Skal du vere heime, reise eller berre kople av i hengekøya? Uansett kor du er i sommar, finst det ei bok som passar.
Vi har samla tips til ferielektyre frå fem av NRK sine bokprofilar.
Siss Vik
- Kven: Bokbrevet-profil.
- Gler seg til i sommar: Å drikke rosévin ved Middelhavet for første gong på ti år.
Ein Obama-favoritt
- Tittel: «Guden over skogene» (2025)
- Forfattar: Liz Moore
- Sjanger: Thriller
- Forlag: Aschehoug
Vi blir med på summer camp i 1975 i skogane i New York. Ei tragedie kviler over familien som eig leiren: For femten år sidan vart sonen deira borte på mystisk vis. Denne sommaren forsvinn også dottera. Heng forsvinningane saman?
Liz Moore er et heitt, nytt navn i amerikansk litteratur, og ho brukar spenningselement til å granske det amerikanske samfunnet.
Eg fekk tips om denne frå Barack Obama og er samd med ham: Dette er ei perfekt sommarbok.
Brutal tittel
- Tittel: «Hvit makt» (2024)
- Forfattar: Ketil Raknes
- Sjanger: Sakprosa
- Forlag: Kagge
Denne boka gjorde sterkt inntrykk på meg i fjor, og den har diverre berre blitt meir aktuell under Trump 2.
Ketil Raknes fortel på nøkternt vis USA si rasistiske historie gjennom fire svarte amerikanske ikon. Den første var slave, og den siste vart president.
Så tenker ein at verda har gått framover, trass alt. Men Raknes viser korleis amerikanarne har unnlete å ta eit grundig oppgjer med den rasistiske historia si.
Ingenting er så sexy som ein god sjåfør
- Tittel: «Menn uten kvinner» (2016)
- Forfattar: Haruki Murakami
- Sjanger: Noveller
- Forlag: Pax
Alle novellene handlar om menn som har mista ei kvinne, eller aldri fått ei. Mennene er vanlege typar, medan kvinnene har ei eller anna «superkraft».
I «Drive my Car» treng ein mann ein sjåfør til sportsbilen sin. Kvinna som får jobben, har stygg hud og utståande øyre. Men ho er ein så god sjåfør at han ikkje kan kjenne når ho skiftar gir. Så sexy!
Det ligg ein melankoli i historiene, utan at dei blir triste. Tvert imot likar eg meg godt i baksetet i den gule Saab 900 kabrioleten, medan The Beatles går på kassettspelaren.
Christine Lossius Thorin
- Kven: Programleiar, «Leseklubben» i NRK Radio.
- Gler seg til i sommar: Å ligge på nattoget frå Basel til Hamburg med «Genanse og verdighet» på øyret.
Åh, Lucy!
- Tittel: «Jeg heter Lucy Barton» (2017)
- Forfattar: Elizabeth Strout
- Sjanger: Roman
- Forlag: Press
Forfattar Elizabeth Strout har vore mitt store crush dette året. På jobb har eg lese klassikarar som «1984» og «Stolthet og fordom», men heime i senga har eg hengt med Lucy, Bob, William og Olive. Dei kjennest som vener.
Det er noko varmt og godt, sjølv om historiene er mørke. Humoristisk, sjølv om det er trist. Og det aller beste? Det finst mange bøker frå det same universet.
Eit stort, lite meisterverk
- Tittel: «Tvillingenes dagbok» (2019)
- Forfattar: Ágota Kristóf
- Sjanger: Roman
- Forlag: Cappelen Damm
At det sat ei ungarsk dame i Sveits på 1980-talet og skreiv dette store, lille meisterverket, er rett og slett litt sjokkerande for meg. 176 bekmørke sider som er skrivne i eit svært nøkternt og enkelt språk.
Likevel er det absurd, morosamt, særs grovt, men òg med nokre ekstremt presise observasjonar av oss menneske.
Ingen trollmann, berre Kaja
- Tittel: «Ikke lov å le» (2021)
- Forfattar: Kine Jeanette Solberg
- Sjanger: Roman
- Forlag: Aschehoug
Det er mange som klarer å skrive gode romanar for vaksne. Noko heilt anna er det å skrive ei kjempemorsam og rørande bok som treff barn på 8–12 år.
Kaja er ein fantastisk hovudperson som alle bør bli kjende med. Det er umogleg å ikkje bli glad i denne brysomme, men morosame antihelten når ho prøver å starte på nytt. Perfekt som høgtlesing for tweens i hengekøya.
Og det aller mest imponerande? Boka handlar ikkje om fire barn som opplever noko magisk.
Knut Hoem
- Kven: Litteraturkritikar i NRK.
- Gler seg til i sommar: Å sitte under det gamle epletreet på sommarstugan i Sverige og sluke lesefrukter.
Feit og næringsrik poesi
- Tittel: «Om gay seterdrift» (2025)
- Forfattar: Jonathan August Lengali
- Sjanger: Dikt
- Forlag: Oktober
Kvar vil du helst vere i sommar? I fjellet, ved sjøen eller i byen? Dikta til Jonathan August Lengali er eit kinderegg i så måte. Dei er liksom alle desse stadane på ein gong.
Jonathan skaffar seg eit småbruk utan innlagt vatn, blir forelska i byen og utsett for homo-hets ved sjøen.
Kunnige tankar om blomster, dyrking av grønsaker og verdien å ha vener (med skaut!) som kan hjelpe til på dugnaden løfter opplevinga.
Dag på sitt mest levande
- Tittel: «Artiklar om litteratur 2015-2021» (2021)
- Forfattar: Dag Solstad
- Sjanger: Essay
- Forlag: Oktober
I dei siste tjue åra av sitt skrivande liv vart bøkene til Dag Solstad meir personlege. Det same gjeld artiklane han skreiv i denne siste fasen av forfattarskapen.
Fleire drypp frå oppveksten i Sandefjord. Men også artiklar om andre forfattarar, som Selma Lagerlöf, Thomas Mann og Knut Hamsun. Fleire samtalar er også inkludert.
Det er som eg kan høyre han snakke til meg gjennom boksidene.
Eit anna Amerika
- Tittel: «Just Kids» (2013)
- Forfattar: Patti Smith
- Sjanger: Sjølvbiografi
- Forlag: Samlaget
Faren meinte ho var for schtøgg til nokon gong å få seg ein mann. Ho fekk fleire og ein unik venskap med den like legendariske fotografen Robert Mapplethorpe på kjøpet.
Dykk inn i 1960-talet og 70-talets USA. Kjenn lukta av flower power og mykje anna i parkane. Men hugs å kome ut att til denne unike låtskrivaren og rock-ikonet kjem med den etterlengta oppfølgjaren til hausten!
Anne Cathrine Straume
- Kven: Litteraturkritikar i NRK.
- Gler meg til i sommar: Å kaste sko og sokkar, fråtse i fersk fisk og symje i salte bølgjer på Vestlandet.
Den vakraste boka
- Tittel: «Brødrene Løvehjerte»
- Forfattar: Astrid Lindgren
- Sjanger: Fantasy
- Forlag: Cappelen Damm
På spørsmål om kva bok som er den beste eg har lese, er det lett å bli svar skuldig. Oftast svarar eg «Brødrene Løvehjerte», for ei vakrare bok om venskap, mot og motstand skal du leite lenge etter.
Boka er eit litterært meisterverk, som ikkje minst er aktuelt no når autoritære krefter trugar.
Skarp, smart, strålande
- Tittel: «Høst», «Vinter», «Vår», «Sommer»
- Forfattar: Ali Smith
- Sjanger: Romanar
- Forlag: Oktober
Her juksar eg litt, for dette er fire bøker. Men har du ferie, så har du kanskje også tid til å opphalde deg i eit litterært univers over lengre tid.
Ali Smith sin versjon av verda er grufull og vakker. Med leiken som følgjesvein får ho lesarane til å løfte blikket frå trivialitetane og finne ei meining i det heile. Og ikkje minst: håp.
Eit følgje for livet
- Tittel: «Til Sibir»
- Forfattar: Per Petterson
- Sjanger: Roman
- Forlag: Oktober
Eg kunne like gjerne nemnt ei av dei andre bøkene til Per Petterson; han skriv alltid slik at eg blir soge inn i teksten og berre ynskjer å bli verande der.
Her er eit ømt kvinneportrett frå førre hundreåret, kan hende med trekk frå Petterson si eiga mor? Til hausten kjem han med ein ny roman, eg gler meg som ein unge allereie.
Kristoffer Olsen
- Kven: Programleiar, «Leseklubben» i NRK Radio.
- Gler seg til i sommar: Å tilbringe heile sommaren på ei forblåst øy på Trøndelagskysten og oppleve alle fire årstidene kvar dag.
Underverda kallar
- Tittel: «Shantaram» (2008)
- Forfattar: Gregory David Roberts
- Sjanger: Roman
- Forlag: Press
Om sommaren har ein ofte latare dagar enn resten av året, og fleire stillesitjande timar til å lese. Kvifor ikkje gønne på med ein 1000-siders?
Historia om ein australsk straffange på rømmen, som bygg seg eit nytt liv i underverda i Mumbai blir aldri kjedeleg. Ho er derimot så spennande at du sveittar dobbelt.
Sterk sommarlesing
- Tittel: «Tung tids tale» (2017)
- Forfattar: Olaug Nilssen
- Sjanger: Roman
- Forlag: Samlaget
I alt det sommarlege, lyse og lette, kan det vere godt å lese noko som set ting i perspektiv. Noko som set spor.
«Tung tids tale» er ei bok om å vere forelder til eit barn med store funksjonsnedsetjingar. Ho er lett å lese, tung å fordøye – og vanskeleg å gløyme. Ho gir deg kjensla av at du har brukt sommarhjernen til noko ekte.
Båt + tiger = sommar
- Tittel: «Historien om Pi» (2003)
- Forfattar: Yann Martel
- Sjanger: Roman
- Forlag: Dinamo
Eg har aldri kjent den intense heten og solsteika så sterkt på kroppen, som då eg las om guten som overlever eit skipsforlis og driv rundt i ein livbåt på ope hav – saman med ein tiger.
Ein fabelaktig og fantasifull tankevekkar.
Og til slutt må eg sjølvsagt tipse om den boka «Leseklubben» har valt som sommarbok i år: den amerikanske klassikaren «The Great Gatsby» av F. Scott Fitzgerald. Den fyller 100 år i år, og vi les den saman med lyttarane frå 9. juli!
I mellomtida kan du lytte til lydbøker som «Genanse og verdighet» og «1984» her:
Publisert 24.06.2025, kl. 17.38