Vil gjera åstaden for Jonestown-massakren til turistattraksjon

2 weeks ago 11



Den såkalla Jonestown-massakren har vorte kalla det største massesjølvmordet nokosinne.

18. november 1978 døydde 914 menneske, dei fleste etter å ha drukke gift på ordre frå sektleiaren Jim Jones.

276 av dei var born.

Felles for dei alle var at dei var medlemmar av sekten Folkets tempel, som heldt til i jungelen i det søramerikanske landet Guyana.

No vil styresmaktene i landet gjenopna området og gjera det til ein turistattraksjon, skriv nyheitsbyrået AP.

Ein av dei overlevande seier styresmaktene er i sin fulle rett til å tena pengar på det som skjedde.

– På den andre sida: Det at menneske vart manipulerte til å ta liva sine, burde verta handsama med respekt, seier Jordan Vilchez til nyheitsbyrået.

Jordan Vilchez

Jordan Vilchez budde i Jonestown, men var tilfeldigvis ikkje der då Jim Jones beordra alle til å ta sjølvmord. Den dagen mista ho to systrer og to nevøar.

Foto: Jeff Chiu / AP

Beordra medlemmene til å drikka gift

Sekten vart grunnlagt i USA i 1963. 14 år seinare tok sektleiaren med seg medlemmene sine til det nordvestlege Guyana.

Der budde sektmedlemmene heit isolert frå resten av verda, med væpna vakter rundt området.

I november 1978 kom kongressmannen Leo Ryan til Jonestown, med eit kamerateam på slep. Dei skulle undersøka fråsegner om at medlemmar ikkje fekk forlata området.

Då dei skulla reisa tilbake med fly vart Ryan og fire andre i følget drepne.

Kort tid etterpå beordra sektleiaren at medlemmane skulle drikka gift. Dei som nekta, vart skotne.

Giftflasker

Giftflasker funne på staden. Då medlemmene vart beordra til å ta sjølvmord, vart gifta blanda med druejuice.

Foto: AP

Jones fortalde dei at kongressmannen eigentleg var ein CIA-agent, og at amerikanske soldatar var i ferd med å førebu eit åtak.

I ettertid er det funne eit 45 minutt langt opptak kor ein kan høyra Jones seia at dette ikkje er eit sjølvmord, men ei revolusjonær handling.

– Forlat livet med verdigheit, ikkje med tårer og redsel. Stopp hysteriet, seier han mellom anna.

Jones hadde tidlegare gjennomført fleire «øvingar» på massesjølvmord.

Sjøvl døydde sektlairen av eit skot i hovudet, men styresmaktene veit ikkje om det var han sjølv som skaut.

– Ein grufull og bisarr idé

Jussprofessor ved Universitetet i Guyana, Neville Bissember, er svært kritisk til forslaget om å gjera området til ein turistattraksjon.

Han kallar det for ein grufull og bisarr idé.

– Kva del av Guyanas natur og kultur er representert på ein stad der eit massesjølvmord skjedde; kor amerikanske borgarar vart utsette for brot på menneskerettane, som ikkje hadde noko å gjera med Guyana? skriv Bissember i eit brev sitert av AP.

Turistminister Oneidge Walrond seier at han er kjend med «ei viss mengde motstand», men at dei likevel står støtt ved planane.

Det er reisebyrået Wonderlust Adventures som vil frakta turistar til området. Direktør Rose Sewcharran meiner tida er moden.

– Dette skjer over heile verda. Me har fleire eksempel på mørk, morbid turisme i heile verda, inkludert Auschwitz og Holocaust-museet, seier ho til AP.

Piloten som flaug kongressmannen Ryan og kamerateamet til Jonestown i 1978, er blant dei som støttar forslaget.

Er du interessert i utanriksstoff? Då kan du høyra på Urix på lørdag:

Publisert 09.12.2024, kl. 12.17

Read Entire Article