Vil melde Felleskjøpet til politiet for søndagsopne butikkar

6 hours ago 1



Våren har så smått byrja å gjera seg gjeldande rundt om i landet, og med det kjem det mykje pusling med hage og hus.

Dette vil Felleskjøpet gjera butikk på, og vil halde 36 butikkar søndagsopne i tida framover.

– Dette er eit tilbod kundane våre har etterspurd. For mange nordmenn er søndagen den store hagedagen, og det er viktig for oss å kunne tilby våre produkt også på desse dagane, seier konserndirektør for butikk i Felleskjøpet Agri, Lasse Erik Moen, i ei pressemelding.

– Brot på lova

Ved Felleskjøpet i Åsane i Bergen møter NRK forbundsleiar Christopher Beckham i Handel og Kontor.

– Her står det tre pallar med stemorsblomar utanfor døra. Dette er ikkje eit hagesenter, seier han.

Lilla, gule og blå stemorsblomster står til salgs i en hylle utenfor inngangspartiet til en butikk.

STEMOR: Dette er ikkje nok til å kalla seg eit hagesenter, meiner fagforeininga Handel og Kontor.

Foto: Gaia Øpsen / NRK

Hagesenter er blant dei som har unntak frå lovverket som seier at utsalsstader skal halde stengt på søndagar. Her er dei i godt selskap med til dømes små daglegvarebutikkar, bensinstasjonar, kunstgalleri og restaurantar.

En mann mer kort piggsveis, briller og allværsjakke står på en parkeringsplass. Mannen ser rett i kamera.

KRITISK: Handel og Kontor og leiar Christopher Beckham vil melda Felleskjøpet til politiet dersom dei held søndagsope.

Foto: Gaia Øpsen / NRK

– Me meiner difor at Felleskjøpet vil driva ulovleg, dersom dei held søndagsope. Me kjem til å melda butikkar som har ope til politiet. Søndagar skal vera ein fridag for dei tilsette, seier Beckham.

Vil ikkje selja gardsutstyr

Moen i Felleskjøpet seier at opninga av butikkane skal vera i tråd med gjeldande regelverk.

Mellom anna skal ikkje butikkane tilby varer som er retta mot næringsdrivande og gardsdrift.

Flere tilhengere står parkert på hjørnet av en Felleskjøpet-butikk. På veggen henger det også et skilt med logoen til selskapet John Deere.

TILHENGARAR: Dette får du ikkje kjøpt på Felleskjøpet på søndagar.

Foto: Gaia Øpsen / NRK

– Men me veit at også mange bønder nyttar søndagen til hobbydyrking og hagestell, og at det er slike varer me sel mest av i helgehandelen, skriv Moen i ei pressemelding.

I Åsane seier hovudtillitsvald i LO-utvalet i Felleskjøpet, Elisabeth Slethaug Nilsen, at ingen av dei tilsette der ønskjer å jobba søndagar.

– Blomar er absolutt ikkje det me sel mest av, seier ho.

En blond kvinne i blå hettegenser står utenfor inngangpartiet til en Felleskjøpet-butikk. Veggen bak henne er grønn, og man ser plantejord ligge til salgs.

VIL IKKJE JOBBA SØNDAGAR: Elisabeth Slethaug Nilsen seier dei tilsette helst vil ha fri på søndagar.

Foto: Gaia Øpsen / NRK

Etter planen skal dei tilsette jobba kvar fjerde søndag, fortel Nilsen.

– Det vil bli kompensert med 100 prosent tillegg. Det er det einaste positive i denne saka, seier ho.

Publisert 12.04.2026, kl. 08.15

Read Entire Article