Vil skrote regjeringa sin turistskatt og innføre cruiseavgift

1 month ago 26



Turistnæringa har blitt svært viktige i mange norske bygder, men masseturismen slit også på fleire av dei mest kjente destinasjonane her til lands.

I dag kom Næringskomiteen på Stortinget med si innstilling til eit besøksbidrag, også omtalt som turistskatt.

Næringskomiteen foreslår eit besøksbidrag i Longyearbyen og ei cruiseavgift i heile Noreg, fortel saksordførar og medlem av næringskomiteen Bengt Rune Strifeldt (Frp) til NRK.

Frp ville sende saka tilbake

Dei var det einaste partiet som gjekk imot forslaget.

– Grunnen til at vi ikkje står bak innstillinga er fordi vi meiner at heile saka bør bli sendt tilbake til regjeringa. Då hadde ein fått vurdert alle løysingane grundig og greia ut konsekvensane før Stortinget vedtek ei lov som får konsekvensar for heile turistnæringa, seier Strifeldt.

– Vi er strålande fornøgd med at Stortinget no har snudd 180 grader opp ned på regjeringa sitt forslag. Vi har fått vekk hotellskatten og fått inn skatt på cruise, seier næringspolitisk talsperson Alfred Bjørlo i Venstre til NTB.

Saka skal opp i plenum på Stortinget neste veke.

Blanda meiningar

Dei siste åra har Noreg blitt eit stadig meir populært reisemål. Ifølge regjeringa blei 2024 eit rekordår for norske overnattingsverksemder med over 38 millionar besøkande.

Men masseturismen har også sine ulemper. Meir slitasje i naturen, forsøpling, turistar som bæsjar i hagar og utfordringar med ein infrastruktur som ikkje taklar alle dei besøkande.

Fleire turistkommunar har etterspurt ein slik turistskatt i Noreg, men det er stor usemje i korleis denne bør sjå ut. Samtidig fryktar enkelte konsekvensen av ein slik skatt.

Turistskatt er vanleg andre stader i verda. Over 20 europeiske land har allereie innført besøksbidrag.

Ville starte med Nord-Norge først

Regjeringa har sidan november i fjor kome med fleire forslag om korleis dette kan sjå ut.

I april la næringsminister Cecilie Myrseth fram eit forslag om at kommunane som vil kan legge på ei avgift på tre prosent for alle overnattingsturistar. Cruisetrafikken skulle ikkje vere med i første omgang.

en kvinne som smiler til kameraet

Næringsminister Cecilie Myrseth.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Forslaget møtte motstand frå reiselivsnæringa og opposisjonspartia.

For å imøtekome dette foreslo Myrseth og Ap si stortingsgruppe heller å innføre turistskatten gradvis i landet.

Dei ønska derfor å først starte med turistskatt i Nord-Norge og for cruisetrafikken. Ordninga skulle vere avgrensa til to år, før den skal bli evaluert på nytt.

I Nord-Noreg har fleire ordførar sagt dei er redde for at turistskatten ikkje vil få fleirtal på Stortinget.

– Må omfatte alle reisande

Geiranger er eit av reisemåla som har store mengder besøkande kvart år.

Ordførar i Stranda kommune, Einar Arve Nordang, er ein av dei som ønsker ein turistskatt. I fleire år har kommunen tatt til orde for å innføre ein slik skatt for å kunne handtere turiststraumen. Nordang øskjer å ha moglegheita til å setje ei avgift på dagsbesøk.

Ordføraren seier at ein god skatt må omfatte alle reisande, også dei som kjem med båt, buss og bubil, eller berre blir ein dag.

Publisert 27.05.2025, kl. 12.41 Oppdatert 27.05.2025, kl. 12.57

Read Entire Article