På oppløpet i sprintfinalen fredag var Kristine Stavås Skistad like suveren som vi har vore vant med å sjå ho dei siste åra, og ho tok ein overlegen siger i sesongopninga.
Etter løpet var ho likevel mistilfreds. Ikkje med sigeren, men med eit gult kort ho fekk litt tidlegare på dagen.
– Då var eg ikkje særleg nøgd med meg sjølv, seier Skistad til NRK og held fram:
– Eg trur eg må få meg eit gult kort i morgon.
Gult kort i langrenn er på mange måtar det same som vi kjenner det frå fotball. Ei åtvaring frå dommarane. Eller juryen i langrennssamanheng.
Og nettopp slike gule kort kan bli skjebnesvangre seinare i sesongen, og difor varslar Skistad eit nytt gult kort laurdag.
Rennleiar på Beitostølen Torbjørn Broks Pettersen åtvarar Skistad om å planlegge å bryte reglane.
– Eg vil rå henne frå å gamble, for ho kan fort ende opp med eit raudt kort, seier Pettersen til NRK.
SUVEREN: Kristine Stavås Skistad vann suverent.
Foto: Terje Pedersen / NTBKvartfinale-trøbbel
Det var i kvartfinalen tidlegare på dagen at Skistad fekk det gule kortet frå juryen.
For i bakken inn mot stadion kryssa ho framfor ein konkurrent og gjekk over skia hennar på ein ulovleg måte.
– Det er i grenseland, faktisk. Ho kryssar over skia. Det er ikkje etter reglementet, kommenterte NRK sin ekspert Fredrik Aukland.
– Det var eit ekstremt dårleg val av meg å plutseleg gå ut der. Så da blei eg sur, seier Skistad til NRK.
I etterkant av kvartfinalen gjekk juryen inn og gav Skistad gult kort for obstruksjon. Det kortet tek ho med seg vidare inn i verdscupsesongen.
Og det er nettopp for å sleppe å ta med seg det gule kortet til Ruka neste helg at Skistad fredag varsla at ho planlegg å bryte regelverket også laurdag.
– Vil du ta eit gult kort for å unngå det i verdscupen?
– Eg tar gult kort i morgon, så eg må finne ut korleis.
– Du har bestemt deg for at du skal til skøytetak for å få det?
– Ja. Eg må søke tips hjå dei som er gode, seier skistjerna.
Rennleiar åtvarar
Rennleiaren har fått høyre kva Skistad planlegg for laurdag og er tydeleg på at det er ikkje noko han anbefaler.
– I morgon er det klassisk, ho kan jo obstruere nokon. Ho kan ikkje ta ei tjuvstart. Det er fort gjort å bli diska om du er uryddig og skøyter, då kan du få raudt kort og ikkje berre gult, seier Pettersen og held fram:
– Det er ikkje berre å bestille eit gult kort, juryen deler ikkje berre ut gule kort.
Ansgar Evensen, som vart nummer to i sprinten for karane fredag, er derimot positiv til Skistad sin plan.
– Det høyrest veldig smart ut. Det hadde eg gjort sjølv om eg fekk gult kort, seier Evensen.
NRK sin ekspert Pål Golberg ser heller ikkje noko problem med ein slik manøver som Skistad varslar.
– Det er heilt riktig tenkt, ho er ei smart jente. Eg ser ikkje heilt problemet med det, seier Golberg.
– Ikkje usportsleg?
– Nei. På ståande fot her og no, nei. Det å vere open om det og seie det er éin ting, men det er mange som har gjort det før utan å få reprimandar for det. Det kan ikkje vere annleis når ho seier ho skal gjere det.
– Det held vel med eit ekstra skøytetak framfor eit jurymedlem?
– Ja, ho må ta i litt ekstra, då. Det er ein måte å utnytte systemet på, men så vidt eg veit er det lov, seier Golberg.
Weng forbanna
Lotta Udnes Weng vart nummer fire i sprinten, bak Skistad som vann, Hedda Bakkemo på 2.-plass og Ane Appelkvist Stenseth på 3.-plass.
Og Weng var rett og slett veldig sint etter rennet.
– Eg bryr meg ikkje om at eg blei nummer fire, men når ein kjem opp siste bakken og må dytte unna trenarar og leiarar som heiar, då fyrer det opp noko i meg som eg ikkje visste at eg hadde. Eg blir ... Ja, det er ikkje lov, seier Weng til NRK.
– Eitrande forbanna, kan du seie?
– Ja, eg skreik på dei og dytta dei, men eg veit ikkje korleis dei ser ut, så flaks for dei at eg ikkje kjem til å kjenne dei igjen.
– Det var ein utgåve av Udnes Weng som i alle fall ikkje eg har sett før, seier NRK sin ekspert Fredrik Aukland.
HINDRA: Lotta Udnes Weng vart forbanna etter dette.
– Ingen plass i eit skirenn
Therese Johaug kunne derimot dele at ho har lagt merke til temperamentet til Weng før.
– Eg skjønner Lotta utruleg godt viss det står trenarar og leiarar i vegen der. Ho tok sporet heilt til sida, det er der dei står og sekunderer, og viss dei er litt tett på, og ho ikkje får den plassen, så hadde eg blitt forbanna sjølv, eg, altså, seier Therese Johaug.
Pål Golberg, som også jobbar som ekspert for NRK, skjønar godt frustrasjonen og sinnet til Weng.
– Der er eg heilt einig med Lotta. Det der har ingen plass i eit skirenn. Der kjem kjenslene utanpå kroppen hos sekundantane, så det der må dei berre innfinne seg med var gale, seier Golberg.
Og da Weng kom lenger ned i intervjusonen hadde var ho framleis like forbanna.
Ho forklarar at ho måtte rope på dei som stod i vegen vegen.
– Eg må først rope at dei må flytte seg. Så må eg gi dei ein olboge, olboge har eigentleg mest lyst til å gå og kjefte litt på dei akkurat no. Eg føler eg er ganske snill av meg, men slike ting blir eg forbanna på. For det kostar meg pallplassen i dag. Eg må gå utan stavar i ti meter for å brøyte unna folk i staden for å gå fort, seier Weng til NRK og held fram:
– Så det er klart, det er sesongopning på Beitostølen. Det er ikkje VM, men eg blir like sur uansett. Eg klarar ikkje å kjenne dei igjen viss eg ser dei, og det skal dei vere glade for.
Teknisk leiar for arrangøren Torbjørn Broks Pettersen seier følgjande om hendinga:
– Juryen har ikkje sett det, vi har berre høyrt det frå Lotta i ettertid. Det er kjedeleg at ho synest det er for trongt. Det positive er at vi har så mykje publikum på Beitostølen at dei dessverre kjem for nærme. Det er synd for Lotta, men slikt skjer, seier Pettersen.
Overlegen Skistad
Men det var altså Kristine Stavås Skistad som var den suverene vinnaren i sesongopninga.
– Skistad er suveren i dette finaleheatet. Set fart over den siste bakketoppen. Ho er i rute, kommenterte NRK sin ekspert Fredrik Aukland.
Skistad sjølv var også tydeleg tilfreds.
– Gratulerer, Kristine. No kan du smile og slappe av.
– Ja, no skal eg kose meg, seier Skistad til NRK.
I finalen til herrane var Johannes Høsflot Klæbo omtrent like overlegen som Skistad.
– Klæbo gjør som han pleier, seier NRKs kommentator Jann Post.
Han tok sigeren framfor Ansgar Evensen på 2.-plass og Erik Valnes på 3.-plass.
SUVEREN: Johannes Høsflot Klæbo var suverent best.
Laurdag står 10 kilometer klassisk for både kvinner og menn på Beitostølen på programmet. Det ser du på NRK frå klokka 10.00.
Publisert 21.11.2025, kl. 14.57 Oppdatert 21.11.2025, kl. 15.59














English (US)