Vil utrydde villsvin – talet held seg stabilt

1 month ago 24



Det viser ferske tal frå overvakinga av villsvin hos Norsk institutt for naturforsking (NINA).

Portrettbilde av Inger Maren Rivrud

Inger Maren Rivrud, forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA)

Foto: Norsk institutt for naturforskning

– Villsvin kan skade avlingar og spreie sjukdom til tamgrisar, som kan skade næringa. Derfor ønsker Noreg å utrydde arten, seier forskar ved NINA, Inger Maren Rivrud.

Trass i at Noreg ønsker å bli kvitt alle villsvin, held antalet seg stabilt.

I jaktåret 2024/2025 blei det anslått at det levde om lag 450–700 individ rundt Halden og Aremark i Østfold.

Ifølge forskaren, er grunnen samansett.

– Det er krevjande. Det krevst stor innsats å få ned bestanden, seier Rivrud.

Migrerer frå Sverige

Rivrud fortel om et stort villsvinproblem i Sverige, der dei kvart år skyt nærare 120.000 villsvin årleg. Likevel har dei over rundt 300.000 villsvin i dei svenske skogar.

Tidlegare har den svenske biologen Marcus Öhman føreslått å servere villsvinkjøtt i offentlege institusjonar, som ein del av løysinga.

– Sjølv om vi blir kvitt alle i Noreg, vil det framleis kome villsvin frå Sverige. Å halde bestanden på null, vil vere nesten umogleg, seier Rivrud.

Et stort og to små villsvin blant løv

Villsvinet er uønskt i Noreg – men gjer seg på middagsbordet.

Foto: NRK

Det har tidlegare blitt føreslått av Mattilsynet og Miljødirektoratet å bygge et gjerde mot Sverige i dei områda der det strøymer flest villsvin til.

– Ein må skyte rundt 50-60 % av bestanden for å få den til å gå nedover. Jegerinnsatsen er avgjerande, og veldig mange er ivrige, seier Rivrud.

Den nye rapporten til Norsk institutt for naturforsking (NINA) viser ein stabil bestand dei siste åra. I 21/22 blei det ikkje målt.

Forskar Rivrud seier kvar hogris kan få mellom seks og åtte ungar, og at dei har stor tilvekst.

Det tar veldig mange timar å få felt eit villsvin. Dei dukkar ikkje opp på post kvar natt, så det er mange bomturar. Det krev at ein har nok tid, seier forskaren.

– Ønsker å ha ein bestand

Pål Sindre Svae, vilt – og utmarksforvaltar i Indre Østfold kommune, bekreftar at villsvin er ein utfordrande art å jakte på.

– Dei lærer fort. Dersom du forstyrrar flokken og skyt éin, kan resten av flokken halde seg unna området i lang tid etterpå, seier Svae.

Indre Østfold Kommune

– Dei er sky, har god luktesans og det krev mykje planlegging for å finne dei, seier Pål Sindre Svae, Vilt- og utmarksforvaltar i Indre Østfold kommune.

Foto: Indre Østfold Kommune

Jegerane i Indre Østfold kommune har høg motivasjon for å skyte dei, ifølge utmarksforvaltaren.

– Men det er framleis jegerar som ønsker å ha ein bestand å jakte på i framtida, uansett kva nasjonal styresmakter måtte ønske, seier Svae

Dei fleste dyra lever i Halden og Aremark i Østfold, på grensa mot Sverige. Dyra har blitt observert så langt nord som Trøndelag. Også i landbruksfylket Innlandet er det villsvin.

Bonden Svein Amund Øvergård i Åsnes fekk besøk av ein villsvinfamilie i åkeren i fjor sommar:

Svein Amund Øvergård filma ein villsvinfamilie i åkeren i Åsnes

Foto: Svein Amund Øvergård

Om du skulle møte eit villsvin, bør du ikkje vere redd, seier forskar Inger Maren Rivrud.

– Dei er i utgangspunktet ikkje farlege, og dei er svært sky. Dei unngår gjerne menneske. Møter du et villsvin tilfeldig, har du flaks, seier Rivrud.

Publisert 15.11.2025, kl. 18.38

Read Entire Article