Villgeiter truga med avliving att: Kan reddast av Tinget

19 hours ago 4



 Odd Arild LosethSTASELEG: Tjukt ragg og gilde horn pregar denne geitebukken - fotografert på Kvist mellom Nessane i Balestrand og Lånefjorden i Høyanger - denne veka. Foto: Odd Arild Loseth

Eit mogeleg fleirtal på Stortinget kan redde villgeitene i Sogn frå utrydding.

Fredag 21. februar kl. 15:06

Kortversjonen

  • Eit mogeleg fleirtal på Stortinget kan redde villgeitene i Sogn frå utrydding.
  • Kjartan Lauritzen og Sofie Marhaug (Raudt) er blant dei som engasjerer seg i saka.
  • Raudt, Høgre, SV, Venstre og Frp har signalisert støtte til å finne alternative løysingar - for å redde geitestammen som lever i ein bjørkeskog/friluftsområde mellom Balestrand og Høyanger i Sogn.

Mellom anna takka vere balestrending og artist Kjartan Lauritzen - kan villgeitene på Kvist i Sogn no bli redda frå avliving.

– Desse geitene har levd utanfor Balestrand i 80 år. Plutseleg kjem Mattilsynet og seier at dei skal utrydda dei. Det er heilt for jævlig trist, sa han nyleg til Nettavisen.

 Odd Arild LosethVILL-KILLING: Ein liten geitekilling beitar saman med ei vaksen geit. Foto: Odd Arild Loseth

– Det er heilt forferdeleg at sunne og friske dyr skal døy på grunn av byråkrati, la rap-artisten til.

Han oppsøkte Stortinget som engasjert geitelobbyist. Og der møtte han rein velvilje og folkevalde som nærmast mekra i semje.

 Gisle Oddstad / VGGEITELOBBYIST: Kjartan Lauritzen har kasta seg inn i villgeit-saka i Sogn. På biletet i samband med artisten si deltaking i TV2-programmet «Hver gang vi møtes». Foto: Gisle Oddstad / VG

Sofie Marhaug (Raudt) tok fram PC-en.

Så skreiv ho eit forslag til villgeit-vedtak som er i ferd med å få støtte frå parti som ofte er framande for einannan i andre saker.

Det var NRK Vestland som melde om den nye vendinga i geitesaka.

– Er du ein geite-populist, Sofie Marhaug?

– Er ikkje poenget med all politikk å løyse problem og utfordringar i samfunnet? Dette er i og for seg ei lita sak. Men dersom ein vil kalle meg geitepopulist, så gjerne det, svarar Marhaug.

Snart snipp snapp snute for de ville Bukkene Bruse

 RUNE SÆVIG / Bergens TidendeFoto: RUNE SÆVIG / Bergens Tidende

Som så mange andre har ho fleire nær-geit-opplevingar frå oppveksten.

Det kunne til dømes vere på veg gjennom Våtedalen mellom Jølster og Breim/Stryn. Den strekninga kjenner også Venstremann Alfred Bjørlo frå Nordfjordeid.

– Det er så herleg å køyre gjennom denne dalen. Der er geitene kongar, og vi bilistar må pent legge oss bak når geitene rular køyrebana, seier stortingsrepresentant Bjørlo (V).

Her må det presiserast at geitene i Våtedalen er tamgeiter.

 Tore Kristiansen / VGGEITEPOPULIST: Sofie Marhaug (Raudt). Foto: Tore Kristiansen / VG

– Elles er jo geiter ålreite dyr, uttalar Marhaug (R).

Ho vrir litt på den kjende utsegna til partikamerat Liv Finstad («Sauer er ålreite dyr») då sistnemnde skulle forsvare RV sin landbrukspolitikk i valkampen i 1983.

No er det like før valkampen 2024.

Marhaug trur geitesaka vil late seg løyse i god tid før stortingsvalet 8. september - utan politisk stanging og strid.

 Odin Jæger / VGDYREELSKAR: Alfred Bjørlo (V) kjem sjølv frå gard, og viser godt lag med firbeinte, her ein forbipasserande katt. Foto: Odin Jæger / VG

For også Høgre og SV har signalisert at dei vil redde villgeitene.

– Eg har tidlegare stilt ministeren spørsmål om det ikkje kan finnast gode alternativ til avliving, utan at det blei gitt noko skikkeleg svar på det. Det synest eg var uheldig, på same måte som at forvaltninga og til sist ministeren ikkje har greidd å finne noko anna løysing enn å avlive dyra, skriv Olve Grotle (H) i ein e-post til VG.

 Hallgeir Vågenes / VGHEILT VILT: Bård Hoksrud (Frp) er tidlegare landbruksministar. Han meiner villgeitene må få leve. Foto: Hallgeir Vågenes / VG

Framstegspartiet let to av sine mest framskotne menn kommentere saka - til fordel for villgeitene:

– Det høyrest vilt ut at ein skal ta livet av geitene berre fordi dei har blitt ville, seier Bård Hoksrud (Frp) - tidlegare landbruksminister.

– Vi har vel tidlegare vore geitene sin besteven. Så det får vi berre halde fram med, legg Sivert Bjørnstad (Frp) til.

Kva tenkjer du om villgeitene i Sogn?aDei er blitt ville, og må få leve i naturen der.bDei er ikkje naturleg ville, kan ha vanskelege levekår - og bør avlivast.cDei bør omstillast til vanleg geitedrift dersom det er mogeleg - og få leve som tamgeiter.dDette kan eg ingenting om - og vil ikkje meine noko om det heller.

Solveig Bjørnerud Khan er seksjonssjef for Klagesaksenheten i Mattilsynet.

Ho let det ikkje vere tvil om at livet til villgeitene framleis heng i ein tynn tråd.

– Det er fattet vedtak om å avvikle dyreholdet, men det er opp til dyreeier hvordan avviklingen skjer. Det er åpnet for at eier også kan selge eller gi bort geitene forutsatt at regelverket følges. Det er opp til eier om hen velger avliving, salg eller overføring på annen måte.

Problemet er at det er ingen som eig dyra, ifølgje grunneigaren.

Til NRK Vestland seier grunneigaren at villgeitene er nettopp – frie og ville.

Ikkje er dei «hans», og ikkje er dei «husdyr».

 Odd Arild LosethFoto: Odd Arild Loseth

Friluftsmann og naturfotograf Odd Arild Loseth frå Høyanger oppsøkte villgeitene på Kvist tidlegare denne veka. Det er i hovudsak bileta hans du ser i denne saka.

– For meg såg det ut til at villgeitene levde fritt og med god tilgang til mat. Vinteren i området har vore rimeleg mild og snøfri. Eg såg heller ikkje geiter med teikn til skavankar. Dei såg ut til å ha det bra, skildrar Løseth.

Han har vitja villgeitene ein ti - tolv gonger dei siste åra.

– Det hadde vore heilt framifrå om Stortinget hadde klart å samle seg om å redde desse fine dyra, seier Løseth til VG.

Read Entire Article