolitikarane laga ei lang liste med andre vegprosjekt dei ønsker å prioritere. For 1,8 milliardar kroner kunne dei realisere 13 av prosjekta – mellom Stryn i nord og Sveio i sør.

Atløysambandet skal knytte 450 innbyggjarar til fastlandet i Askvoll kommune.

Ta vare på eller bygge nytt?

Saka skal endeleg avgjerast i fylkestinget neste månad, men alle partia i samferdsleutvalet vart einige om brua torsdag.

Avgjerda skapar reaksjonar.

– Politikarane våre har vore tydelege på at vi skal ta vare på det vi har, kontra det å bygge nytt, seier avdelingsleiar John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune.

Dette var også omkvedet frå regjeringa då Stortinget i fjor vedtok «ønskelista» Nasjonal transportplan 2025-2036: færre gigaprosjekt og meir til vedlikehald.

– Meir nøkternheit, meir «mjølk og brød-prosjekt» i heile landet, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

– Ingen er ueinige om den politikken der. Så får vi sjå kva som skjer når det kjem til realitetane, når dei kanskje må velje mellom vedlikehald og nybygging, seier Jacobsen.

John Martin Jacobsen, Vestland fylkeskommune

John Martin Jacobsen i Vestland fylkeskommune meiner ein bør prioritere sikre skulevegar, rassikring og tyngre vedlikehaldstiltak, framfor å bygge nytt.

Foto: Vestland fylkeskommune

– Alvorleg etterslep

Sjefen hans, Dina Lefdal, er direktør for infrastruktur og veg.

No har ho fått laga den ferske oversikta som viser at «vedlikehaldsetterslepet» på fylkesvegbruene i Vestland vil koste 5,3 milliardar kroner.

1100 av bruene i fylket er eldre enn femti år. 70 bruer har stor eller svært stor skade på bereevna.

– Dette er jo alvorleg. I verste fall, dersom det går langt nok, må vi stenge bruer for trafikk, seier ho.

Reparasjonsarbeid på Herdla bru i Øygarden

Reparasjonsarbeid på Herdla bru i Askøy kommune.

Foto: Vestland fylkeskommune

Arve Helle (Ap) er leiar i hovudutvalet for samferdsel og mobilitet.

– Å løyse vedlikehaldsetterslepet krev alvorleg store summar. Det er heilt umogleg å ordne alt på kort tid. Vi må berre prøve å få tatt unna det aller mest presserande, seier han.

Det nye kostnadsoverslaget sjokkerer Frank Willy Djuvik (Frp).

– Dette er mykje alvorlegare enn vi tidlegare har vore klare over. Ei gigantisk utfordring som vi er nøydde til å løyse. Vi må ta store og umiddelbare grep. Men det er ikkje mogleg utan statleg hjelp, seier han.

Han etterlyser eit nasjonalt løft for å sørge for å få bruene opp til ein tilfredsstillande standard som sikrar sikkerheita for brukarane.

– Berre tull

Men dei to politikarane vil ikkje droppe å bygge Atløysambandet.

– Det er ei total avsporing å begynne å diskutere det, meiner Helle.

– Dei som vil det, veit ikkje kva dei snakkar om. Det er berre tull, meiner Djuvik.

Begge viser til at Atløysambandet skal byggast for pengane ein sparer på å legge ned ferjesambandet.

Dette er såkalla ferjeavløysingsmidlar der staten bidrar med 17,7 millionar kroner årleg i 45 år – totalt nesten 800 millionar kroner – som elles ville gått til ferjedrift.

– Desse pengane kan ein jo ikkje bruke på andre ting enn ny bru, seier Djuvik.

– Ein kan ikkje få orden på resten av bruene ved å kutte ut Atløysambandet. Dessutan vil ferjeavløysingsprosjektet på sikt faktisk løne seg for fylkeskommunen, seier Helle.

Alverstraumen bru.

6000 bilar passerer dagleg Alverstraumen bru i Alver kommune. Den smale brua er lysregulert og i dårleg forfatning.

Foto: Vestland fylkeskommune

Høg lånegjeld hindrar utbyggingar

Men ifølge Jacobsen i fylkesadministrasjonen er ikkje saka enkel.

– Fylkeskommunen har ei veldig høg gjeldsgrad. Vi må også lånefinansiere heile summen for Atløysambandet, sjølv om vi får pengane igjen over lang tid.

– Når fylkestinget prioriterer å bygge Atløysambandet, må andre viktige prosjekt som bruvedlikehald og andre investeringar vente lenge før dei kan bli starta opp.

Skadd jern og betong på Hamrøy bru

Skadd jern og betong på Hamrøy bru i Bremanger.

Foto: Vestland fylkeskommune

– Må politikarane velje?

– Dilemmaet er at det er avgrensa kor mykje pengar vi kan låne. Fylkestinget har prioritert mange prosjekt som vi må utsette fordi vi ikkje har råd til å låne pengar til dei.

– Meiner fylkesadministrasjonen at politikarane ikkje burde prioritere Atløysambandet?

– Jobben vår er å forhalde oss til det fylkestinget bestemmer. Så kan vi like eller ikkje like det dei vedtar. Vi ønsker å prioritere å låne til å sikre skulevegar og rassikringar og tyngre vedlikehaldstiltak, framfor å bygge nytt. Det meiner eg er ei fagleg tilråding som står seg.

– Mange andre fornuftige prosjekt

Jacobsen viser til at 13 prioriterte, mindre prosjekt til saman kostar like mykje som Atløysambandet åleine:

– For 1,8 milliardar kroner kunne vi få realisert svært mange andre fornuftige fylkesvegprosjekt i Vestland. Når det er sagt, så forstår vi òg behovet for å få realisert Atløysambandet for dei som ønsker det, seier han.

At politikarane i denne situasjonen vil bygge Atløysambandet, vil Lefdal «ikkje meine så mykje om».

– Men når vi byggjer nye bruer, er det viktig å ha i tankane at dei skal òg haldast ved like over tid, seier ho.

Saka skal endeleg avgjerast i Vestland fylkesting i juni.

Glad for utbygging

Bjørn Arne Mjåseth i Atløy Vel meiner politikarane kan skulde seg sjølve for den endelege prislappen.

– Då vi starta med dette prosjektet, hadde det ein kostnadsramme på 98 millionar kroner.

Han er likevel ikkje i tvil om at det er riktig å bruke 1,8 milliardar kroner til 400-500 innbyggarar.

– Det er jo sjølvsagt ein festdag. I eit moderne samfunn er vi avhengige av næring og samferdsle. Og vi er veldig stolte av fylkespolitikarane som har fatta det vedtaket dei faktisk har gjort, seier Mjåseth.

Bjørn arne Mjåset

Bjørn Arne Mjåseth i Atløy Vel er glad for vedtaket fylkespolitikarane gjorde torsdag.

Foto: Bård Siem / NRK

Publisert 22.05.2025, kl. 12.13 Oppdatert 22.05.2025, kl. 15.38

Read Entire Article