Vilje (23) får stor støtte etter brann: – Tusen takk

7 hours ago 4



23-åringen Vilje Juvskås, som er busett i Vinje, er trans og har engasjert seg i kampen for rettane til skeive.

Dei siste åra har ho arrangert pride-markeringar fleire stader i Vest-Telemark.

en kvinne som er på gården sin.

Vilje Juvskås (23) frå Vinje er ein front figur for pride i bygda.

Foto: Linea Anvik / NRK

Natt til torsdag brente garasjen hennar ned.

No får ho mykje støtte.

– Tusen tusen takk for alle fine helsingar i ei tid som er vond og rar.

Det skriv Juvskås i ei tekstmelding til NRK i kveld.

Politiet etterforskar brannen som mogleg hatkriminalitet.

Mange viser støtte

Hendinga skaper stort engasjement i Vinje. I sosiale medium har mange komme med støtteerklæringar til Juvskås.

Bildet viser mange kommentarer og hjerter på Facebook posten til Vilje Juvskås etter brannen i Vinje

Eit skjermutklipp av kommentarfeltet på Facebook innlegget til Juvskås.

Foto: Skjermutklipp Facebook

Ho la sjølv ut eit innlegg på Facebook dagen etter brannen. Det har fått over tusen reaksjonar i form av emojiar. I tillegg har innlegget 189 kommentarar og er delt 74 gonger.

Ei av dei som har vist støtte er Anne Bjørgunn Nordjore. Ho bur i nærleiken av 23-åringen.

– Eg kjente at eg blei skikkeleg lei meg.

en person som står foran flere bygninger på en gårdsplass.

Anne Bjørgunn Nordjore seier ho vil hjelpe og støtte Juvskås.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Nordjore håpar Juvskås kjenner at mange bryr seg og ønsker å hjelpe henne.

– Slik at ho ikkje er i tvil om at vi ønsker at ho skal vere her.

Line Omland Eilevstjønn beskriv nyheita om brannen som eit sjokk. Ho seier at ho føler med 23-åringen.

– Eg veit at det ikkje er lett å vere den ho er i eit bygdesamfunn. Det burde vere lett, men det er nok dessverre ikkje det.

Portrettbilde av en kvinne med blondt hår.

Line Omland Eilevstjønn frå Vinje har publisert ei støtteerklæring til Juvskås på Facebook.

Foto: Line Omland Eilevstjønn

Eilevstjønn seier ho er glad for at mange har valt å engasjere seg etter det som har skjedd.

– Eg håpar ho ser det og kjenner seg støtta.

– Heilt forferdeleg

Signe Vinje bruker sterke ord for å beskrive det som har skjedd i heimkommunen.

– Kva tenker du når du høyrer om det som politiet nå etterforskar som mogleg hatkriminalitet?

– Det er heilt forferdeleg, og eigentleg pinleg at slike ting skjer i Vinje.

En kvinne står utendørs. I bakgrunnen er det gress, en vei og flere trær.

Signe Vinje seier at det er mange som støttar Juvskås.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Ho opplever at dei aller fleste støttene 23-åringen, og seier det er mange som har gitt uttrykk for det etter det som har skjedd.

– Eg håpar Vilje kjenner på all støtta ho får, og at ho legg mest vekt på den, ikkje på hatet som kjem frå nokre få.

Har fleire teoriar

Politiet jobbar med å samle inn informasjon som kan bidra til å oppklare saka, seier Sigrid Dahl. Ho er politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark.

– Kva slags haldepunkt har dykk for at brannen er påsett?

– Omstenda gjer at det er éin av teoriane våre. Sidan garasjen låg nær huset, etterforskar vi også om det kan ha vore ein intensjon om å sette fyr på huset.

  • En politikvinne i uniform og langt krøllete hår står foran en bakgrunn der det står "politi" gjentatte ganger. Hun ser alvorlig ut.

    Sigrid Dahl

    • politistasjonssjef i Midt- og Vest-Telemark.

Politiet ser brannen i samanheng med to tidlegare meldingar til politiet. Ein frå Juvskås sjølv, etter at nokon kasta ein stein inn kjøkkenvindauget hennar.

Den andre meldinga er frå kommunen etter at eit pride-flagg blei riven ned.

Håpar på fleire tips

Ingen personar er så langt sikta eller mistenkte i saka.

Det er Juvskås si tilknyting til ulike pride-arrangement og tidlegare trakassering som gjer at politiet etterforskar brannen som mogleg hatkriminalitet, opplyser Dahl.

Rester av en garasje etter en brann. Man ser deler av et hus som står inntil den nedbrente garasjen.

Politiet håpar at etterforskinga vil gi svar på kva som skjedde da det begynte å brenne.

Foto: Nils Fridtjof Skumsvoll / NRK

Politiet ønsker framleis tips om ein mann som blei observert i området før brannen, og informasjon om ferdsel mellom Dalen og Åmot i tidsrommet frå onsdag kveld til torsdag morgon.

– Vi har fått nokre tips, men vil gjerne ha fleire, seier Dahl.

For ordens skuld har Line Omland Eilevstjønn tidlegare vore tilsett i NRK.

Publisert 27.06.2025, kl. 18.01 Oppdatert 27.06.2025, kl. 18.35

Read Entire Article