– Det er viktig å presisere at den eg er utad ikkje er ein karakter.
21-år gamle William Heimdal er alvorleg.
Vi har nettopp hatt ein lang samtale om kunst, Farmen-deltaking og mykje midt i mellom.
Viss ein ser tilbake på tidlegare intervju, er det kanskje ikkje så rart at han føler for å presisere kvifor han seier det han seier.
For han legg sjeldan noko mellom linjene.
I eit tidlegare intervju til NRK skildra han kunstmiljøet anno 2023 som ein runkering han fekk avsmak av. Tidlegare har han sagt at Kunsthøgskolen ikkje utdannar dyktige nok målarar, og han har skulda Høstutsillingen for å vere korrupt.
Mange kan nok oppfatte han som provokativ, eller kanskje litt falsk, på grunn av desse utsegnene.
Men Heimdal understrekar at det er han ikkje.
– Eg seier det eg meiner, for eg er av den oppfatning av at vi blir bevegd når vi er opne og sårbare.
Mislikar å bli eksponert
Allereie som 15-åring vart William Heimdal eit nasjonalt fenomen etter at han hadde salsutstilling i Stavern. Der fekk han lovord frå Odd Nerdrum og Vebjørn Sand – to av våre fremste klassiske kunstnarar.
Sidan den gongen har han sjølv hatt eit uttalt mål om å bli like god som Rembrandt, ein av dei største meistrane innan målarkunsten.
I fjor fekk vi også eit innblikk i livet hans gjennom dokumentarfilmen Rensessanseprinsen.
Dokumentaren følgjer han gjennom fem år, og gir eit ærleg og intimt portrett av han som usikker tenåring, til han finn tilhøyre i kunstmiljøet til Odd Nerdrum, før han tar fatt på det unge vaksenlivet i Oslo. Filmen har også blitt vist internasjonalt og har hausta gode kritikkar.
Men Heimdal, som eigentleg mislikar å bli filma og vere eksponert, har framleis ikkje sett filmen om seg sjølv:
– Og eg kjem nok aldri til å gjere det heller.
Lever på Pepsi Max og kaffi
Frå og med måndag 6. januar er han på TV-skjermen i Farmen kjendis, samtidig som at han gjer seg klar for utstilling på FineArt Gallery i Oslo.
Heimdal tar oss derfor imot i kollektivet sitt i Oslo sentrum, der han bur saman med kjærasten og to venar. Stova er nemleg omgjort til atelier.
Store, klassisk-figurative måleri tar opp nesten heile golvplassen og Wagner står på i bakgrunnen.
Det einaste som avslører at Heimdal også er eit barn av vår tid, er at den klassiske komponisten blir spelt frå ein YouTube-liste frå iPhonen hans. I tillegg til den nemnde posen med Pepsi Max.
– Eg drikk veldig mykje Pepsi Max. Og kaffi. Det er kanskje ikkje så sunt, innrømmer han og smiler.
Meir behageleg å gå rundt på gata naken
Det er heller ikkje så rart at han treng ein del stimulerande middel for tida. Heimdal brukar nemleg all si vakne tid på å bli ferdig med utstillinga han skal ha i mars.
Ei utstilling som kjem til å ha eit mykje meir personleg preg enn vi har sett tidlegare.
– Eg er ordentleg nervøs for denne utstillinga.
– Eg synest det er ordentleg utleverande. Det er meir behageleg å gå rundt på gata naken.
– Kvifor kjennest det så utleverande?
– Fordi eg har prøvd å grave fram det inste av det inste. Ein stor kunstnar må tenke som ein mordar eller valdtektsmann, og rett og slett stikke sverdet i seg sjølv og finne fram til det inste – og få det ut på lerretet.
Ser ein på måleria hans finn ein motiv av avkappa hovud og hovudlause kroppar.
Dei er ein referanse til ungdomsskuleåra, ei tid som var svært vanskeleg for han, på grunn av sosial angst.
Gjennom rå viljestyrke, ifølgje han sjølv, og relevante verktøy lærte han seg å redusere angsten.
Avstand frå Nerdrum-miljøet
Dei siste åra har han også utvikla seg målemessig. 21-åringen kjem frå miljøet rundt Odd Nerdrum.
Sjølv om han aldri var Nerdrum-elev, var han med i den såkalla Memorosa-gruppa, som målar etter strenge dogme og reglar. Blant anna er det ikkje lov å bruke fargen blå i eit måleri.
Men dei siste åra har det vakse fram ein naturleg avstand mellom han og Nerdrum-miljøet på grunn av filosofiske usemjer.
– I 19–20 årsalderen begynte eg å stille spørsmål. Eg opplevde at dogma fordra til eit utåtvendt syn på æva. Det nærmaste ein kan kome æva er gjennom det mest private og personlege – ikkje gjennom lover og reglar for korleis ein konstruerer eit gripande narrativ.
Heimdal har nå eit litt anna utgangspunkt enn Memorosa-gruppa.
Og han er tydeleg på kva han følte at han sjølv produserte i dette miljøet.
– Eg føler det resulterte i at eg produserte mykje kjedeleg kunst. Den vart propagandistisk og uinteressant, fordi den ikkje var ektefølt, innrømmer han.
– Propagandistisk og uinteressant
Nå følgjer kunstnaren ingen dogme lenger.
– Eg er ein tjenar av mine draumar. Måleria eg har ser eg på som draumemotiv. Og viss draumen krev at eg målar med blått, så gjer eg det.
Kunstnarmiljøet som han før kalla ein runkering, har han framleis sterke meiningar om:
– Eg synest det er for lite polarisert. Dei er i det heile tatt sytepavar – i all leirar – særleg i den klassiske.
– Nokon spesielle du tenker på?
– Da eg var i tenåra, da eg hamna i eit målarmiljø, så var det mykje offer-mentalitet. Det dreidde seg om at verda er imot oss.
– Det var eit «oss mot dei»-narrativ, som var veldig uinspirerande, påpeikar han.
– Alle kunstnarar er prostituerte
William Heimdal er klar over den moderne tida vi lever i, og at ein må promotere seg sjølv for å kunne leve av lidenskapen sin.
Det er derfor han er med i Farmen Kjendis.
– Eg ser på det som rein prostitusjon. Eg sel meg sjølv i bytte mot pengar. Viss eg ikkje hadde trudd at det hadde resultert ein kommersiell suksess så hadde eg aldri takka ja til å bli filma.
– Korleis kjennest det ut da?
– Ja, all kunstnarar er prostituerte. Alle kunstnarar som klarer å leve av kunsten sin er prostituerte. Du finn ikkje ein kunstnar i Noreg som ikkje prostituerer seg.
Tviegga sverd for ein kunstnar
Kunstkritikar i NRK, Mona Pahle Bjerke påpeiker at det å skaffe seg synlegheit er nok viktigare enn vi likar å tenke.
– Vi lever i ei verkelegheit der ein må rope høgt for å få merksemd, bekreftar ho.
Likevel seier Bjerke at det framleis finst kunstnarar som klarer å leve av kunsten sin utan å promotere seg sjølv eller stille opp på kommersielle ting.
Men det blir vanskelegare og vanskelegare å skaffe seg den merksemda som skal til for å etablere seg som eit tydeleg namn.
– Det er et tviegga sverd også for ein kunstnar, for vel du ei rolle i alle moglege realityshow, som ikkje har noko med din profesjon å gjere, så blir du til slutt ikkje lenger ein kunstnar, men ein litt udefinerbar kjendis i folks auge, og det er nok heller ikkje så bra, seier kunstkritikaren.
Publisert 03.01.2025, kl. 19.54 Oppdatert 03.01.2025, kl. 19.59