Ylvis skulle eigentleg ha delteke i MGP-finalen 28. februar. No har brørne vald å trekke seg frå konkurransen. Det skriv dei på Instagram fredag.
Dei viser til at dei gjorde det klart for NRK tidleg i prosessen at dei ikkje ønska å stå på same scene som Israel.
Dei hadde håpa at EBU ville stenge ute Israel frå Eurovision.
– Då det i desember blei klart at dette ikkje ville skje, såg vi ingen andre moglegheiter enn å seie frå oss plassen i årets konkurranse, skriv Ylvis.
Les meir:










English (US)