Warholm vann superduellen på Bislett – smadra eigen rekord

22 hours ago 12



Bislett Games avslutta med eit brak, med Karsten Warholm som tok 1.-plassen på 300 meter hekk under Bislett Games. Han smadra sin eigen rekord på distansen med tida 32,67.

– Det var ufatteleg deilig. Det var litt slik for meg at eg måtte vinne i dag. Det betyr alt for meg, viss eg ikkje klarer å sette meg i denne posisjonen føler eg at eg misbrukar tida mi, seier Warholm etter sigeren.

Rai Benjamin slo Warholm i OL-finalen på 400 meter hekk i fjor og Alison dos Santos slo han på Bislett. Det har gitt mykje motivasjon for nordmannen.

– Det har plaga meg veldig mykje. Men det skal seiast at den type ting er ein brennande motivasjon, som ingenting anna kan gi deg enn forbanning, fortel Warholm.

en kvinne som løper på en bane

EUFORI: Karsten Warholm jubla hemningslaust framfor eit fullsett Bislett.

Foto: Heiko Junge / NTB

300 meter hekk er ikkje ein øving som har offisiell verdsrekord hos Det internasjonale friidrettsforbundet (World Athletics).

– Det her var eit løp for historiebøkene. Det er ganske klart at med dei tre beste løparane gjennom tidene så bør det vere offisiell verdsrekord, seier trenar Leif Olav Alnes til NRK rett etter løpet.

– Eg trur sigeren var viktig for Karsten

Benjamin leia løpet lenge, men på oppløpssida kom Warholm som ein rakett. Alison dos Santos kom tredjeplass.

– Det var ganske bra, det første løpet for sesongen, og første utandørs sidan OL. Eg er glad for å komme meg tilbake og børste av rusten. Eg trur sigeren var viktig for Karsten. Det er heimebane og folk er her for å sjå han vinne. Men det er ein lang sesong, så me får sjå kva som skjer, seier Benjamin til NRK.

På den litt mindre prestisjetunge 300 meter hekk-distansen sat Warholm med rekorden også før kveldens løp. Den førre rekorden skjedde under Diamond League-opninga i kinesiske Xiamen. Tida da var på 33,05.

På Bislett sprang Benjamin inn på tida 33,22 og dos Santos kom på tredjeplass.

– 33,38 er veldig fort og det er ikkje noko me trener på. Måten eg spring på er komplisert, sidan eg gjør 12 skritt (mellom kvar hekk). Så eg ante ikkje korleis det ville gå. Det var ein god erfaring. Eg hadde det gøy, seier dos Santos til NRK.

Benjamin og dos Santos er Warholms argaste konkurrentar. Warholm har mykje å revansjere denne sesongen etter at Rai Benjamin tok OL-gullet framfor han.

Meiner nordmenn kjenner godt til rivaliseringa

300 meter hekk på Bislett var Benjamins sesongopning. Det er også første gong han deltek på Bislett Games.

– Eg trur løpemiljøet her i Noreg kjenner godt til rivaliseringa. Eg trur det kjem til å bli veldig energisk, sa Benjamin til NRK før løpet.

Warholm derimot har allereie sprunge nokre løp. Tidleg i mai vann han Diamond League-stemnet i Shaoxing i Kina på 400 meter hekk. Vinnartida var på 47,28 og er årsbeste i verda. Warholm var likevel ikkje heilt fornøgd med løpet.

– Det var uvanleg rotete, sa han til NRK etter løpet.

Den nest beste tida i år er det Alison dos Santos som har, med tida 47,61.

Verdsrekorden er framleis norsk. Den sette Warholm under OL i Tokyo i 2021 på den utrulege tida 45,94. Nærast er Rai Benjamin som også sette personleg rekord på 46,17 da Warholm tok OL-gullet. Dos Santos har sitt beste løp på 46,29.

Publisert 12.06.2025, kl. 21.56 Oppdatert 12.06.2025, kl. 22.29

Read Entire Article