Visepresident J.D. Vance har landa på Grønland

5 days ago 11



Besøket frå USA finn stad same dag som Grønland får ny regjering. Gjestene frå USA er ikkje invitert, og det er ikkje lagt opp til noko møte med grønlandske styresmakter.

I tillegg til visepresident D.J. Vance og kona Usha Vance, er energiminister Chris Wright og Donald Trumps sin nasjonale tryggingsrådgjevar Mike Waltz med på turen.

Det er venta at Vance skal halde ein tale på basen rundt klokka 18.45.

JD Vance, Nisha Desai Biswal står på et podium med mikrofoner

Foto: JEFF KOWALSKY / AFP / NTB

– Respektlaust

Den nye regjeringa på Grønland er samansett av partia Demokraatit, IA, Siumut og Atassutire.

Til saman har desse partia 23 av 31 sete i parlamentet. Berre Naleraq, som ønskjer ein raskare prosess for lausriving frå Danmark, står utanfor regjeringa.

Leiar for Demokraatit (Demokratane), Jens-Frederik Nielsen blir ny statsminister på Grønland. Han har ingenting til overs for besøket frå USA.

– J.D. Vance landar på eit anlegg som tilhøyrer USA. Men det å komme på besøk når Grønland ikkje har ei sitjande regjering, det meiner vi framleis er å ikkje vise respekt for ein alliert, seier Nielsen til fleire danske medium.

Turen endra fleire gonger

I utgangspunktet skulle kona til visepresidenten komme på besøk for å «bli kjend med Grønlandsk kultur» og delta på eit hundesledeløp. Seinare blei det klart at også visepresidenten sjølv skulle bli med.

Rett før helga blei det klart at amerikanarane ikkje skal innom hovudstaden Nuuk. No reiser dei direkte til den amerikanske militærbasen, og returnerer til USA seinare på kvelden.

Pituffik base på Grønland

Radarsystema på Pituffik-basen skal varsle om eventuelle missilangrep mot Nord-Amerika.

Foto: THOMAS TRAASDAHL / AFP / NTB

Uro etter Trump-utspel

Donald Trump har i det siste trappa opp retorikken og sagt at USA «må ha Grønland».

Det har skapt uro på øya.

I januar var Trump sin son på eit privat dagsbesøk, samtidig som far hans heldt pressekonferanse i Florida og proklamerte at Grønland må bli ein del av USA.

Publisert 28.03.2025, kl. 17.07 Oppdatert 28.03.2025, kl. 17.27

Read Entire Article