– Vi har nådd grensa for kva som er mogleg, seier organisasjonen.

Publisert 07.05.2025 20:21 Sist oppdatert 1 minutter siden
Årsaka er at organisasjonen har gått tom for forsyningar, melder Reuters.
– Etter å ha servert meir enn 130 millionar måltid og 26 millionar brød dei siste 18 månadane, har ikkje World Central Kitchen lenger forsyningane til å lage mat eller bake brød i Gaza, skriv organisasjonen på sine sider.
WCK har ikkje fått fylt opp matlagera etter at Israel stengte grenseovergangane tidleg i mars, skriv organisasjonen vidare. Dei siste vekene har organisasjonen tatt grep for at matlageret skulle vare lengst mogleg, skriv dei.
– Men no har vi nådd grensa for kva som er mogleg, skriv WCK.
WCK sitt mobile bakeri har ikkje meir mjøl, og meir enn 80 prosent av kjøkena til organisasjonen har gått tom for varer.
– Utan ingrediensar eller drivstoff kan ikkje kjøkena sikre mat til familiar som er avhengige av dei, skriv organisasjonen.