Vil ha varsel om telefonsvindel: – Dei tar alt

2 hours ago 2



– Vi veit at svindlarane pratar i timevis på telefonen med offera sine mens dei overfører meir og meir pengar, seier Terje Aleksander Fjeldvær, som er leiar for finansiell kriminalitet og sanksjonar i DNB.

– Dei tar alt du har. Alt som er tilgjengeleg blir borte.

Han sit saman med Elin Sandnes som er konserndirektør for teknologi og drift. Dei fortel om kundar som taper titusen og millionar av kroner.

  • Illustrasjon, anonym kvinne

    Svindla for 1,8 millionar

    Fekk hjelp frå ein «finansrådgjevar» til å sette opp ein investeringskonto. Da ho skulle ta ut pengane, fekk svindlarane tilgang til bankkontoen hennar og tømde den.

  • Illustrasjon, anonym mann

    Svindla for 1,7 millionar

    Først blei han lurt av ein «investeringsrådgjevar». Deretter blei han svindla igjen av ei kvinne som skulle «hjelpe» han med å få tilbake pengane.

  • Illustrasjon, anonym mann

    Svindla for 2,2 millionar i tre ulike bankar

    Svindlarane sa dei skulle hjelpe med å overføre pengar frå kontoar og fond, men tømde i steden kontoane etter å ha fått tilgang.

  • Illustrasjon, anonym kvinne

    Svindla for totalt 2,1 millionar

    1,6 millionar av desse blei overført etter at ho hadde trykt på ein annonse på Facebook og blei lurt til å investere i det ho trudde var kryptovaluta.

– Beløp er mindre relevant. Å miste alt er livsøydeleggande uansett kor mykje du har, seier Sandnes.

Dei har sett dokumentarserien Golden vs. Zuckerberg og er frustrert over korleis Meta lèt svindlarar komme i kontakt med nordmenn.

I dokumentarserien kan ein sjå korleis komikaren Johan Golden blir nedringd av utanlandske telefonsvindlarar. Målet er å få Golden til å gjere ei lita investering, først gjerne berre 2000 kroner.

Saman med hackaren Daniel Christensen legg Johan Golden igjen telefonnummeret sitt på ei side kjent for å bli brukt av nettsvindlarar. Det resulterer i totalt kaos på Golden sin telefon. Klippet er frå serien «Golden vs. Zuckerberg»

– Kundane er ikkje lettlurte, men svindlarane bruker mange manipulasjonsteknikkar. Dei veit korleis dei skal etablere tillit, seier Sandnes.

DNB håpar myndigheitene kan vere raske med å tillate teleselskap å dele informasjon om svindelforsøk.

– Vi er veldig for ei regelendring som tillèt det, seier Fjeldvær.

Datadeling kan stoppe svindel

I Storbritannia har teleselskapet Vodafone introdusert Scam Signal. Det er ei løysing som lèt bankane vite at ein av kundane deira er i ein samtale med eit mistenkeleg telefonnummer. Slik kan dei stoppe svindlar heilt i startgropa, før første investering er gjort.

Ein bank som testa det britiske systemet anslo at 30 prosent fleire telefonsvindelforsøk blei oppdaga som følge av Scam Signal.

NRK har snakka med fleire offer for telefonsvindel. Ein eldre mann frå Austlandet fortel at han tapte 3,7 millionar kroner og blei tvinga til å selje bustaden.

Han investerte først i ei fiktiv investeringsplattform og pengane gjekk tapt. Så blei han kontakta av eit selskap som skulle hjelpe han å få pengane tilbake. Det var da dei verkeleg store beløpa rann ut av kontoen.

Viser eit falskt skattekrav frå britiske myndigheiter.

For å få pengane tilbake måtte mannen betale ulike skattekrav og honorar på forskot. Dersom han betalte skulle han få 9,5 millionar kroner.

Dersom bankane hadde blitt klare over at han hadde lange telefonsamtalar med mistenkelege nummer og fortalt han om svindelforma, trur han livet ville vore annleis i dag.

– Eg ville stoppa med ein gong, seier han.

Slik kan det fungere

Når ein overfører pengar i ein norsk bank blir det gjort ei rekke automatiske risikovurderingar. Det kan handle om kven som får pengane, størrelsen på beløpet, eller at bankkunden gjer noko veldig uvanleg.

Her kan teleselskapa bidra med svært verdifull informasjon, fortel DNB.

Terje Aleksander Fjeldvær

Om DNB og dei andre bankane får informasjon så fort svindlarane ringer, kan pengeoverføringane stansast i tide, seier Terje Alexander Fjeldvær i DNB.

Foto: Patrick da Silva Sæther

– Vi kan få informasjon om kunden er i ein telefonsamtale og at telefonnummeret til motparten har nokre raude flagg. Da kan vi ta kontakt med kunden før transaksjon blir godkjent av oss. Slik kan vi avslutte heile svindelen før han har skjedd, seier Fjeldvær.

Det finst fleire tekniske skisser på korleis ei slik informasjonsdeling kan gå føre seg. I tillegg til Scam Signal, har det norske selskapet Utel eit liknande konsept.

Selskapet meiner løysinga deira kan takast i bruk utan ei lovendring, men at bankane vil få mindre detaljert informasjon. For eksempel berre at kunden har ein risiko-skår på 9 av 10 for telefonsvindel.

Bankar er utolmodige

I fjor haust kom eit forslag på høyring som opnar for at bankane kan dele informasjon for å få bukt med svindel med kvarandre, og til teleselskapa. Det er venta at forslaget vil bli implementert i norsk lov.

Finanstilsynet skriv i høyringsnotatet sitt at det ville styrkt arbeidet mot svindel dersom teleselskapa også kan ha lov til å dele informasjon.

DNB og Nordea er begge utolmodige etter å få tilgang til denne informasjonen.

– Det er klart at jo før, jo betre, seier Nordea-topp Marte Kopperstad til NRK.

Ho fortel at dei har hatt ein veldig bra prosess med myndigheitene om høyringsforslaget for bankane.

Ei viktig brikke var eit prosjekt i regi av Datatilsynet og Finanstilsynet som gjorde tydeleg kva for nokre juridiske moglegheiter og hindringar bankane har til å dele informasjon til svindelnedkjemping.

Til NRK har dei tre store teleselskapa fortalt at dei ønsker å dele meir, men at myndigheitene må på banen.

Øivind Kristiansen, svindelekspert i Telia Norge

Lova vernar telefonsvindlarar, meiner Øivind Kristiansen i Telia. Han ønskjer seg ei endring.

Foto: PRESSEFOTO

– Lovheimlane må bli tydelegare slik at dei ikkje vernar kriminelle på same måte som vanlege kundar. Den største hindringa ligg i det juridiske, det må opnast for større moglegheit til å dele data mellom dei ulike aktørane, sa Telias svindelekspert Øivind Kristiansen til NRK.

Kritiske til Meta

DNB meiner Meta, som eig Facebook, Instagram og WhatsApp, kunne gjort langt meir for å stoppe svindel.

– Det er for mange av kundane våre som har hamna inn i ein eller annan svindelsituasjon gjennom desse store sosiale medieplattformene, seier Elin Sandnes.

Ho meiner det ikkje står på teknologien, men viljen.

Meta har tent milliardar på å annonsere svindlar og forbodne varer, ifølge interne dokument nyheitsbyrået Reuters har omtalt. Selskapet skal også ha vore tilbakehaldne med å fjerne svindelannonsar.

Eit tiltak som gjer det vanskelegare å vise svindelannonsar, er å krevje at annonsøren verifiserer seg. Dette er noko Meta har stritt imot, ifølge Reuters. I dag gjer selskapet annonsørverifisering berre i dei to landa der det er lovpålagt – Taiwan og Singapore.

DNB har ikkje tru på at Meta vil gjere mykje meir for å stoppe svindel i Noreg utan å bli tvinga til det.

– Eg trur økonomiske incentiv er den einaste vegen å gå. Det er ikkje noko anna som verkar enn å redusere inntektene deira eller å gi dei bøter. For dei bryr seg jo ikkje om omdømme eller den typen ting, seier Fjeldvær.

NRK har lagt fram kritikken for Meta, men dei har ikkje svart på vår førespurnad.

Ein falsk Johan lurer uskuldige folk. Kan den ekte Johan få stoppa svindelen? Ikkje alle har trua.

Publisert 23.02.2026, kl. 21.59

Read Entire Article