Turar i skog og mark, konkurransar, opplæring i våpenbruk og sanitet.
Det er nokre av aktivitetane ungdom mellom 16 og 21 år har gjort i Heimevernsungdommen sidan 1945.
Men i 2016 blei Heimevernsungdommen lagt ned i store delar av landet på grunn av dårleg oppslutning.
Talet på deltakande ungdommar hadde falle frå om lag 2000 til 700, men tenesta blei vidareført i tre distrikt.
Heimevernet hadde då ungdomsgrupper i Oslo og Akershus, Trøndelag, Agder og Rogaland.
Men i haust gjenoppretta Finnmark HVU-gruppa si.
Og no vil Senterpartiet i Nordland gjenopprette dette tilbodet i heile landet.
– Dette handlar om både forsvarsevne og forsvarsvilje. Det er eit tiltak for ungdom som kan komme inn i militær struktur, lære seg ferdigheiter, lære seg skyting, kart og kompass, og feltliv, seier Bent-Joacim Bentzen, som er 1. kandidat for Senterpartiet i Nordland.
– Gode fellesskapsverdiar
Senterpartiet sentralt er også gira på å få fritidstilbodet på beina igjen.
Ifølge Forsvarets Forum er det sett av ti millionar kroner i langtidsplanen til forsvaret for å etablere tilbod til HV-ungdom fleire stader i landet.
Forsvarsminister Bjørn Arils Gram (Sp) sa til fagbladet at målet er å stimulere til fleire ungdomsgrupper og styrke rekrutteringa til Forsvaret.
– Eg vil påstå at det passar for dei aller fleste ungdommane som har interesse for friluftsliv og fellesskap.
Det seier tidlegare lokallagsleiar for Heimevernsungdommen i Nordland, Ola Morten Moe. Han kryssar fingrane for at det blir gjenoppretta og meiner tilbodet vil vere kjærkomme.
– Eg var heimevernsungdom sjølv. Sjølv om det er begynt å bli veldig mange år sidan eg var ungdom. Det vi gjorde var å greie oss utandørs, bu i telt og vere i lag. Dra lasset i lag, sanitet og samband. Slike gode grunnleggande fellesskapsverdiar, seier Moe.
Den tidlegare lokallagsleiaren for Heimevernsungdommen er no rektor ved Brønnøysund ungdomsskule.
Men kva seier ungdommane ved hans eigen skule om fritidstilbodet?
– Har ikkje tid
Elevane ved ungdomsskulen synest tilbodet høyrest bra ut, men er litt usikre på om dei vil nytte seg av det dersom det kjem.
– Eg har høyrt om at onkelen min var med i det ein gong for mange år sidan, seier Heine Rasmussen og legg til:
– Han sa det var artig og at dei gjorde mykje ulikt. At dei var på turar og fann på litt annleis ting.
Klassekamerat Aksel Lande Lund seier Heimevernsungdommen høyrast spennande ut. Men han er usikker på om han har tid til det.
– For det er ganske mykje anna som går føre seg, som fotball og handball. Det er prioriteringane mine akkurat nå, da, seier Lund.
Ville du vore med i Heimevernsungdommen?
Artem Lind i klassen deira kunne tenkjer seg å vere med i Heimevernsungdommen. Men som Lund, seier han at han er usikker på om kvardagen strekker til.
For han tek fotball og skulen all tida.
– Vi må jo få bra snitt og sånt.
Korleis har det gått i Finnmark?
Den gjenoppretta gruppa i Heimevernsungdommen i Finnmark hadde si første samling i oktober, og ifølge oberstløytnant Tomas Bakke, som er distriktssjef i HV-17, har dei fått bra respons.
– Det er veldig god motivasjon blant dei ungdommane som deltar
Hittil har dei i overkant 20 ungdommar i gruppa i Alta.
– Så langt gir dei uttrykk for at dette er spennande å vere med på.
Han seier dei starta opp att med Heimevernsungdom igjen med tanke på rekruttering og beredskap.
– Vi har starta heimevernsungdom både med tanke på rekruttering til utdanning i Forsvaret, men også med tanke på å auke beredskapsforståing i samfunnet generelt, og dessutan forståing for Forsvarets funksjon og oppdrag blant unge menneske.
Hittil har dei hatt to øvingar. I oktober hadde dei ei for alle medlemmane der dei fekk trene på basale feltferdigheiter og overnatta ute i telt.
Ifølge Bent-Joacim Bentzen i Sp er Heimevernsungdommen ein god skule til vidare karriere i Forsvaret.
– Eg har sjølv vore ni år i Forsvaret, og merka jo dei som hadde vore i Heimevernsungdommen, hadde jo eit grunnlag. Og mange av dei tok jo vidare karriere i Forsvaret og blei i Forsvaret. Og er det éin ting vi treng i dag, så er det folk som vil ta karriere i Forsvaret og vere i Forsvaret livet ut.
Publisert 13.12.2024, kl. 12.05