Ideen om at Norge skal stille som garantist for eit kjempelån frå EU til Ukraina på 140 milliardar euro har fått vind i segla.
Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) vil ikkje utelukke noko før forslaget er lagt fram, men éin ting avviser han:
– Det har vore forslag om at Norge skal garantere for heile beløpet. Det er ikkje aktuelt. Men at vi kan bidra, det får vi no sjå på avhengig av kva EU foreslår.
Beløpet tilsvarer drygt 1600 milliardar kroner, og lånet skal vere basert på fryste russiske middel som no står i ein belgisk bank.
Det er venta at Stoltenberg vil få spørsmålet når han møter EU-kommisjonen i Brussel i dag.
– Vi skal bi betydeleg støtte til Ukraina, men om vi skal gi det direkte som økonomiske gåver frå Norge eller via ei låneordning i EU, er ikkje noko vi kan ta stilling til før vi veit kva EU faktisk foreslår, seier han til NRK.
Fryste middel
Fleire EU-land ønsker å gi Ukraina eit såkalla reparasjonslån – eit slags rentefritt forskot på ei teoretisk erstatning frå Russland når krigen er over.
Russiske verdiar verd 140 milliardar euro blir no kontrollert i eit enormt bankbygg i mur og glas i Brussel. EU vil sende ein tilsvarande sum som eit lån til Ukraina.
Tanken er at Russland vil få pengane tilbake om dei betaler krigserstatning til Ukraina.
Lånet er eit heitt tema i EU, men Belgia held i bremsen.
Dei er uroa for reaksjonar frå Russland og at dei vil få eit erstatningskrav mot seg. Statsminister Bart De Wever krev at EU, som består av fleire allereie gjeldstyngde land, deler på risikoen.
Her kjem ideen om Norge som garantist inn.
Den blei først fremma av to norske økonomar, og har så fått gehør ute i Europa. Mellom anna hos Willy Søvndal, den tidlegare danske utanriksministeren som no sit i Europaparlamentet.
– Det her er jo ikkje berre eit EU-problem, men eit felles europeisk problem. Det handlar ikkje berre om at EU, men heile Europa og dermed Norge bidrar, seier han til NRK.
Norge har tent over hundre milliardar på ekstra inntekter frå gass etter at Russland gjekk til krig mot Ukraina.
– De tener gode pengar på krigen. Det er eit argument for at Norge bidrar, meiner Søvndal.
Finske Pekka Toveri, som også sit i parlamentet, seier også at Norge har moglegheit til å stille garantiar.
Publisert 12.11.2025, kl. 11.25 Oppdatert 12.11.2025, kl. 11.53

















English (US)