Warholm vann superduellen på Bislett - smadra eigen rekord

22 hours ago 11



Sander Skotheim kom med nedslåande nyheiter da han kom til Bislett Games på torsdag.

– Eg pådrog meg dessverre ein liten skade i går. Allereie under det andre hoppet i lengde fekk eg ein dårleg landing, trur eg. Men me er litt usikre på kva som skjedde der. I fjerde hoppet slo eg kneet ganske hardt bakover i landinga. Eg har ganske vondt bak i knehasen i dag, seier Skotheim til NRK.

Han og Markus Rooth har delteke saman som eit lag i trekampen i Bislett Games. På onsdag starta dei med lengde, før dei i utgangspunktet skulle springe 110 meter hekk og avslutte med spydkast på torsdag.

– Det blir dessverre ikkje noko hekk på meg, og så satsar eg på at eg klarer å kaste litt spyd, seier Skotheim.

Skotheim fekk til eit hopp på 7,65 meter, medan Rooth var den nest beste, med eit hopp på 7,67 meter.

– Det er synd. Eg hadde gleda meg til å springe saman med han og fullføre som eit lag, me får håpe han får til å kaste spyd, men det gjer det litt vanskelegare i lagkonkurransen kanskje, seier Rooth til NRK.

Skotheim avslører at han skal ta ei MR-undersøking fredag morgon for å kartlegge kva som er gale.

– Mest sannsynleg er det ikkje noko alvorleg, men eg er ikkje i stand til å springe hekk i dag dessverre, fortel Skotheim.

Skotheim tok VM-gull innandørs i sjukamp i mars.

Read Entire Article