Volda får ingen pengar frå staten for kristen privatskule dei ikkje ville ha

1 month ago 12



Det var ingen jubel i Volda kommune då staten i 2013 sa ja til dei som ville starte ein kristen privatskule på Lauvstad.

Kommunen frykta inntektstap som følgje av at den nybygde, offentlege skulen seks kilometer unna kunne bli utkonkurrert.

Men først etter 13 år klaga dei nyleg på vedtaket og kravde millionbeløp i kompensasjon frå styresmaktene.

No seier kunnskapsdepartementet blankt nei:

«Departementet ser ikke grunnlag for kravet fra Volda kommune om kompensasjon fra staten etter godkjenningen av Ulvestad barneskule i
2013», svarar kunnskapsdepartementet i eit nytt brev.

Volda sentrum

Det er kamp om skuleelevane i Volda.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

– Trur ikkje reknearka står seg

Oppvekstsjef i Volda, Per Ivar Kongsvik, sa nyleg til NRK at dette er ei viktig sak å sette søkelys på.

Han er ikkje overraska over svaret.

– Eg konstaterer at dei ikkje kjem oss i møte.

– Men departementet avviser at kommunane taper pengar på privatskular, kva er din kommentar til det?

– Det kan sikkert stemme i det store bildet, men eg trur ikkje at reknearka til departementet står seg i møte med realiteten i dette tilfellet fordi forholda er så små.

Dei åtvara i si tid mot at det var for få barn til å drifte to skular i området, og meinte at alle barna burde gå på den nybygde kommunale skulen.

Per Ivar Kongsvik er oppvekstsjef i Volda kommune

Per Ivar Kongsvik er oppvekstsjef i Volda kommune.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Klaga ikkje i tide

Det er berre 50 skuleelevar igjen å fordele på den offentlege og den private skulen på vestsida av Voldsfjorden.

Volda kommune hevdar dei taper 3,5 millionar kroner berre i 2026 på at elevar heller vil gå på den kristne privatskulen.

Men kunnskapsdepartementet avviser at Volda kommune har hatt store økonomiske tap som følgje av at privatskulen blei godkjend.

Tvert om skriv departementet at rammetilskotet til kvar kommune blir justert slik at « ... kommunene verken tjener eller taper som følgje av å ha elever i private skoler ...»

I avslaget frå kunnskapsdepartementet blir det også vist til at kommunen ikkje klaga for 13 år sidan:

«Siden Volda kommune ikke har klaget på Utdanningsdirektoratets vedtak, har saken ikke blitt behandlet i departementet, og vi har derfor ikke grunnlag for å gå nærmere inn på de vurderinger som på det tidspunktet ble gjort av Utdanningsdirektoratet», heiter det i brevet.

Dersom elevane ved den kommunale skulen, Dalsfjord skule, skal pendle til Volda sentrum, tar det rundt to timar dagleg.

Fryktar nedlegging av den kommunale skulen

Diskusjonen om elevane på privatskulen og den offentlege skulen har blitt ein verkebyll i bygdene.

Det er ikkje plass til alle ved privatskulen og sidan den har eit kristens livssyn passar det heller ikkje for alle.

Foreldre ved den kommunale skulen er redde for at skulen blir lagt ned, og at borna dermed må bruke to timar dagleg på pendling med buss og ferje til Volda sentrum.

– Det er heilt uaktuelt og kjem ikkje til å gå. Vi flytta jo til bygda for å ha familieliv og ha lov til å vere saman. Då kan vi ikkje bruke opp all tid på pendling, sa Guri Aksnes Moy nyleg til NRK.

Guri Aksnes Moy er fembarnsmor og bur i Dalsfjorden i Volda kommune. Her saman med to av barna på leikeplassen ved skulen. I bakgrunnen står to naboar og trillar vogna med yngstebarnet til Moy.

Guri Aksnes Moy har fem barn og meiner det er utenkeleg at dei skal pendle til Volda dersom den kommunale skulen forsvinn.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 23.02.2026, kl. 10.28 Oppdatert 23.02.2026, kl. 11.54

Read Entire Article