VM-genistrek: Drog fram PC-en midt på bana

3 hours ago 1



Begge laga spelte for eit historisk avansement då Australia møtte Egypt i 16.-delsfinalen i VM fredag.

Og det heile måtte avgjerast på straffespark.

– Det er knalltøft bytte altså, sa NRKs ekspertkommentator Jonas Grønner.

Like før straffene bytta Australia inn keeper Mathew Ryan, i håp om at det skulle ta dei gule og grøne vidare.

Han har redda 12 av 69 vanlege straffer (17,4 prosent) tidlegare i karrieren.

Fotballspillere på banen under en kamp, med to keepere i lilla drakter som hilser på hverandre. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: MOLLY DARLINGTON / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

Men då laga gjorde klar sine utvalde skyttarar var det egyptiske apparatet raskt framme med pc-en.

Der vart videoar av Ryan sine keeperprestasjonar frå klubbelaget Levante vist for spelarane.

– Egypt som køyrer høgdepunkt frå La Liga på ein iPad som ein del av oppladinga for sine straffeskyttarar – det er nydeleg, sa fotballekspert Petter Veland i studio.

I eit augeblink vart Salah sittande aleine med ein frå det egyptiske støtteapparatet.

Straffa Salah blei vist var straffa til Fede Viñas for Real Oviedo mot Levante i mars, ein straffe som Viñas scora på.

Og kanskje var det her alt vart avgjort.

Motsett effekt

Først ut i straffesparkkonkurransen var Harry Souttar for Australia, som skaut den høgt over.

Deretter var Mahmoud Saber og Ramy Rabia sikker for Egypt. Og det same var Jackson Irvine og Awer Mabil for dei gule og grøne.

Så var det Mohamed Salah.

Den store stjerna kom inn i kampen småskada, men stod likevel kampen ut. Og på sitt straffespark chippa han keeper.

Fotballspiller i rød drakt skyter ballen mot mål, der keeperen i lilla drakt kaster seg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PANENKA: Med ein nydeleg chip sette Salah inn si scoring.

Foto: LARS BARON / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Det er ein så stor audmjuking for keeperen, dette. Han pissar på ham! Tenk å tørre å gjere dette, det berre viser kor stor stjerne han er. Det er helt fantastisk gjort. Du ser berre at keeperen mister alt håpet, sa NRKs ekspert Tete Lidbom.

Lucas Herrington sat ballen i tverrliggaren like etter. Hossam Abdelmaguid sikra sigeren til Egypt då han sende keeper Ryan feil veg.

Sjå høgdepunkta her:

Då tok kjenslene overhand.

Salah i tårar

– Ja, han er jo farao av Egypt. Han har blitt Tutankhamon, og det å gjere det med den historia han har med laget sitt. Egypt har jo vore Afrikas aller beste lag, men ikkje i VM. No har dei endeleg tatt steget, saman med Marokko, sa Tete Lidbom vidare.

No har Egypt vunne sin første kamp i ei utslagsrunde i VM.

Etter kampen var Salah tydeleg prega.

– Det er historie. Eg sa til gutane før kampen at dette er den største scena du kan spele på. Nyt det, og ikkje la presset ta overhand. Eg er glad for at vi klarte å vinne, uheldigvis for dei. Eg er glad at vi skreiv historie i dag, sa han etter kampen.

Salah

RØRT: Mohamed Salah var både glad og rørt etter avansementet i VM.

Foto: AP

Og straffeteknikken skulle hjelpe laget.

– Visst nokon skulle gjere det, måtte det vere meg. Eg er meir erfaren enn dei andre og ønska å gi dei trua. Eg bestemte meg i siste augeblikk for at eg måtte gjere det.

Langt mellom høgdepunkta

I det som var ein sjansefattig første omgang tok Egypt leiinga etter 13 minutt, da Emam Ashour heada inn eit innlegg frå Karim Hafez.

– Det er ein nydeleg heading å klare å få han ned i bakken. Den er vanskeleg for målvakt å ta, sa NRKs ekspertkommentator Jonas Grønner.

Fotballspillere på Egypts landslag feirer mål på banen. Bakgrunnen viser tribunene og en motspiller. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MÅL: Emam Ashour scora kampens første mål.

Foto: Julio Cortez / AP,NTB

Etter pause heva Australia spelet og kom à jour 55 minutt uti kampen. Eit frispark blei løfta inn i feltet og der Mohamad Sany uheldig og sette ballen i eige mål. 1–1.

Det måtte straffekonkurranse til for å finne ein vinnar. Australia bytte inn målvakt Matt Ryan like før straffene, i håp om at han kunne redde laget vidare, utan hell.

For første gong i historia tar Egypt seg vidare frå ein utslagsrunde i VM. I åttedelsfinalen møter dei vinnaren av Argentina og Kapp Verde, som du kan sjå på NRK1 midnatt.

Publisert 03.07.2026, kl. 22.53 Oppdatert 03.07.2026, kl. 23.58

Read Entire Article