Vil ikkje la seg skremme etter hyttebrannane: – Ein kan ikkje vere redd. Det går ikkje

15 hours ago 5



– Ein kan ikkje vere redd. Det går ikkje. Eg har i grunnen ikkje vore redd for at det skal skje noko medan eg er her oppe på hytta.

Trond Fiskerstrand overnatta på hytta si på Sulafjellet frå fredag til laurdag. Det var ei god oppleving sjølv om vêret var dårleg laurdag morgon.

Flaggvimpelen er heist opp på flaggstonga ved hytta. Fleire av hyttenaboane her har skaffa seg flaggstong. Flagga skaper samhald, men også tryggleik.

– Du markerer at du er her, og du veit at det er folk på dei hyttene der flagget oppe. Då veit du at du ikkje er åleine.

Trond Fiskerstrand er på hytta si på Sulafjellet

Trond Fiskerstrand overnatta på hytta. Men vêret var ikkje det beste laurdag morgon.

Foto: Privat / Trond Fiskerstrand

Fem hyttebrannar på tre år

Det har vore fem hyttebrannar på Sulafjellet dei siste tre åra. Ingen av brannane har blitt oppklart. Den siste brannen var natt til tysdag. Hytta var heilt nedbrend.

Hyttebrannane har skapt sjokk i lokalsamfunnet. Rykteflaumen har vore stor. Etter den siste brannen har det kome inn mange tips. Politiet sin hypotese er at nokon som har tent på, men dei har ingen mistenkte.

Etter den førre brannen blei saka lagt bort etter eit halvt år. Politiadvokat Magne Kvalvik i Møre og Romsdal politidistrikt seier det er krevjande å finne spor og bevis.

– Det har samanheng med at brannetterforsking alltid er vanskeleg, spesielt når åstadane rett og slett brenner opp og gjev oss lite spor å kome med.

EIn mann med lite hår, runde briller og politiuniform.

Politiadvokat Magne Kvalvik seier brannane har vore vanskeleg å etterforske.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Fekk sjokk då hytta brann ned

Den første hytta som brann ned på Sulafjellet, var hytta til Olav Hoff. Det skjedde i mars 2023.

Hoff hadde restaurert hytta som han hadde skaffa seg mange år tidlegare, og var nesten ferdig med arbeidet.

– Det mangla lite grann inne. Så er drog opp til hytta ein laurdag. Det var ei rar oppleving. Eg kunne ikkje sjå hytta då eg begynte å nærme meg. Då eg kom heilt fram var det berre ruinar. Det var eit sjokk.

Ei gamal branntomt på Sulafjellet, ein ser rester etter ei hytte og Ålesund i bakgrunnen.

Berre ruinane var igjen etter at hytta til Olav Hoff brann ned i 2023.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Gler seg til å ta den nye hytta i bruk

Også eit anneks som han eigde på Sulafjellet, brann seinare ned. No har det gått tre år sidan den første brannen. Olav Hoff har bygd seg ei ny hytte. Den er nesten ferdig.

Hoff gler seg til at hytta blir innflyttingsklar. Og han trur familien skal klare å kunne slappe av og kose seg i den nye hytta.

– Vi ser jo veldig fram til å kunne ta den nye hytta i bruk.

Trond Fiskerstrand er ikkje den einaste som har overnatta på hytta si på Sulafjellet natt til laurdag. Fleire hyttenaboar har gjort det same, og alle har heist flagget.

Fiskerstrand seier at samhaldet mellom hyttenaboane på Sulafjellet er godt. Det er forventa at du flaggar nå du er på hytta.

Fiskerstrand seier han også møter hytteeigarar som er redde for å overnatte. Sjølv er han ikkje skremd.

– Det handlar om tryggleik. Og så handlar det om fridomen ein opplever på hytta.

Publisert 03.05.2026, kl. 13.14

Read Entire Article