På dei kaldaste stadene kan det bli ned mot 30 kuldegrader denne veka, varslar meteorologen.
Publisert 09.02.2026 13:37
Den siste vintermånaden har til no vore prega av kaldt og klart vêr over store delar av landet.
Slik vil det også vere den komande veka, ifølge vakthavande meteorolog Susanne Moen Olsen i StormGeo.
– I store delar av landet vil det vere ganske mykje opphald, og så er det nokre unntak. Dei første dagane vil det vere snøbyer som kjem inn over dei ytre stroka, hovudsakleg nord for Lofoten, seier ho.
Det kan også kome nedbør andre stader i landet, stort sett som snø.
Sol i vest
– Det er høgtrykksprega vêr frå aust heile denne veka eigentleg, i alle fall inn mot helga, seier Olsen om bakgrunnen for opphaldsvêret.
– Først har vi ein høgtrykksrygg over Sør-Noreg, og så vil det bygge seg ein over Nord-Skandinavia, med rygg mot Sør-Noreg, legg ho til.
På Vestlandet og i Trøndelag vil det bli ein del sol dei neste dagane, medan det blir meir skyer på Austlandet.
– Her vil nok sola gløtte fram innimellom også, og så vil det lette litt på fredagen, seier Olsen om vêret i aust.
Det kan også kome litt nedbør på Austlandet, men det er lite truleg slik det ser ut no. Årsaka er eit lågtrykk som er på veg innover Danmark og Baltikum dei neste dagane.
– Sånn som det ser ut no så kjem det ikkje mykje nedbør austafjells, men flyttar det seg lenger nord så kan bli litt meir snø, seier Olsen.
Søkkande temperaturar
Utover veka vil temperaturane truleg søkke.
– Det skal bli kaldare i dei indre stroka igjen. Det blir mildare i Sør-Noreg i morgon, men så søkk det igjen, seier Moen Olsen.
På dei kaldaste stadane, som på Finnmarksvidda og nord i Innlandet, kan det bli rundt 30 kuldegrader.
I utgangspunktet vil det halde seg kaldt ut veka.
– Mot slutten av helga, og kanskje til neste veke, kan det kome meir lågtrykk frå vest og sørvestlege luftmassar, og det kan vere at det då snur litt i Sør-Noreg, men dette er framleis usikkert, seier Olsen.






English (US)