– Det er grunn til å tru at dette skipet, som er registrert på Cookøyene, har forårsaka skadar på Estlink-kabelen.
Det seier Ilkka Koskimäki, politiinspektør i finsk politi, på ein pressekonferanse torsdag. Skipet er frakta til finsk farvatn for vidare undersøkingar.
Finsk politi har tatt seg om bord på eit tankskip i Finskebukta, etter brotet på ein undersjøisk kraftkabel onsdag.
Skipet heiter «Eagle S», ifølge Aftonbladet, og var på veg frå St. Petersburg til Egypt. Det sigla under flagget til Cookøyene, som er ei øygruppe i Stillehavet.
– Noko rart på gang
– Vaktskipa våre reise til området såg at ankera ikkje var på plass på skipet, så det er ein tydeleg grunn til å mistenke at det var noko rart på gang.
Det seier Markku Hassinen i finsk grensekontroll på torsdagens pressekonferanse.
Han fortel at skipet fekk beskjed om å heise ankeret, og det blei klart at ankeret ikkje lenger var festa til skipet.
– På grunn av dette bad vi skipet forflytte seg til finsk farvatn, seier Hassinen.
Flyforbod
Tidlegare i dag blei det oppdaga tre nye kabelbrot i same området, ifølge det estiske nyheitsbyrået EER. Det skal vere snakk om kommunikasjonskablar.
Ifølge finsk politi blir saka etterforska som grovt hærverk.
Publisert 26.12.2024, kl. 13.23 Oppdatert 26.12.2024, kl. 13.35